Her kjem 400 år med forsking

Publisert

Gåande inn til doktorpromosjonen i Håkonshallen i dag kom hundrevis av år med forskingsarbeid.

Tung kunnskap på unge, internasjonale skuldre er stikkord for doktorpromosjonen i Håkonshallen i ettermiddag.

Tre og fire år

116 stipendiatar avla doktorgrad på Universitetet i Bergen i løpet av vårsemesteret. Ei doktorgrad med ekstern finansiering varer vanlegvis i tre år, mens doktorgradene frå universitetet varer i fire år, inkludert tid til undervisning. Dermed representerer dei nye doktorane kring 400 årsverk med forskingsarbeid.

Vid kunnskap
Og forskingstemaa er høgst varierte: Ragnhild Schrøder Nisi har funne ut meir om jordiske gammaglimt. Ragnar Urheim har forska på årsaker til nedgang valdsrate ved Regional tryggleiksavdeling ved Sandviken sjukehus. Sara Ghaderi har utforska seinfølgjer etter kreft i ung alder. Synnøve Økland Jahnsen har forska på norsk prostitusjonspolitikk og menneskehandel. Steinar Fredriksen har gitt oss ny kunnskap om politiinngrep i den personlege fridomen. Silje Hole Hommedal har skrive avhandling om kjønnsperspektiv ved dataspel.

Internasjonalt
Nær halvparten av de nye doktorene ved UiB er utenlandske. Et tegn på vellykket internasjonalisering, meiner rektor.

­– Vi har blitt rikare av at de har vore til stades her. Og vi håpar at nokre av dykk vil halde fram den akademiske karrieren dykkar her i Bergen, sa rektor Dag Rune Olsen i sin tale til doktorane.

Han trur dei kan sjå fram til mange, interessante oppgåve r i samfunnet framover.

– Det er eit underskot på doktorandar i akademia dei kommande åra, og det er eit reelt behov for dykk utanfor sektoren òg.