Fleire av doktorgradsstudentane som Det humanistiske fakultet (<span class="caps">HF</span>) trudde hadde gitt opp, overraska med å levere avhandlinga i fjor. Totalt hadde UiB ei auke på fjorten doktorar samanlikna med tal frå 2012. (Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien og Ida Bergstrøm)
Fleire av doktorgradsstudentane som Det humanistiske fakultet (HF) trudde hadde gitt opp, overraska med å levere avhandlinga i fjor. Totalt hadde UiB ei auke på fjorten doktorar samanlikna med tal frå 2012. (Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien og Ida Bergstrøm)

– Fleire disputasar enn venta

Norske institusjonar utdanna i alt 1523 nye doktorar i 2013. UiB er blant dei som aukar mest.

Den ferske NIFU-rapporten «Doktorgrader i tal» viser at UiB utdanna 265 doktorar i 2013. Dette er fjorten fleire doktorgrader enn i 2012.

Doktorgrader i 2013

Doktorgrader ved UiB i 2013:

  • Det medisinsk-odontologiske fakultet: 115
  • Det matematisk-naturvitskaplege fakultet:  73
  • Det humanistiske fakultet: 32
  • Det samfunnsvitskaplege fakultet: 23
  • Det psykologiske fakultet: 19
  • Det juridiske fakultet: 3

Kjelde: dbh.no

Alle institusjonar:

  • Medisin og helsefag: 485
  • Matematikk og naturvitskap: 360
  • Samfunnsvitskap: 279
  • Teknologi: 193
  • Humaniora: 142
  • Landbruksfag og veterinærmedisin: 64

Kjelde: NIFU

– Dette er vi godt nøgde med, seier prorektor Anne Lise Fimreite til På Høyden.

Ho hadde venta at talet skulle vere lågare.  

– Det er eigentleg fleire enn det som var forventa. Ut frå opptakstala var det spådd ein svak nedgang i 2013, seier Anne Lise Fimreite.

Offensiv satsing
Medisin og helsefag er det klart største fagområdet, dersom ein legg talet på disputasar til grunn.
Ser ein Norge under eitt, er talet på avlagte doktorgrader innan medisin og helsefag 485. Også ved UiB er MOF absolutt leiande.

– Ut frå opptakstala var det spådd ein svak nedgang i 2013.

– Auken i talet på avlagte doktorgrader ved UiB har i  hovudsak vore på MOF, med tolv fleire enn i fjor.  Er dette som venta?
– Det er det. MOF er vårt største fakultet. Dei har også hatt ei offensiv satsing på forskarutdanning dei seinaste åra, blant anna gjennom den såkalla Forskarlinja. Her kan studentar velje eit ph.d.-løp allereie tidleg i profesjonsstudiet på medisin.

– Litt tilfeldig
Også ved Det humanistiske fakultet var det ein auke. Her blei det avlagt fire fleire enn i 2012.

Går ein nokre år tilbake tid, kan ein sjå at mens talet på disputasar er relativt stabilt ved fleire fakultet, har talet på disputasar ved HF auka frå 19 i 2010 til 32 i 2013.

– Kva har ein gjort for å få til dette?

– Talet på ph.d.-kandidatar har auka dei siste åra. Dette fører til fleire disputasar. At det vart 32 disputasar på HF i 2013 er nok litt tilfeldig. Fleire ph.d.-kandidatar som har heldt på lenge, og som fakultetet eigentleg trudde hadde gitt opp, disputerte. Andre leverte så tidleg i 2012 at dei burde disputert innan årsskiftet, men av ulike årsaker blei disputasane flytta til 2013, seier prorektor Anne Lise Fimreite.

Ho minner om at små variasjonar kan gje store utslag på statistikken.

– Generelt er det så pass få disputasar per år ved fleire av fakulteta våre, at det som eigentleg er naturlege svingingar kan sjå ut som dramatiske variasjonar.

At det vart 32 disputasar på HF i 2013 er nok litt tilfeldig.

Små endringar på landsbasis
Tala frå Doktorgradsregisteret viser at det blei gjennomført i alt 1523 disputasar i 2013. Dette er 62 fleire enn i 2012, og ein auke på fire prosent. Mellom 2011 og 2012 var auken på ti prosent.

Auken i talet på ferdige doktorar er størst ved UiB, UiO, Universitetet i Tromsø og Norges veterinærhøgskule. NTNU hadde ein liten nedgang i talet på disputasar. I fjor disputerte 374 personar ved NTNU, i år var talet 371. Til liks med NTNU var det berre små endringar i doktorgradstalet ved dei andre utdanningsinstitusjonane i landet.

«Godkjent»-stempel frå NOKUT
I 2013 evaluerte NOKUT systemet som skal kvalitetssikre ph.d.-utdaninga ved UiB. Evalueringa vart nyleg godkjent av styret til NOKUT.

– Hovudkonklusjonen er at UiB har eit godt og tilfredsstillande kvalitetssikringssystem i forskarutdanninga, seier Anne Lise Fimreite.

Men UiB fekk også enkelte tilrådingar om kva som kunne gjerast betre.

– Dette dreier seg mellom anna om å inkludere ph.d.-studiet formelt i kvalitetssikringssystemet ved UiB, utforminga av midtvegsevalueringa, fleire kurs for rettleiarar, same nemningar og organisering på tvers av fakultet og å innføre same karakter for opptak til studiet ved heile UiB.