Einkvar doktorgrad er ulik, men studentane må gjennom dei same fasene for å bli akademisk sjølvstendige. Instituttleiar Petter Bjørstad teiknar og forklarer. Foto: Ida Bergstrøm
Einkvar doktorgrad er ulik, men studentane må gjennom dei same fasene for å bli akademisk sjølvstendige. Instituttleiar Petter Bjørstad teiknar og forklarer. Foto: Ida Bergstrøm

Her fullfører ni av ti stipendiatar

Petter Bjørstad, leiar ved Institutt for informatikk, fortel om kva som er suksessoppskrifta, om dei vanskelege forseinkingane, og om den store muren som alle må møte.

Her startar ein med prosjektet, seier Petter Bjørstad, og peikar på null-punktet.

Doktorgrader i Norge

  • I alt 1 448 personar disputerte i 2014.
  • Våren 2014 var det over 9300 doktorgradsstudentar i Norge.
  • 38 prosent av desse blei finansiert av grunnbudsjetta til institusjonane.
  • 20 prosent blei finansiert av Forskingsrådet.
  • 42 prosent fekk pengar frå andre eksterne finansiseringskjelder.
  • Av dei kandidatane som blei tatt opp på eit doktorgradsprogram i 2008, hadde 65 prosent disputert seks år seinare.
  • Ein reknar med at ein doktorgrad kan gjerast ferdig på tre eller fire år, avhengig av om ein har ekstern finansiering eller blir finansiert av institusjonane, og har eit år med pliktarbeid.
  • Det er eit nasjonalt mål at mellom 75-85 prosent (avhengig av fagområde) skal fullføre etter seks år.
  • Dei siste fire åra har talet vore mellom 63 og 43 prosent

Han er instituttleiar ved Institutt for informatikk. På tavla på kontoret har han teikna eit diagram. Nedst til venstre, der dei fleste studentar startar, har ein låg kompetanse og er lite sjølvstendig. Litt uti prosjektperioden skrår kurva langsamt oppover. Den viser at både kompetanse og sjølvstende er aukande.

– Men så! Her kjem ein til ein mur!

Petter Bjørstad teiknar ein tjukk strek.

– Dette er ein mur av frustrasjon. Og her må ein forbi! Dette er vanskeleg, det er tungt, og det er fortvilande. Men det er også noko av det som modnar deg som menneske og som forskar, seier Petter Bjørstad.

Han peikar på knekken i kurven som kjem etter Muren. Her skyt både kompetanse og sjølvstende i vêret. Samtidig viser tids-aksen at det er lite tid igjen fram mot disputas.

Stort fråfall ved NTNU og UiO
Ni av ti doktorgradsstudentar ved Institutt for informatikk trer heilskinna ut av diagrammet øvst i høgre hjørnet, der kompetanse og sjølvstende er på topp.

Den høge gjennomføringsgraden ved UiB skil seg markant frå tala frå Universitetet i Oslo og NTNU.

I 2015 hadde forsking.no ein større artikkelserie om doktorgrader som ikkje bli ferdige. Forsking.no henta tal frå Norsk samfunnsvitskapleg datateneste (NSD) og gjekk gjennom statistikken over dei som starta med doktorgrader i informatikk i 2006 og 2008.

Tala viser at 57 prosent av de som starta på doktorgraden ved NTNU har fullført.  Av dei som starta på ein doktorgrad i informatikk ved UiO har 64 prosent stått løpet ut.  

Suksess-instituttet
Regjeringa har sett som mål at 85 prosent av dei som startar på ein doktorgrad i informatikk, skal gjennomføre. Bergen innfrir, med sine 89 prosent.

 Det gjer ikkje Oslo og NTNU.

– Eg var sjokkert over dei store forskjellane mellom institutta, seier Petter Bjørstad til På Høyden.

– Det er ikkje noko enkelt å ta ein doktorgrad i informatikk på dette instituttet.

Men studentane ser ut til å bli. «Kjem'n te Tynset så trivs'n» er slagordet til Hedmarkskommunen Tynset. Det same kunne kanskje seiast om Institutt for Informatikk.

Institutt for informatikk ved UiB er kåra til det beste i landet, i ei evaluering gjort av Forskingsrådet i 2012. Dei kom også best ut i en mastervurdering av tidlegare studentar i regi av NOKUT.

Instituttleiar Petter Bjørstad meiner nøkkelen til instituttets suksess ligg i den høge kvaliteten på forskinga.

– Evalueringar frå Forskingsrådet viser at det er solid kvalitet på forskinga vår. Våre tilsette er på eit høgt og internasjonalt nivå. Dei har gode nettverk. Dette fører til at vi får mange og sterke søknader når vi søkjer etter stipendiatar. De som kjem hit er motiverte, og har gode forkunnskapar, seier han.

Sjølv om nokon viftar med ein million i årsløn, takkar dei nei

Lett å bli ein del av fellesskapet
Det faglege miljøet doktorgradsstudentane imellom er også ein viktig dimensjon, meiner Peter Bjørstad.

– Du får fort ei samkjensle med forskingsgruppa di, og ei kjensle av å høyre til flokken. Her er det fleire som deg, som er dyktige og motiverte, og som du kan dele faglege utfordringar med. Når studentane kjem hit og ser kvar lista ligg, vil dei fleste gjere sitt beste for å kome på nivå med dei andre.

– Kvalitetssikra inntak og fagleg integrering, altså. Er suksessformelen så enkel?

– Nei. Ikkje alle kan eller skal ta ein doktorgrad. Som doktorgradsstudent må du gjere vitskapleg nybrottsarbeid og kome i mål sjølv. Nokre har ikkje den evna til å jobbe sjølvstendig og løyse problemstillingar.

Tilstandsrapporten for høgare utdanning som Kunnskapsdepartementet gir ut, viser at berre 65 prosent av dei som startar på ein doktorgrad er ferdig etter seks år.

– Kva gjer de når de ser at ein student ikkje heilt får det til?
– Når vi ser at ein student er i ferd med å sakke akterut, prøver rettleiar å snakke med vedkomande. Ein blir fortalt kvar skapet må stå, og kva som må gjerast for at arbeidet skal bli gjort. Ser ein ikkje endring, blir det sett opp eit formelt møte, der ein i fellesskap blir einige om mål og delmål som bør nåast. Vi set opp ein tidsfrist, gjerne på seks månader. Studenten blir gjort merksam på kva som er realistiske og rimelege krav vedkomande må innfri. Ein blir også einige om at dersom desse ikkje vert innfridd, er konsekvensen at ein må avslutte arbeidet. Det har skjedd, seier Petter Bjørstad.

Student og rettleiar, eit skjebnefellesskap
Petter Bjørstad har trua på det særeigne forholdet mellom rettleiar og student.

– Dei har ei gjensidig interesse av at doktorgradsstudenten skal gjere det bra. Dei to får eit skjebnefellesskap. Sluttar kandidaten, er det problemstillingar som ikkje blir løyst. Og det er ei ripe i lakken for den enkelte rettleiar. Begynner ein med komitear og fleire rettleiarar er det lett for at ansvaret vert pulverisert.

– Er ikkje ordninga med to rettleiarar ei innretning for kvalitetssikring, og som kjem studenten til gode?

– Det kan skjere seg, det er klart. Då er oppskrifta å få ein ny rettleiar på plass, og å redde prosjektet.

Sluttar kandidaten, er det problemstillingar som ikkje blir løyst.

Når Muren blir for bratt
Muren som Petter Bjørstad teikna inn i diagrammet, kan for enkelte vere uoverstigeleg. Privatlivet kan gå på tverke. Helsa kan hangle. Ein kan bli så motlaus og nedstemt av doktorgradsarbeidet at ein gir opp heile prosjektet. Likevel: Tala fortel at dei fleste fullfører. Og i Bergen skjer det på kortast tid.  

72,6 prosent av dei som starta på ein doktorgrad ved UiB i 2008 hadde disputert seks år seinare, altså i 2014. Ser ein universiteta under eitt, er dette talet høgast i landet. Dårlegast gjennomstrøyming har  Universitetet i Tromsø, kor 50,4 prosent har fullført etter seks år. Dette viser tal frå Tilstandsrapport for høgare utdanning.

Det er eit politisk mål å få flest mogleg gjennom innan fire år inkludert pliktarbeid, eller tre år dersom prosjektet er eksternt finansiert. UiB er nærmast målet.

– Sjølv om alt tilsynelatande ligg til rette for at ein skal gjennomføre, vil nokre alltid falle ut, av ulike grunnar. Det er først og fremst ugreitt for kandidaten, men også for forskingsgruppa og instituttet. Doktorgradsutdanninga er kostbar. Droppar nokon ut, har samfunnet brukt skattepengar på å investere i eit arbeid som ikkje gjev nokon avkasting.

– Inga utdanning er bortkasta, heiter det?
– Jau. Men her er suksesskriteriet at ein faktisk står løpet ut, leverer og disputerer. Difor er eg opptatt av dette skjebnefellesskapet mellom student og rettleiar.

– Forseinkingar av ein kvar art er potensielt kritiske
– Foreldrepermisjonar og lange sjukefråvere er ikkje nødvendigvis showstopparar, seier Peter Bjørstad.

Men han er klar på at alt som gjer at ein kandidat blir forseinka, kan få konsekvensar for prosjektet.

– Forseinkingar av ein kvar art er potensielt kritiske. Doktorgradsstudentane er her for å få landets høgste utdanning. Vi betaler folk for å få ein kompetanse. Og dei kan ikkje tru at det er ein ni-til-fem-jobb.

– Skal det ikkje vere mogleg å få barn, bli sjuk eller av andre grunnar måtte gå på halv maskin mens ein er doktorgradsstudent, utan at heile avhandlinga blir hengande i ein tynn tråd?

– Skal ein student ha foreldrepermisjon, får vedkomande sjølvsagt det. Eg har sjølv vore opponent på disputasar der kandidaten har hatt to svangerskapspermisjonar i doktorgradsperioden, og det gjekk heilt fint. Men det er utvilsamt slik at når det oppstår forseinkingar, så er det problematisk. Nokre prosjekt har tidskritiske faktorar. Blir det forseinka, kan det til dømes vere at kollegaer i Tyskland løyser problemstillingane før vi greier det.

Dei kan ikkje tru at det er ein ni-til-fem-jobb

Doktorgrad eller millionlønn?
Statssekretær Bjørn Haugstad forklarer noko av fråfallet med at kandidatane er ettertrakta av arbeidsmarknaden. Mange takkar ja til raust betalte jobbar, og lar trasig avhandlingsarbeid bli igjen på universitetet.

– Dette veit eg ikkje hundre prosent, men eg trur at dei fleste som søker seg inn på ein doktorgrad her,  gjer det fordi dei vil ha doktorgraden herifrå. Sjølv om nokon viftar med ein million i årsløn, takkar dei nei. Ein veit at det vil kome minst like gode  jobbtilbod når  doktorgraden er i boks, seier Petter Bjørstad.