Ho disputerte som 65-åring

I fjor haust var det 93 kandidatar som disputerte ved UiB. Ei av dei var 65 år gamle Berit Westergaard Bjørlo.

– Det viktigaste er å la dei unge ta doktorgrad, dei kan halda fram med eit langt forskingsløp. Men dei av oss som er eldre når me får doktorgradsstipend, har med oss andre røynsler.

Det seier Berit Westergaard Bjørlo. 65-åringen disputerte i desember med avhandlinga «Ord og bilder på vandring. Bildebøker som gjenskaper dikt og bildekunst». Bjørlo var ein av i alt 93 kandidatar som disputerte i haustsemesteret 2018. Fredag var dei samla til høgtideleg doktorpromosjon i universitetsaulaen.

Dikt for vaksne - i barnebøker

Bjørlo vart tilsett ved lærarutdanninga ved dåverande Høgskolen i Bergen i 2007, og fekk doktorgradsstipend fire år seinare.

– Eg fekk meir tid til å fordjupa meg og ei moglegheit til å få meir tid til forsking, seier Bjørlo som forklaring på kvifor ho som såpass vaksen gjekk i gang med ei doktorgrad.

Ho seier at det var og er eit sterkt miljø for barnelitteraturforsking ved det som no heiter Høgskulen på Vestlandet. Sjølv ville ho forska på biletbøker, og tok føre seg både illustrerte diktbøker og bøker der kunstverk frå kunsthistoria vert integrert i forteljingar.

– Når det gjeld diktbøkene, valde eg bøker der dikt som eigentleg er skrivne for vaksne vart brukt i biletbøker. Det er interessant å sjå på korleis dikt på denne måten kan både nå nye lesargrupper, og òg korleis illustrasjonane formar leseopplevinga og forståinga, seier Bjørlo, og viser til Jakob Sande sitt dikt om gåsa, katten og hanen som reiste ut i verda. I biletboka er det reiseaspektet som er særleg lagt vekt på.

Berit Westergaard Bjørlo skreiv doktorgrad om biletbøker, og skryt av forskingsmiljøet ved HVL. Foto: Tor Farstad
Berit Westergaard Bjørlo skreiv doktorgrad om biletbøker, og skryt av forskingsmiljøet ved HVL. Foto: Tor Farstad

– Sjølv har eg òg fått eit djupare forhold til dikta gjennom dette prosjektet, legg ho til.

Førsteamanuensis

Bjørlo var teken opp som ekstern stipendiat ved UiB. Det betyr at det var høgskulen som betalte løna hennar. Ho hadde hovudrettleiar ved høgskulen og birettleiar ved UiB. No har HVL sjølv fått eige stipendiatprogram knytt til lærarutdanninga.

Bjørlo hadde pliktarbeidet sitt ved høgskulen. Slik fekk studentane òg nyta godt av den faglege fordjupinga hennar.

– Eg var med i ei tverrfagleg stipendiatgruppe ved høgskulen. Om lag halvparten av oss var minst 40 pluss, seier ho.

No har 65-åringen fått tittelen førsteamanuensis, og håpar på meir tid til både forsking og publisering.

– Det er gjort lite på feltet illustrerte dikt, så eg håpar å kunne publisera meir om emnet. Eg er òg med i ei forskargruppe, så eg satsar på å forska og undervisa nokre år til, smiler ho.

Flest kvinner

Dersom ein ser nærare på dei som disputerte ved UiB i fjor haust, er mange i første halvdel av 30-åra. Men det finst òg fleire som har passert både 40 og 50 år. 56 prosent av dei som disputerte er kvinner, og 42 prosent har utanlandsk statsborgarskap. Dette viser tal frå forskingsadministrativ avdeling. Totalt hadde UiB 226 disputasar i 2018. Dette er på same nivå som dei siste åra.