Ernæringsekspertane Oddrun Anita Gudbrandsen (øvst) og Jutta Dierkes jobbar begge ved klinisk institutt 1 i Bergen, og har stålkontroll på alt som har med kosthald å gjera. Dei meiner begge at det er essensielt å ha ei jamt over godt og normalt kosthald dersom ein skal lukkast som student. Foto: Pixabay / UiB
Ernæringsekspertane Oddrun Anita Gudbrandsen (øvst) og Jutta Dierkes jobbar begge ved klinisk institutt 1 i Bergen, og har stålkontroll på alt som har med kosthald å gjera. Dei meiner begge at det er essensielt å ha ei jamt over godt og normalt kosthald dersom ein skal lukkast som student. Foto: Pixabay / UiB

Dette bør du eta for å prestera best mogleg på eksamen

Er det mogleg å eta seg til ein betre karakter? Mange er opptekne av korleis dei kan toppa formen fram mot eksamen. Å få i seg rett type mat, er ein god plass å starta.

Publisert

Sjokolade? Nei. Eple? Ja. Energidrikk? Nei. Grovbrød med brunost? Ja.

Ernæringsprofessor Jutta Dierkes har klare meiningar om kva ein bør og ikkje bør eta for å prestera optimalt på eksamen. Men det beste rådet ho kan gi, handlar ikkje om det.

Kosthaldstips til studentar:

Fokuser på å ha eit variert, godt og sunt kosthald gjennom heile studietida

Det er vel så viktig å ha eit god kosthald når ein skal ta til seg læring, som når ein skal opp til eksamen

På eksamensdagen bør ein fokusera på å halda blodsukkeret jamt og stabilt. Måten å gjera dette på er ikkje å eta mykje sukker undervegs på eksamen, men halda seg til enkle fullkornsprodukt og til dømes frukt

Ver mest mogleg utkvilt på eksamensdagen (ikkje sitt oppe og drikk kaffi natta i førevegen)

Føler ein seg trøytt og tom for energi mot slutten av eksamensdagen, kan ein eta ein sjokolade eller liknande for å gje kroppen og hovudet eit «boost» heilt på slutten

Ikkje tenk at sunn mat er dyr mat. Det finnast mange rimelege og sunne alternativ til dyr og mindre sunn hurtigmat

— Kva ein får i seg er ein ting. Men det aller, aller viktigaste er at ein et nok. Ein må ikkje stilla på eksamen utan å ha ete frukost, fastslår Dierkes.

Dierkes er professor i klinisk ernæring ved klinisk institutt 1 i Bergen. Ho ser på det å ha eit stabilt blodsukker gjennom eksamensdagen som heilt avgjerande for at ein skal kunna prestera optimalt.

— Dermed må ein også eta noko som held blodsukkeret stabilt. Ein må rett og slett eta sunt. Frukt og grønsaker, fullkornsbrød og andre fullkornsprodukt er ein bra plass å starta, seier Dierkes.

Spar sjokoladen til slutt

Når det gjeld inntak av sjokolade og snop under eksamen, er ho relativt nådelaus – slikt bør ein halda seg unna.

Koffeinen i dei fleste energidrikkar held ein vaken, men konsentrasjonen blir ikkje positivt påverka.

Jutta Dierkes
Professor i klinisk ernæring, UiB

Men:

— Når det er ein halvtime igjen kan det vera bra å få i seg litt sukker viss ein er trøytt og ufokusert. Men elles på dagen, både før og etter at eksamen har starta, bør ein absolutt halda seg til sunn mat. Frukt er eit godt døme på god mat under sjølve eksamenen, seier Dierkes.

Til dei som vel energidrikkar som Red Bull og liknande som leskedrikk under eksamen, har ho følgjande beskjed:

— Koffeinen i dei fleste energidrikkar held ein vaken, men konsentrasjonen blir ikkje positivt påverka. Får ein i seg for mykje slikt på for kort tid kan ein også bli kvalm og dårleg.

Sunn mat treng ikkje vera dyrt

Dierkes er oppteken av at dagens studentar skal forsøka å ha eit sunt og stabilt kosthald gjennom skuleåret og sjølvsagt også elles.

— Mange føler kanskje at sunn mat er dyrare enn billeg mat. Studentar har gjerne ikkje så god økonomi. Kva skal dei gjere?

— Det er ikkje slik at eit sunt kosthald treng å vera særleg dyrt. Det finst mange gode billege produkt. Ta til dømes mjølkeprodukt, som gir mykje viktig næring. Cottage cheese og yoghurt utan tilsett sukker er ikkje dyrt. Når det gjeld ulike fullkornsprodukt, finnast det mange billege variantar. Ein må også tenka litt på korleis ein kan spara ved å til dømes eta mindre kjøtt og meir grønsaker og belgfrukter. Kjøtt er som oftast ganske dyrt, poengterer Dierkes.

Ulike måtar å gjera det på

Frå og med førstkomande fredag kjem eksamenane på rekke og rad for historiestudentane Viljar Malmsten (24) og Kristoffer Tufta (21). Etter først å ha levert frå seg heimeeksamen på fredag, ventar skuleeksamen måndag, før det er ny heimeeksamen onsdag.

Dei to kameratane har ganske så ulike måtar å legga opp kosthaldet på før eksamenstart.

Eg er avhengig av ein god, men lett frukost på eksamensdagen. Det blir som oftast noko havregraut og kanskje eit par egg. Og mykje kaffi.

Viljar Malmsten
Historiestudent, Universitetet i Bergen

— Eg er avhengig av ein god, men lett frukost på eksamensdagen. Det blir som oftast noko havregraut og kanskje eit par egg. Og mykje kaffi, kjem det frå Malmsten.

Tufta på si side har ein ganske annan måte å gjera det på.

— Eg var nok litt godt i hald då eg gjekk på ungdomsskulen. Etter å ha trimma meg ned i vekt gjennom vidaregåande, bestemte eg meg for at eg ikkje ville opp igjen i vekt. Difor har eg dei siste par åra følgt ein diett der eg fastar mellom klokka åtte på kvelden og 12 på føremiddagen, fortel Tufta, som dermed går laus på eksamen utan å ha mat i magen.

— For meg er dette uproblematisk. Eg er ikkje svolten om morgonane, og eg føler meg aldri tom for energi, understrekar 21-åringen.

Et lite under sjølve eksamenen

På spørsmål om dei fokuserer på kosthald elles i studiekvardagen, svarar begge at dei har eit fornuftig kosthald.

— Eg skal ikkje legga skjul på at det kan bli både kaffi og energidrikk viss eg blir sittande å lesa utover natta, men utanom det har eg eit godt kosthald , seier Malmsten.

Dei to vedgår at dei heller ikkje tenker særleg mykje over kva dei et dagen før eksamen.

Viljar Malmsten og Kristoffer Tufta.
Viljar Malmsten og Kristoffer Tufta.

— Eg føler at det ikkje har så mykje å seia. Det er heilskapen i kosthaldet som er viktig, seier Malmsten, og får støtte frå Tufta.

Studentane Viljar Malmsten og Kristoffer Tufta har to ganske ulike måtar å eta på når det nærmar seg eksamen. Her er dei to på eit bakeri i sentrum nokre dagar før vinterens første eksamen. Foto: Joar HystadClick to add image-byline

— Sjølv om eg fastar frå tidleg kveld til føremiddagen dagen etter, så får eg i meg mykje sunn mat elles i døgeret, seier Tufta, som ettersom han fastar til klokka 12 ikkje et i det heile teke på eksamen.

— Eg klarar meg fint utan, seier han bestemt.

Malmsten et heller ikkje mykje under sjølve eksamen.

— Det blir kanskje ei banan eller ein annan frukt. Og vatn. Eg ser det er fleire som har med seg mengdevis med kjeks og sjokolade på eksamen. Halve pulten deira er fylt med mat, og så bruker dei halve eksamenstida på å eta. Det hadde ikkje fungert for meg, seier 24-åringen.

— Alt sukkeret kan vel også føra til at ein blir ufokusert, repliserer Tufta.

— Trur de at det er nokon samanheng mellom godt kosthald og gode eksamensresultat?

— For å snu litt på det, så trur eg at dei som er flinke på skulen ofte også har eit godt kosthald. Men det trur eg handlar meir om at dei generelt sett har ting meir på stell i livet enn studentar som ikkje er så flinke, svarar Tufta.

Held seg unna sterk mat

Når det gjeld bruk av alkohol i eksamensperioden, har dei to ei relativt liberal haldning.

— Alt med måte sjølvsagt, kjem det frå Tufta, før han legg til:

Eg trur at dei som er flinke på skulen ofte også har eit godt kosthald. Men det trur eg handlar meir om at dei generelt sett har ting meir på stell i livet enn studentar som ikkje er så flinke.Kristoffer TuftaHistoriestudent, Universitetet i Bergen

— Det seier seg sjølv at det ikkje er enkelt å lesa til eksamen viss ein ligg til «pumping» på Haukeland.

— Sjølv har eg ikkje noko problem med å ta ei øl med kameratar til dømes fredagen før eg har eksamen måndagen. Eg trur det kan vera lurt å kopla av litt innimellom, og få tankane over på noko anna. Men Kristoffer har sjølvsagt rett – ein kan ikkje festa for mykje i eksamensperiodane, seier Malmsten.

— Er de noko de absolutt ikkje et før de skal ha eksamen?

— Mat som er tung å fordøya, seier Viljar.

— Sterkt mat som er vond for magen. Det må ein berre halda seg langt unna, seier Tufta.

Forskar: — Kva ein et når ein skal læra, er viktigare

Ernæringsforskar ved klinisk institutt 1 i Bergen, Oddrun Anita Gudbrandsen, trur ikkje at det ein et på sjølve eksamensdagen er så mykje å seia for korleis ein presterer.

— Det er mykje viktigare å tenka over kva ein får i seg når ein skal læra, altså at ein tenker litt meir heilskapleg på kosthaldet gjennom studieåret, seier Gudbrandsen.

I staden for å fokusera for mykje på kva ein får i seg på sjølve eksamensdagen, trur ho studentane gjer lurt i heller å vektlegga det å vera skikkeleg utvilt.

— No er ikkje søvn mitt fagfelt, men det seier seg vel litt sjølv at ein kan tena litt på å vera vaken og utkvilt. Det er logisk, rett og slett, fastslår Gudbrandsen.

— Viss me snur litt på det, er det noko ein absolutt ikkje bør eta dagen før og på sjølve eksamensdagen?

— Så lenge ein har ete noko og har normalt blodsukker, så bør ein kunna prestera godt. Nøyaktig kva ein får i seg av essensielle næringsstoff tett opp mot eksamen har ikkje noko å seia. Det er som sagt heilskapen som tel, understrekar Gudbrandsen.

— Så det er for seint å finna fram brokkolien kvelden før ein skal i aksjon?

— He-he, ja det kan du trygt seia.