Alle skal med: Dekan ved Det Samfunnsvitskapelege fakultet ved Universitetet i Bergen, Jan Erik Askildsen, vil at fleire skal publisere meir og i høgare rangerte publikasjonar ved fakultet framover. Foto: Ketil Blom Haugstulen
Alle skal med: Dekan ved Det Samfunnsvitskapelege fakultet ved Universitetet i Bergen, Jan Erik Askildsen, vil at fleire skal publisere meir og i høgare rangerte publikasjonar ved fakultet framover. Foto: Ketil Blom Haugstulen

SV-fakultetet: Mål for publisering inn i medarbeidarsamtalen

Stort sprik mellom topp og botn i publisering på fakultetet. Mål for publisering skal bli fast punkt i årlege medarbeidarsamtalar.

Publisert

Institutta på SV-fakultetet scorar jamt over høgt når det gjeld publikasjonspoeng, og fem av sju institutt ligg over eller tett på gjennomsnittet for Universitetet i Bergen (UiB) totalt sett. Publikasjonstakten ved Institutt for Økonomi ligg derimot langt under dei andre institutta, målt i publikasjonspoeng per såkalla UFF (undervisings-, forskings-, og formidlingsstillingar).

Publisering på SV-fakultetet

SV-fakultetet har sidan februar arbeidd med ein publiseringsstrategi. Institutta vart invitert til å tilbakemelding på statusen for publiseringsarbeidet og komme med forslag til betringstiltak.

Samla hadde SV-fakultetet ved UiB ein score på 1,52 publikasjonspoeng per UFF-årsverk (undervisings-, forskings- og formidlingsstillingar). Søsterfakultetet ved Universitetet i Oslo hadde til samanlikning ein score på 1,98.

Sosiologisk institutt hadde flest publiseringspoeng per forskar (UFF) blant SV-institutta ved UiB i 2018 med 2,1 poeng. Institutt for økonomi låg på botn med 0,75 poeng.

Dette er ein del av bakgrunnen for at fakultetet no lanserer tiltak for å få opp publiseringa. Blant tiltaka er innføring av mål for publisering som fast punkt i medarbeidarsamtalane.

Publiseringsstrategien «Inkluderende publiseringskultur» for 2020-2024 blir lagt fram for fakultetsstyret ved Det samfunnsvitskapelege fakultet (SV) denne veka.

— Få folk så høgt som mogleg

— Situasjonen er at nokon publiserer veldig godt, medan ein del publiserer mindre. Det er viktig å få med alle, det er ein del av samfunnsoppdraget. Vi vil også jobbe med å få folk så høgt som mogleg, i høgt rangerte tidsskrift, seier dekan ved SV-fakultetet, Jan Erik Askildsen.

Medarbeidarsamtalane er eit godt utgangspunkt for å få dette til, ifølgje dekanen.

— Det er eit godt møtepunkt for å diskutere planar den enkelte forskar har og om han eller ho faktisk har ein plan, og korleis ein kan hjelpe, seier Askildsen.

I reine tal er det Institutt for informasjons- og medievitskap som dreg inn klart mest publikasjonspoeng til fakultetet. Målt per forskar er det Sosiologisk institutt som toppar statistikken over publikasjonspoeng, medan Institutt for samanliknande politikk er nummer to.

Publiseringspoeng er eit vekta uttrykk for publisering og i kor høgt rangerte kanalar det blir publisert. Dette påverkar i sin tur finansieringa for universitet og høgskular.

Dekan: — Ikkje probleminstitutt

— Er Institutt for økonomi eit probleminstitutt?

— Nei, det vil eg ikkje seie. Det er eit tydeleg press på å publisere i høgt og godt rangerte kanalar i økonomifaget, desto vanskelegare er det å komme inn i dei gode tidsskrifta. Alle kan ikkje komme på topp fem. Det er sterk konkurranse. Eg skal vere forsiktig med å seie at det er meir av det enn i andre fag, men dette kan vere noko av forklaringa, seier Askildsen, som sjølv er økonomiprofessor.

Ute i verda er det ingen som bryr seg om publiseringspoenga, dei ser på kor vi publiserer

Tommy Staahl Gabrielsen, instituttleiar

Leiar ved Institutt for økonomi, Tommy Staahl Gabrielsen, peikar på ei anna forklaring: I løpet av ein 10-årsperiode går 60-70 prosent av dei vitskapeleg tilsette av med pensjon.

— Vi er midt i eit generasjonsskifte. På eit lite institutt som vårt skal det ikkje mange inaktive til før det slår ut på tala. Vi er innforstått med at tala er for dårlege, men vi jobbar med rekruttering og har godt håp om at dette skal bli betre med tida, seier Gabrielsen. Instituttet har i dag 15,8 vitskapelege stillingar.

Sju år på å bli professor

Eitt av tiltaka ved instituttet er såkalla innstegstillingar. Det betyr at dei som blir tilsett fast må kvalifisere seg til professor innan sju år og nå opp til visse kvalitetskrav. I dette ligg mellom anna publisering i høgt rangerte tidsskrift.

— Ute i verda er det ingen som bryr seg om publiseringspoenga, dei ser på kor vi publiserer, seier Gabrielsen.

Han er generelt skeptisk til å samanlikne publiseringspoeng på tvers av fagdisiplinar.

— Då er det meir naturleg å samanlikne med andre økonomiinstitutt, seier han. Målt i publikasjonspoeng per UFF-årsverk ligg Økonomisk institutt ved Universitetet i Oslo berre litt over kollegaene ved UiB, og godt under dei andre institutta dei blir samanlikna med.

— Kultur, ikkje målstyring

Ifølge den ny publiseringsstrategien må alle vitskapeleg tilsette publisere resultat frå eiga forsking. «Publisering i høyt rangerte tidsskrifter og på gode forlag er avgjørende (…), heiter det. Kvart institutt på fakultetet skal lage eigne mål for publiseringsarbeidet. Desse skal årleg meldast inn til fakultet i samband med budsjett- og dialogmøte.

Blant dei andre tiltaka i strategien er rettleiing til doktorgradskandidatane. Dei skal etter planen sikrast rettleiing i å utarbeide ein individuell publiseringsstrategi, tilpassa vidare planar og som kan gi «grunnlag for å konkurrere om faste stillinger ved universitetet».

Dekan Askildsen seier at strategien ikkje er eit målstyringsdokument.

— Nei, det viktige er å skape ein kultur for publisering, seier han.