Fakultetsdirektør Ragna Valen og dekan Jarle Eid på Det psykologiske fakultetet lagar eitt nytt masterprogram av to eksisterande etter at Nokut reviderte faget kjønn og utvikling.
Fakultetsdirektør Ragna Valen og dekan Jarle Eid på Det psykologiske fakultetet lagar eitt nytt masterprogram av to eksisterande etter at Nokut reviderte faget kjønn og utvikling.

Lagar nytt fag etter Nokut-stryk

Publisert

Nokut var så misnøgde med mastergraden i kjønn og utvikling at dei ikkje godkjenner faget i si noverande form. No jobbar Det psykologiske fakultetet med å slå saman to mastergradsprogram til eitt.

<<Mastergraden i kjønn og utvikling på Universitetet i Bergen oppfyller ikkje alle krava i forskrifta om tilsyn med studiekvaliteten i høgare utdanning.>> 

Det er konklusjonen etter at Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (Nokut ) i nær eitt år har revidert faget. Faget «Gender and Development» rettar seg mest mot internasjonale kvotestudentar frå den tredje verda, og er eigentleg eit humanistisk fag. Difor blei det revidert saman med mange andre masterprogram av Nokut i fjor. Faget region og regionalisering var eit anna fag ved UiB som ikkje blei godkjent utan vidare.

Krev fleire tilsette
Den endelege versjonen av ekspervurderinga av kjønn og utvikling er no klar, og gruppa har ei lang rekke med forbetringspunkt: Læringsutbytet må forklarast, studentane må ha høve til utveksling, og staben må tilpassast omfanget av faget. Minst femti prosent av lærekreftene må vere tilsette ved institusjonen, og undervisninga må ikkje berre overlatast til stipendiatar og andre mellombels tilsette.

Nokut krev mellom anna at det må tilsetjast éin førsteamanuensis til på faget, og at faget ikkje må bli mindre enn 13 studentar, slik det er no. Dei er òg kritiske til at Aust-Europa er definert inn som ein del av faget, og har ein del merknader til korleis tema er fordelt på ulike kurs. Vidare tilrår dei at dei tilsette lagar ein forskingsstrategi, og publiserer meir internasjonalt.

Populært fag
Det har berre vore opptak på faget annankvart år, og kullet som går på faget no blir ferdige til sommaren. Ti av studentane er kvotestudentar frå utviklingsland, Aust-Europa eller Sentral-Asia, slik at dei får ettergitt studielånet frå Lånekassen om dei dreg tilbake til heimlanda når dei er ferdige med utdanninga.

Det humanistiske faget hamna på Det psykologiske fakultetet på 2000-talet, og er det mest populære programmet for kvotestudentar ved Universitetet i Bergen. Det er fleire hundre søkarar når det er opptak til faget, som høyrer inn under Hemil-senteret.

Dekan Jarle Eid fortel at det i lengre tid har vore planar om å omarbeide mastergraden.

– Hemil-senteret har over tid sett at Kjønn og utvikling og mastergraden i helsefremjande arbeid har vore vanskelege å samkøyre, og det er vurdert ulike modellar for å styrke faga. Dette er snakk om små program med kvotestudentar, opptak annankvart år og knappe ressursar, seier Eid.

To masterprogram blir til eitt
At Nokut hadde kritiske merknader til programmet var difor ikkje overraskande for fakultetet.

– Nokut fann at det var mykje bra på faget og flinke folk som jobbar med det. Men dei er usikre på strukturen i det, og det er få fagfolk og studentar, seier dekanen.

Difor tek fakultetet no grep, og gjer det dei lenge har hatt tankar om: Legg ned mastergradene i kjønn og utvikling og helsefremjande arbeid, og lager eit nytt program av dei to fagmiljøa. Dette programmet skal kvotestudentar og opptak av 20 studentar kvart år.

– Reint teknisk legg vi ned dei to masterprogramma, og erstattar det med eit nytt. Dei to fagmiljøa diskuterer no saman korleis dei skal gjere det, og faget vil ta opp studentar hausten 2016.

Negativ prosess
For instituttleiar Elisabeth Fosse var det ei ny oppleving å få ei ekspertgruppe frå Nokut på revisjon.

– Sjølve prosessen opplevde vi som ganske negativ. Vi trudde kanskje det skulle vere meir dialog, men opplevde at dei hadde ein fasit allereie då dei var hos oss. Sjølve konklusjonen er vi overraska over, men ein god del av innhaldet var venta. Vi har heile tida visst at faget er sårbart på grunn av få ressursar, seier Fosse.

Det var tilfeldig at programmet i kjønn og utvikling hamna hos Hemil, medan det før var på HF-fakultetet.

– Det som går igjen i rapporten er at dei meiner at faget ikkje er berekraftig fordi det er underfinansiert, og alt for sårbart, meiner instituttleiaren.

Opphald i heimlanda
Sjølv om studentane ikkje har vore på utveksling har dei ofte feltarbeid i heimlanda, før oppgåveskriving. Manglande utveksling er Nokut kritiske til.

– Studentane kjem frå den tredje verda, så vi har ikkje funnet det naturleg å sende dei ut igjen medan dei er her. Men vi tenkjer at vi skal finne ei løysing, til dømes ved å la dei vere sterkare knytte til institusjonane i sør når dei er på feltarbeid, seier Fosse.

Nokut set og som krav at kjønn ikkje skal vere med i vurderinga i studentopptaket.

– Vi rekrutterer ikkje på kjønn. Det er flest kvinner som søkjer, og så må vi kvalitetssikre søkjarane. Vi kan kun ta opp studentar frå dei universiteta i utlandet vi samarbeider med. Og hovudtyngda av dei som er interessert i kjønn er kvinner, seier Fosse.

Ikkje bærekraftig
Dei har og fått melding av Nokut om å ta opp fleire norske studentar. Programmet har i utgangspunktet plass til 20 studentar, men har ikkje fylt alle plassane på grunn av manglande kapasitet på lærekrefter.

– Når vi no skal lage eit nytt program vil vi uansett finlese rapporten. Men vi er avhengig av å få tilført ekstra ressursar for at det nye programmet skal være berekraftig , seier Fosse.

Held saka hemmeleg
Saka blei ført for lukka dører både i fakultetsstyret og i universitetsstyret, og papira var haldne hemmelege etter paragraf 5 i offentleglova.

– Vi lukkar ting når vi har grunn til det. Det hadde vi i denne saka. Vi såg behov for å lukke saka av då vi ønska å informere dei tilsette og studentane, seier Jarle Eid.

Studentane vil vere ferdige med mastergraden til sommaren, og får lov til å avslutte. Endringa får difor ingen konsekvensar for noverande studentar.  

Ettersom UiB har halde saka hemmeleg og brukt paragrafen om utsett innsyn, er vedtaka gjort utan offentleg debatt. På Høyden har difor klagd hemmeleghaldet inn for Kunnskapsdepartementet, då vi meiner at lova ikkje gir høve til å halde slike prosessar hemmelege.

Studentar og tilsette ble informerte på eit møte måndag i førre veke, men ingen av studentane frå det aktuelle programmet møtte opp. Dei har òg blitt informert på epost. Fagmiljøet har òg vore informert fortløpande om saka og Nokut-tilsynet.