Professor Rune Johan Krumsvik er blant dei som har forska mest på korleis digitale vertkøy kan brukast i skulen. Han meiner læreboka slett ikkje har utspelt si rolle. Foto: Ingvild Festervoll Melien
Professor Rune Johan Krumsvik er blant dei som har forska mest på korleis digitale vertkøy kan brukast i skulen. Han meiner læreboka slett ikkje har utspelt si rolle. Foto: Ingvild Festervoll Melien

– IKT er ingen trylleformel

Når lærarane skal undervise og elevane skal lære, er det framleis hardt arbeid som er nøkkelen, meiner professor Rune Johan Krumsvik. Måndag reiser han til Oslo for å gje regjeringa råd om digital læring.

I klasserom med gode og digitalt kompetente lærarar rår den digitale læringa. Manglar den tydelege klasseleiinga, rår den digitale distraksjonen, fortel Rune Johan Krumsvik.

Forskar på digital læring

  • Rune Johan Krumsvik er professor og instituttleiar ved Institutt for pedagogikk ved Det psykologiske fakultet.
  • Han er leiar av forskingsgruppa Digitale læringsfellesskap.
  • Digitale Læringsfellesskap har publisert studiane Klasseleiing og IKT i vidaregåande opplæring og Samanhengen mellom IKT-bruk og læringsutbytte (SMIL) i vidaregåande opplæring.

Måndag reiser han til Oslo for å gje regjeringsfraksjonen til kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen  råd om korleis digitale verktøy kan føre til betre undervisning.

Lærarane må sleppe å stå aleine og ta kampen i klasserommet. 

Bruk forskinga!
– Bakgrunnen for at eg har blitt spurt om råd er at forskingsgruppa vår har drive mykje forsking på samanhengen mellom IKT-bruk og læring i den vidaregåande skulen, seier Krumsvik til På Høyden.

– Kva kjem du til å seie?
– Korleis digitale verktøy skal brukast i skulen har vore svært meiningsstyrt. Eg vil oppmode komiteen om å bruke forskinga som eit bakteppe når dei set nye tiltak ut i livet, seier Krumsvik.

Sjølv om forskingsgruppa hans har gjort to store studier, og i alt samla inn data frå over 20 000 elevar og 3000 lærarar, treng ein utfyllande kunnskap om korleis IKT fungerer i dei enkelte faga. Digitale verktøy kan vere særleg eigna til å illustrere og forklare problemstillingar innan realfag, meiner Krumsvik.

Adjunkt versus internettet
– Eg har også tru på å legge ein slags «best practice» til grunn for den framtidige retninga. Nokre lærarar lukkast svært godt med digital undervisning. Kva er det dei gjer som fungerer så godt? 

Vi har alle møtt dei. Lærarane med den trygge autoriteten, dei som får deg til å verkeleg ville forstå, ville hugse. Men kan sjølv den mest karismatiske og kunnskapsrike lærar by på undervisning som er meir involverande enn Facebook? Kan ein leksjon i utbreiinga av nålkapselmosar i fastlands-Noreg tenkast å vinne over Instagram?

– Freistingane finst på nettet. Nokre lukkast med å gjere det digitale læringstrykket større. Læraren må vere engasjerande, og stille tydelege krav om innleveringar med korte fristar, gjerne oppsummeringar på slutten av timen. Poenget er at elevane ikkje skal ha tid til å drive med utanomfaglege aktivitetar, seier han. 

– Blant enkelte lærarar er haldninga at dersom elevane stadig tar surfeturar på nettet, må lærarane arbeide hardare for å levere betre undervisning?
– Hadde det vore så enkelt!  Forskinga vi har gjort viser at læringsutbyttet når ein bruker digitale verktøy varierer med læraren sin digitale kompetanse, samt kor dyktig læraren er i klasseleiing. Ein annan viktig faktor er elevane sin digitale sjølvdisiplin, seier Krumsvik.

Sosial bakgrunn verkar inn
Noko av forklaringa på elevane sine varerande evner til å halde fokuset på faget ligg hos elevane sjølve, og i heimen dei kjem frå. Krumsvik har sett at elevane sin evne til å halde fingrane frå Facebook heng saman med sosial bakgrunn.

– Forskinga vi har gjort viser at det også er ein samanheng mellom karakterar frå ungdomsskulen, sosial bakgrunn og evne til å styre unna digitale freistingar.

Barn av foreldre med høg utdanning har med andre ord lettare for å vere konsentrerte om den digitale undervisninga. Dermed vil dei også få betre utbytte av timen, og eit betre grunnlag for å få gode karakterar også frå vidaregåande. Vi må difor vere merksame på at digitale skilje ikkje lenger handlar om ulik tilgang til teknologi, men korleis elevane brukar den fagleg.

– Forskinga vi har gjort viser at det også er ein samanheng mellom karakterar frå ungdomsskulen, sosial bakgrunn og evne til å styre unna digitale freistingar.

Læreboka fungerer framleis
I SMIL-studien vart det avdekka at to tredjedelar av lærarane ikkje har etter-/vidareutdanning i korleis dei best kan bruke digitale læremiddel i skulen. Det må det gjerast noko med, meiner Krumsvik. Men han har ikkje tru på at den tradisjonelle læraren som teiknar, fortel og forklarar kan stoppast ut og plasserast på museum mellom urreptilar og flanellograf.

– Gode lærarar har eit stort repertoar av undervisningsmetodar, seier Krumsvik.

Han meiner læreboka ikkje er trua.

– Læreboka står framleis støtt. Det same gjer tavleundervisninga og monologen i kombinasjon med digitale undervisingsformer. Og brukar ein digitale verktøy riktig, kan det få fleire elevar til å forstå komplekse fenomen, seier Krumsvik.

Leiinga må våge å leie
Professoren meiner at skuleeigarar og skuleleiinga har eit klart ansvar for å lage retningslinjer for korleis pc, mobiltelefonar og nettbrett skal brukast, og til kva. 

– Leiinga må også våge å vere tydelege på kva skulen skal satse på digitalt, og korleis ein skal gjere det. Lærarane må sleppe å stå aleine og ta kampen i klasserommet.