Matematikkprofessor Einar Rønquist meiner ein må tenkja på kva signal ein sender ut dersom ein gir ein tilsett ekstra løyve til til dømes ei form for heimekontor. Foto: Sølvi W. Normannsen, Universitetsavisa
Matematikkprofessor Einar Rønquist meiner ein må tenkja på kva signal ein sender ut dersom ein gir ein tilsett ekstra løyve til til dømes ei form for heimekontor. Foto: Sølvi W. Normannsen, Universitetsavisa

– Tenk på signaleffekten

Publisert

– Når det gjeld ting som er finansiert av skattebetalarane sine pengar, skal ein vera kjenslevar for kva signal ein sender ut.

1800 studentar skal få undervisning i det som heiter matte1 ved NTNU. Dette er eit av mange emne i matematikk og statistikk som instituttet har ansvaret for. Det betyr at det ikkje er noko særleg høve til å vera frikjøpt frå undervisning.

– Det sit langt inne, seier instituttleiar og professor Einar Rønquist ved Institutt for matematiske fag.

Alle som byrjar på sivilingeniørstudiet tek dei same grunnleggjande emnene i matematikk og statistikk. Rønquist legg vekt på at undervisninga studentane får skal vera forskingsbasert. Det betyr at sjølv om det i nokre tilfelle kan vera ein postdok eller ein annan mellombels tilsett som har noko av undervisninga, er det alltid ein senior som leiar kollegia som har ansvar for emna.

HiB-dekan Geir Anton Johansen ønskjer at dei tilsette skal vera på campus i kjernetida. Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien
HiB-dekan Geir Anton Johansen ønskjer at dei tilsette skal vera på campus i kjernetida. Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien

– Me driv konstant med eit stort fornyingsarbeid. Det sit langt inne å gi slepp på den koplinga, seier Rønquist.

Brukar ikkje stoppeklokke
På Høyden har skrive fleire saker om UiB-professoren Jan Martin Nordbotten som reiste på jordomsegling med full løn og som vart kasta ut av Det norske vitskapsakademiet sitt prestisjeprogram, VISTA. Gjennom dette programmet har Nordbotten vore frikjøpt frå undervisning, men han har ikkje hatt ordinær forskingstermin. VISTA valde å kaste Nordbotten ut av programmet så lenge han var på jordomsegling, trass i at han mellom anna har jobba på matematiske institutt på vegen. 

VISTA-programmet

  • VISTA er eit grunnforskinsprogram finansiert av Statoil, som vert gjennomført i nært samarbeid med Det Norske Videnskaps-Akademi.
  • VISTA støtter doktorgrad- og postdok-prosjekt, samt eit VISTA-Professorat innanfor eit av satsningsområda; leiting, auka  utvinning, olje- og gassprosessering, miljø og bioteknologi.
  • Målet med VISTA-professoratet er å frikjøpe ein forskar, slik at vekdomande kan bruke heile si arbeidstid på forsking og rettleiing innanfor fagfeltet.
  • Den som vert tildelt VISTA-professoratet skal vere knytt til ein akademisk lærestad, som har arbeidsgjevaransvaret for professoren i frikjøpsperioden. 
  • Tilsettingsperioden er tre år, med mulighet for to års forlenging 
  • I utlysingsteksten står det at <<Avlønning foretas som professor i statens lønnsregulativ med plassering i øvre del på lønnsstigen. Det gis en årlig driftsbevilgning>>.
  • Jan Martin Nordbotten vart tilsett som VISTA-professor i 2013. VISTA valte å terminere avtalen med Nordbotten hausten 2015. 

Rønquist seier at det ved NTNU ikkje er nokon som går rundt med stoppeklokke for å sjekka om kollegaene er til stades på kontoret. Og han seier òg at det i kortare periodar, til dømes når ein jobbar med ein stor søknad, kan vera nokon som har behov for å gøyma seg litt vekk.

– Som instituttleiar søkjer eg av og til til biblioteket når eg treng å samla tankane, smiler han.

Men forventninga til dei tilsette er at så lenge dei ikkje er på reise, så er dei på kontoret i kjernetida.

– Så kan det sjølvsagt vera nokon som i periodar kan ha behov for ei eller anna form for tilrettelegging. Då forventar eg at vedkomande kjem til meg, så finn me ei løysing. Det må vera ein vekselverknad mellom privatliv og arbeid, og eg har sans for å gi fridom under ansvar. Det trur eg ein som arbeidsgivar òg får mest att for i det lange løp.

Ville vore reservert til langfri
Men så mykje fridom som fri til å reisa på jordomsegling, ville ikkje Rønquist gitt. Nordbotten har sjølv sagt i brev til VISTA at han heilt attende til 2012/13 har brukt seglbåt for å koma seg til og frå forskingsopphald.

– Dersom dette galdt ein forskar som hadde ei vanleg stilling som alle andre, hadde eg vore reservert. Det ville kunne sjåast på som å behandla dei tilsette på ulik måte, og det ville òg kunne skapa presedens, seier Rønquist.

Eg synest det hadde vore rart dersom dei tilsette begynte å ikkje dukka opp på kontoret 

Han legg vekt på at å vera i eit fagmiljø gir dei vitskapeleg tilsette ein meirverdi. Her skjer diskusjonane, her skjer interaksjonane. Her vert små og store spørsmål tekne opp i formelle og uformelle fora.

– Er det å ikkje vera til stades på kontoret noko som kan definerast innan den akademiske fridommen?

– Eg synest dei tilsette har stor grad av akademisk fridom, og eg synest det vert gitt romslege forhold. Men eg synest det hadde vore rart dersom dei tilsette begynte å ikkje dukka opp på kontoret – sjølvsagt med unntak for forskingstermin, seier Rønquist.

– Forsking er finansiert av skattebetalarane sine pengar. Og når det gjeld ting som er finansierte på denne måten, skal ein vera kjenslevar for signaleffekten. Slike ting kan raskt kjennast urettvist, eller nokon kan meina at tilsette vert handsama ulikt. Slikt skal ein vera forsiktig med, seier Rønquist.

Restriktive med frikjøp
Arne Bang Huseby er professor i matematikk og instituttleiar ved Matematisk institutt ved Universitetet i Oslo. Han seier at han ikkje vil kommentera noko konkret sak.

– Men på generelt grunnlag vil eg seia at det for ein kortare periode kan vera greitt å ikkje vera til stades på kontoret for å kunne konsentrera seg om si eiga forsking. Men ein skal ha ein fagleg relevant grunn til å reisa dit ein gjer, og ein skal søkja på førehand.

Me meiner at forskarane skal undervisa

Huseby fortel at ved instituttet han leiar er ein restriktive med å frikjøpa forskarar frå undervisning. Kvart sjuande år kan vitskapeleg tilsette søkja om forskingstermin, og elles vert ein i nokre tilfelle frikjøpt heilt eller delvis.

– Me er eigentleg veldig restriktive i forhold til frikjøp, fordi me meiner at forskarane skal undervisa. No er det til dømes ein forskar som er frikjøpt, men berre annakvart semester, for å delta i leiinga av ein SFI, seier Huseby.

– I det daglege forventar me at forskarane er tilgjengelege, i det minste på epost og telefon.

UiO har ganske strenge retningslinjer for tildeling av forskingstermin. På nettsida står det at «alle fast ansatte i vitenskapelig stilling kan etter søknad tilståes ett års forskningstermin etter 6 års tjeneste, eller ½ år etter tre års tjeneste». Men ein må levera ein realistisk forskingsplan til godkjenning, og dersom ein utan gydlig grunn ikkje har vore forskingsaktiv på ei stund, kan søknaden verta avslått. UiB slær fast at alle vitskapeleg tilsette har rett til forskingstermin – så lenge ein legg fram ein godkjent plan.

– Me er generelt meir nøye med å følgja opp personalet no enn tidlegare. Forskingstermin er ingen rett, og dersom ein ønskjer å forska ved ein annan institusjon utanom forskingstermin, er dette noko ein må søkja om. Då må ein òg visa at ein har oppfylt undervisningsplikta, seier Huseby.

Dette kan gjerast ved at ein, etter avtale, til dømes underviser meir semesteret før.

Arne Bang Huseby er instituttleiar ved UiO. Han gir sjeldan forskarane høve til å kjøpa seg fri frå undervisning. Foto: Espen Haakstad, UiO

Vil at forskarane skal vera på campus
Geir Anton Johansen er dekan ved Avdeling for ingeniørutdanning og professor i fysikk ved Høgskolen i Bergen. Tidlegare var han instituttleiar ved Institutt for fysikk og teknologi ved UiB. Johansen seier at spørsmål om frikjøp ikkje er så aktuelt for HiB-tilsette.

– Hos oss vert forskingstid tildelt etter søknad. Men det er sjeldan at nokon vert heilt frikjøpt for undervisning, seier Johansen.

Han seier òg at han synest det er viktig at forskarane i størst mogleg grad er på campus. Dette for å etablera eit best mogleg lærings- og forskingsmiljø.

– Men noko bruk av heimekontor er sjølvsagt heilt greitt. Me har ein fleksibilitet, og me stolar på dei tilsette. Dei aller fleste jobbar langt fleire timar enn dei mellom 8 og 16, så det er heilt greitt med litt kortare dagar på kontoret innimellom. Men dersom ein skal ha heimekontor i lengre periodar, skal det vera spesielle grunnar til det. Ved HiB legg me stor vekt på at ein skal tilstreba å vera på campus i kjernetida.

Johansen vil ikkje seia noko om professoren som er på jordomsegling sidan han ikkje kjenner saka.

– Dersom ein forskar skal ha eit opphald eller forskingstermin ved ein annan institusjon er det uproblematisk å seia ja, det handlar om mobilitet, seier han.