Universitetsstyret meiner det bør gå mot ei styrt avvikling av Det norske instituttet i Aten.
Universitetsstyret meiner det bør gå mot ei styrt avvikling av Det norske instituttet i Aten.

Styret vil arbeide for en styrt avvikling i Aten

Publisert

UiB sitt styre ønskjer å gå mot ei styrt avvikling av Det norske instituttet i Aten.

NTNU trekkjer seg heilt ut, og UiO er heller ikkje særleg interesserte i å lenger vera ein del av Det norske instituttet i Aten. Kva skal UiB gjera då? Som På Høyden har skrive ligg det an til ei kraftig nedskallering av verksemda i Aten; instituttet vil berre verta ein infrastruktur.

Fleire forskarar har reagert på dette, mellom anna skreiv historieprofessor Jørgen Christian Meyer at «at indskrænke instituttets aktiviteter til en serviceinstitution for arkæologisk projekter uden nogen faglig ledelse og visioner, vil ikke kunne holde i fremtiden. Dette er sidste skridt før den endelige nedlæggelse». Etter møtet skreiv han at «det undrer mig at fagmiljøerne ikke har været inddraget noget før med en opdatering af den faktiske virksomhed dernede de sidste år. Det man rent faktisk vedtog i dag var jo reelt set en nedlæggelse på et udateret grundlag med hensyn til den faglige aktivitet og dens nuværende bredde».

Sit ein att med rekninga?

Det universitetsstyret signaliserte, var nemleg å gå mot ei styrt avvikling. Fleire av styremedlemmene stilte spørsmål ved kvifor UiB skulle verta verande i Aten.

– Den eine etter den andre kjem fram til at dei ikkje har tilstrekkeleg nytte av dette, og så trekkjer dei seg ut. Det som så skjer, er at UiB vert sitjande att med rekninga. Dersom det er liten aktivitet på senteret, og dersom det ikkje er nokon planar om å auka denne, kvifor skal me bruka ressursar på dette, spurte Bjørn Østbø.

– Eg meiner at dersom UiO går ut, så gjer me det òg.

Instituttet feirar 30 år seinare i år. Det er UiB som har det administrative ansvaret, på same måte som UiO har hovudansvaret for instituttet i Roma. I sakspapira heiter det at den mest konkrete konsekvensen av ei nedlegging i Aten vil vera at norske forskarar ikkje lenger vil ha moglegheit til å driva arkeologiske prosjekt i Hellas i nær framtid.

– Ein må ha ei juridisk eining for å kunne grava i Hellas, forklara rektor Dag Rune Olsen.

Han sa i møtet at han har vorte i kontakt med forskrar frå andre europeiske land som er interesserte i eit slikt graveløyve.

– Det som uroar meg mest er at me ikkje har klart å skapa aktivitet og fagleg verksemd knytt til senteret i Aten. Kven er interesserte i å bruka denne fasiliteten? Dersom det ikkje er stor vitskapeleg interesse av å vera der, kor mykje pengar skal me då bruka?

Men saka har òg ei omdømmeside, sa Olsen. Det finst eit opprop mot nedlegging, med 3 700 underskrifter.

– Eg fekk eit brev der det vart uttrykt uro. Der stod dronning Sonja øvst, og UiO-rektor Svein Stølen og eg kom langt nede på lista, sa Olsen.

5,5 mill

I dag har instituttet eit budsjett på 5,5 million. Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm sa at han meiner det ikkje er forsvarleg at UiB skal ta heile rekninga. Samstundes ligg det inne nokre krav ein må fylla. Forskingsresultat skal publiserast tre år etter funn. I tillegg skal det setjast opp eit lagerbygg for å ta vare på arkeologiske funn.

– Eigedomsavdelinga er sett på saka, og me planlegg ei reise til Aten for å sjå nærare på korleis dette bygget kan verta. Det er sett av pengar til dette frå alle dei fire eigarane, sa Bernstrøm.

Som På Høyden tidlegare har skrive, har både UiT og NTNU trekt seg ut frå samarbeidet om Det norske instiutttet.

To års oppseiingstid

– Det som ligg i korta er restrukturering, nedskalering og innføring av brukarbetaling, sa Bernstrøm.

Han sa at det er to års oppseiingstid for senteret. UiO er med for fullt ut 2020.

– Det er viktig at det ikkje vert inngått nye avtalar no. Me kan ikkje bruka statlege pengar på ting me ikkje ha bruk for, sa Bernstrøm.

– Eg tenkjer at me kan gå mot styrt avvikling. Kan me la det gå to år og så sjå, spurte Kjersti Fløttum.

Forslaget til vedtak var at universitetsstyret skulle ta saka til orientering. Bakgrunnen for at saka i det heile kom til styret, var at det var det dåverande akademiske kollegium som valte å oppretta eit institutt i Aten.

– Me går for nedskallering av drift og sal av eigedom. Dersom det ikkje er auka interesse for instituttet, går det mot nedlegging, oppsummerte rektor.