Viserektor ved UiB, Anne Christine Johannessen, er styreleiar ved det nordiske senteret ved Fudan-universitetet i Shanghai, og i dag var det hennar tur til å dele ut gåver. Chen Yinzhang er leiar ved senteret, som er eit samarbeid mellom 26 nordiske utdanningsinstitusjonar og Fundan-universitetet.
Viserektor ved UiB, Anne Christine Johannessen, er styreleiar ved det nordiske senteret ved Fudan-universitetet i Shanghai, og i dag var det hennar tur til å dele ut gåver. Chen Yinzhang er leiar ved senteret, som er eit samarbeid mellom 26 nordiske utdanningsinstitusjonar og Fundan-universitetet.

- Vi har gode grunnar til å feire

Shanghai:

Denne veka er universitetstilsette frå Norden og Kina samla ved Fudan University for å feire tjue år med godt samarbeid.

Det nordiske senteret i Shanghai har spelt ei viktig rolle når det kjem til studentutveksling, nettverksbygging og forskarsamarbeid mellom dei nordiske landa og Kina. I dag er senteret ein levande hub for det Sino-nordiske samarbeidet.

Tjue år med Nordic Centre

Nordic Centre ved Fudan University vart opna i 1995.

Professorane Fujia Yang, Stein Kuhnle, Kjell A. Eliassen og Christoph Harbsmeier var ildsjelene bak oppstarten av senteret.

Samarbeidet var mogleg grunna Kina sin opa-dør-politikk.

28 nordiske institusjonar er i dag involvert i senteret.

Senteret sin visjon er å skape tette band mellom Kina og dei nordiske landa.

Senteret skal og fremje forståing om forsking, utdanning, handel og kultur.

I 2010 fekk senteret sin eigen bygning på Fudan University campus.

Ei rekke konferansar, seminar og felles forskingsprosjekt har blitt organisert under senteret i løpet av dei tjue åra som har gått sidan opninga.

Tjueårs-jubileet vert denne veka markert med ein festkonferanse der universitetstilsette frå ei rekke land står på deltakarlista.

– Ser ein tilbake på dei tjue åra vi har drive senteret er det fantastisk å sjå kor mykje vi har oppnådd, sa Xu Ningsheng, president ved Fudan University då han opna jubileumskonferansen onsdag.  

Skyskraparhøge visjonar
Opninga markerte starten på ein konferanse med universitetstilsette frå både Kina og Norden på gjestelista. På agendaen står mellom fersk forsking om velferd, klima, utdanning og helse. Det skal minglast, skålast, diskuterast, utvekslast.

Og planleggast.  

– De veit – i Kina likar vi å ha femårsplanar. Vi har store planar for dei komande fem åra, og eg er overtydd om at vi i framtida vil bygge ytterlegare kunnskap saman gjennom internasjonalt samarbeid, sa Xu Ninsheng.  

– Vår styrke er vår verdsetting av akademisk kompetanse. Vi vil halde fram arbeidet med å omsetje gode akademiske resultat til praktiske resultat og innovasjon, sa Xu Ningsheng.

Han legg til:

– Internasjonalt samarbeid vil også i framtida vere ein av nøkkelstrategiane.

Gratulasjonar frå UiB-rektoratet
– Tjue års erfaring gjer oss høve til å sjå framover, og planlegge korleis vi kan gjere senteret ein enno betre stad for studentar og forskarar. Vi må fylle det med innhald slik at det kan vekse i tråd med strategiane våre, sa viserektor for internasjonalisering ved UiB, Anne Christine Johannesen.

Anne Christine Johannessen er i år styreleiar ved det nordiske senteret i Fudan. Ho var i Shanghai saman med rektor Dag Rune Olsen for å ta del på konferansen og jubileet, 

– På kort tid har Kina blitt ein sentral aktør på fleire felt. Forskingsbudsjettet har blitt tredobla sidan 2005. Kinesisk forsking er no sterk på klima, innovasjon, medisin, teknologi, biologi samt humanistiske og samfunnsvitskaplege fag, sa rektor Dag Rune Olsen.

Honnør til Stein Kuhnle
Også Stein Kuhnle, professor i samanliknande politikk ved UiB, fekk ein stor takk for engasjementet han har vist for samarbeidet mellom UiB og Kina. Stein Kuhnle har for tida forskingstermin i Shanghai.

Han fekk ros for sitt arbeid med å legge til rette for at studentar og forskarar kan ha eit fruktbart samarbeid ved Nordic Centre.

Også leiinga ved Fudan blei takka for at dei har husa senteret gjennom tjue år.

– Vi har gode grunnar til å feire. Senteret har vore ein møteplass for nordiske studentar, men også ein møteplass for nordiske og kinesiske forskarar. Også universitetsleiarar frå dei nordiske landa har nytt godt av høve til å møtast her ved det nordiske senteret. Eg vil takke Fudan for at dei har vore vertskap for det nordiske senteret gjennom 20 år, sa Anne Christine Johannessen.

Redaksjonen gjer merksam på at Stein Kuhnle er styreleiar i På Høyden.