Tre av institutta ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet skal få ny leiar. Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien
Tre av institutta ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet skal få ny leiar. Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien

To av tre er tilsett

INSTITUTTLEIARSKIFTE

Petter Bjørstad får fire nye år ved Institutt for informatikk. Sigmund Selberg frå NTNU har fått tilbod om å leie Matematisk institutt. Den siste tilsettinga på mat.-nat. er enno ikkje klar.

– Vi fekk rett og slett ikkje ferdigbehandla tilsettinga av leiar ved Institutt for fysikk og teknologi (IFT) før dette møtet i fakultetsstyremøtet, seier dekan Helge Dahle.

Petter Erling Bjørstad får tilbod om fornya åremålsperiode på Institutt for informatikk. Arkivfoto: Eivind A. Pettersen.
Petter Erling Bjørstad får tilbod om fornya åremålsperiode på Institutt for informatikk. Arkivfoto: Eivind A. Pettersen.

Tilsettingskomiteen har bedt om noko meir tid til å kome med innstillinga si.

Til stillinga som leiar ved IFT er det fire interne søkarar. Professor og tidlegare instituttleiar Jan Petter Hansen ønskjer seg tilbake i leiarstolen. Professorane Laszlo Csernai Øyvind Frette og Joakim Nystrand er også blant søkarane til stillinga. To eksterne kandidatar søker; Abderazak Rafil og Håvard Helstrup, dekan ved Høgskulen i Bergen (HiB).

Dekan Helge Dahle seier tilsettinga av instiuttleiar ved IFT truleg vil skje den 7. april. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand
Dekan Helge Dahle seier tilsettinga av instiuttleiar ved IFT truleg vil skje den 7. april. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand

NTUNU-professor får jobbtilbod
Torsdag møttest fakultetsstyremøtet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. På agendaen var mellom anna tilsettinga av instituttleiarar ved Institutt for informatikk og Matematisk institutt.

Professor Sigmund Selberg får tilbod om stillinga som instituttleiar ved Matematisk institutt.  Han er i dag professor ved Institutt for matematiske fag ved NTNU i Trondheim.

Ifølge sittande instituttleiar Jarle Berntsen er det første gong ein sterk ekstern søkar er på lista. Jarle Berntsen karakteriserte også den interne søkaren, Hans Munthe-Kaas som ein sterk kandidat til stillinga.

– Det var to svært gode søkjarar til stillinga. Ut frå ein heilskapsvurdering, der ein mellom anna såg på tidlegare administrativ erfaring med å leie eit institutt, vart det Sigmund Selberg som fekk tilbodet om stillinga, seier dekan Helge Dahle.

Vil ta tilsette med på råd
Sigmund Selberg har vore fungerande instituttleiar i eitt år, og nestleiar i fire år. Han har vore tilsett ved NTNU i ti år, men bur i Bergen.

– Korleis er du som leiar?
– Eg håpar eg er rettferdig og ein som vil det beste for organisasjonen. Eg vil og vere ein som tek med alle dei tilsette på råd når det skal gjerast store endringar, seier Sigmund Selberg til På Høyden.

Eit av ønska hans er å få fleire studentar til å søke seg til instituttet.

 – Jarle Berntsen har starta nokre nye bachelorgrader. Eg håpar dei vil trekke fleire studentar.  Det kjem også ein del nye tilsettingar som eg håpar vil gå bra. Eg vil også jobbe for å gjere instituttet meir synleg internasjonalt, seier Sigmund Selberg.  

– Kva med di eiga forsking?

– Den har eg tenkt å halde fram med. Det er i alle fall ambisjonen. Eg kjem ikkje til å undervise noko særleg, og det kjem eg til å sakne. Men reknar med at eg vil få høve til undervise seinare i livet.