Det vert opningsfest med prosesjonar, talar og musikk måndag. Då har studentane vore nettopp det berre nokre timar. Foto: Ingvild Festervoll Melien
Det vert opningsfest med prosesjonar, talar og musikk måndag. Då har studentane vore nettopp det berre nokre timar. Foto: Ingvild Festervoll Melien

UiB gjer seg klare for innrykk av 4 700 nye studentar

Henrik Engelsen har brukt heile sommaren på matematikk. Han er ein av dei som førebur studiestart for ferske UiB-studentar.

Publisert   Sist oppdatert

I kantina på realfagbygget har ferske studentar matpause. Faktisk er dei så ferske at dei eigentleg ikkje er studentar endå. Dei brukar den siste ferieveka på å ta oppfriskingskurs i matematikk. Frå måndag er dei UiB-studentar i realfag.

Det har Henrik Engelsen vore nokre år. Han skal levera masteroppgåva si i matematikk måndag. Likevel takka han ja då studierettleiar Kristine Lysnes spurte om han kunne vera førelesar på oppfriskingskurset.

— Heile sommaren har gått med til matematikk. Men det var eg førebudd på, seier lektorstudenten.

270 på kurs

— Alle som skal studera eit realfag, og i tillegg farmasistudentar og nokre studentar frå Det samfunnsvitskapelege fakultetet, må ta eit matematikkurs første semester. Dette må dei bestå. Difor tilbyr me to ulike oppfriskingskurs, seier Lysnes, som har arbeidsplassen sin ved Matematisk institutt.

I år er det 270 studentar som byrjar ei veke før dei andre.

Lysnes fortel om hektiske dagar for dei tilsette, der timeplanar skal leggast, mottak av masterstudentar skal planleggast og gruppeleiarar skal tilsetjast. Dette er røynde studentar som skal ha ansvar for ferskingane.

— Dagens studentar får ein mjukare start enn det som var vanleg til dømes då eg var student, seier Lysnes.

— Dette var noko som kom med innføringa av bachelorprogram. Dei får ei kull- og klassetilhøyrsle – og dei elskar det.

Engelsen tok sjølv ikkje oppfriskingskurs då han skulle verta UiB-student. Han angrar litt – sjølv om han, som skulle byrja rett på matematikk, neppe trengte det reint fagleg.

— Ein kjenner att nokre andlet når ein kjem til studiestart dersom ein har tatt eit slikt kurs først, seier han.

— Kva er det dei komande studentane treng hjelp til?

— Det er mykje derivasjon og integrering. Dette er noko som heng saman, og eg synest det er kjekt å kunne visa dei heilskapen, seier Engelsen.

Studierettleiar Kristine Lysnes og lektorstudent Henrik Engelsen er involvert i oppfriskingskurs for ferske realfagstudentar. Foto: Hilde Kristin Strand
Studierettleiar Kristine Lysnes og lektorstudent Henrik Engelsen er involvert i oppfriskingskurs for ferske realfagstudentar. Foto: Hilde Kristin Strand

800 timeplanar

Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet får 800 nye studentar måndag. Det betyr 800 timeplanar. Thomas Vikestad Kalvik er rådgivar og jobbar ved infosenteret på fakultetet. Han har alltid tidleg sommarferie.

— Samstundes som studentane takkar ja til studieplass hos oss, må dei melda seg til undervisning. Dette skjer i midten av juli. Dei må òg kryssa av for kva forkurs dei eventuelt skal gå på, og om dei har behov for spesiell tilrettelegging, seier Kalvik.

Deretter vert det laga studiestartgrupper, eller klassemottak, som dette fakultetet kallar det. Det betyr at ferske studentar allereie den første dagen får ei gruppe dei skal vera saman med heile det første semesteret. Dei første dagane vert det ein del bli kjent-leikar, men òg mykje praktisk informasjon. Seinare skal studentane ta dei same kursa.

— Det er to studentar som har sommarjobb her hos oss. Deira oppgåve er å planlegga klassemottaket og å rettleia dei som tek kontakt frå midt i juli og lurer på kva dei skal melda seg på av fag, fortel Kalvik.

Me jobbar overtid, stressar ein heil del, men det er mykje energi og god stemning her.

Thomas Kalvik

Han seier at i fjor var det om lag seksti prosent av dei ferske studentane ved fakultetet som valde å vera med på aktivitetane i fadderveka. Studiestartgruppene er obligatoriske, noko som gjer at alle har sjanse til å verta kjende med andre.

— Forsking viser at dei netteverka ein har som student er heilt avgjerande for trivselen. Difor brukar me ein god del ressursar på nettopp mottaket, seier Kalvik.

— Korleis er det å vera på jobb rundt studiestart?

— Det er stress, men utruleg kjekt når studentane kjem. Me jobbar overtid, stressar ein heil del, men det er mykje energi og god stemning her, smiler han.

Roar ferske studentar

— Først prøvde me å ha berre ein bli kjent-dag. Det var ingen god idé, seier Hege Aarethun.

I staden gjer Det samfunnsvitskapelege fakultetet, der Aarethun er studiekonsulent, mykje det same som mat.nat: Studentane vert allereie den første dagen delt inn i 48 fagspesifikke studiestartgrupper, som kvar vert leia av ein meir røynd student.

— Me ønskjer at fakultetet skal ta ansvar for integreringstiltak på dagtid. I tillegg er det mange av studentane som deltek på fadderaktivitetar, seier Aarethun.

For oss som jobbar der handlar det om å hjelpa dei ferske studentane til å få skuldrane ned og fortelja dei at dei kjem til å få hjelp.

Hege Aarethun

Den første veka er ganske tettpakka for dei vel tusen nye studentane som kjem til SV-fakultetet. I tillegg til å verta kjent med medstudentar gjennom ulike aktivitetar, skal dei mellom anna ha møte med instituttet. I timeplanen til det enkelte faget er det òg lagt inn tid til semesterregistrering, oppretting av brukarkonto og tid på kortsenteret for å få studentkort.

Hege Aarethun er studierettleiar ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet. Før studiestart har ho hjelp av deltidstilsette som planlegg studiestart. Foto: Hilde Kristin Strand
Hege Aarethun er studierettleiar ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet. Før studiestart har ho hjelp av deltidstilsette som planlegg studiestart. Foto: Hilde Kristin Strand

— Allereie no før studiestart er det stort trøkk hos infosenteret vårt. Mange tek kontakt, og det dei først og fremst vil ha, er ei stadfesting av at dei har forstått den informasjonen dei har fått. Ein del er òg usikre på om dei må gjera noko før dei kjem til UiB. For oss som jobbar der handlar det om å hjelpa dei ferske studentane til å få skuldrane ned og fortelja dei at dei kjem til å få hjelp, seier Aarethun.

Noko av det gruppeleiarane vert oppmoda til, er å forklara korleis det er å vera ny student. Aarethun er oppteken av at det som verkar sjølvsagt når ein har vore student ei stund, slett ikkje er det når ein er ny.

— Kva er faktisk ei kollokviegruppe? Det veit ein ikkje nødvendigvis på førehand.

Semesterstart er måndag. Fakulteta tek imot nye studentar, og det nye, akademiske året vert deretter markert på Muséplass klokka 15. Hit kjem både rektor Dag Rune Olsen, ordførar Marte Mjøs Persen og leiar for studentparlamentet, Andreas Trohjell.