Sturle Sandvik turnerer auditoria og får to minutt til å lokke studentane med på klimastreik. Han blir tatt godt imot av jusstudentane. Foto: Njord V. Svendsen
Sturle Sandvik turnerer auditoria og får to minutt til å lokke studentane med på klimastreik. Han blir tatt godt imot av jusstudentane. Foto: Njord V. Svendsen

Mobiliserer studentane til klimastreik

Fleire tusen har meldt si interesse for streik og demonstrasjon for klima i Bergen torsdag. No jobbar arrangørane for å få studentane med.

Publisert   Sist oppdatert

— No har NSB skifta namn til Vy, så de ser kor gale det er blitt, fleipar Sturle Sandvik, utsendt frå studentlaget i Framtiden i våre hender.

Sandvik har fått to minutt frå forelesaren for å reklamere for arrangementet torsdag: Skulestreik og demonstrasjon for klima, i regi av Klimaopprøret i Bergen. Bak står ei rad organisasjonar, med miljørørsla og fleire politiske ungdomsparti på lista.

Studentparlamentet i Bergen har gått med som arrangør og vedtatt ein resolusjon til støtte for parolane. Blant parolane er full stans i oljeleiting, investering i grøne arbeidsplassar og ingen nye motorvegar eller rullebaner.

— Tja, neppe

Studentane i Auditorium 1 ler, og Sandvik får applaus.

Men blir dei med?

— Tja. Neppe, seier Katrine Bjørndalen, jusstudent på fjerde året. Ho er isbjørnfaddar, fortel ho, alle i kollektivet ho bur i er det.

— Søstera mi studerer klima og havfysikk. Det er ho som har sørga for å at eg har fokus på miljø i kvardagen. Vi er flinke til å kjeldesortere. Men eg har ikkje heilt demonstrasjonsgenet, seier Bjørndalen.

Klimastreik

14. mars er det skulestreik og demonstrasjon for klima i Bergen. Arrangør er Klimaopprøret, ei samanslutning av ei rad organisasjonar og politiske ungdomsparti, blant dei Studentparlamentet i Bergen. Klimaopprøret i Bergen starta med ein demonstrasjon i fjor sommar.

22. mars arrangerer Natur og Ungdom skulestreik for klima i Oslo og andre norske byar.

Skulestreikar er blitt arrangert over heile verda i løpet av dei siste månadene, etter at den svenske 16-åringen Gretha Thunberg 20. august 2018 droppa skulen og sette seg ned utanfor den svenske riksdagen med plakat og påskrifta «Skolstrejk för klimatet».

Det har heller ikkje Ingrid Vikse. Også ho blir fôra med kunnskap og situasjonsrapportar, sidan faren hennar arbeider med klimaspørsmål i kommunen.

— Men eg er ikkje så miljøengasjert, dessverre, seier ho. Ho prioriterer patentrett framfor klimaopprør torsdag.

Jusstudentane Katrine Bjørndalen (til venstre) og Ingrid Vikse kjem til å prioritere patentrett framfor å demonstrere på torsdag. Foto: Njord V. Svendsen
Jusstudentane Katrine Bjørndalen (til venstre) og Ingrid Vikse kjem til å prioritere patentrett framfor å demonstrere på torsdag. Foto: Njord V. Svendsen

Om interessa på Facebook-sidene er ein indikator, kan det likevel ligge an til at mange tusen barn, unge og vaksne blir godt synlege på Torgallmenningen torsdag.

Trur på 4-5000

— Eg har tru på at det kan bli 4-5000, i så fall blir det den største klimademonstrasjonen i Noreg til no. Får vi med studentane kan det bli endå fleire, seier David Vogt, førstelektor i filosofi ved Universitetet i Bergen (UiB).

Han er engasjert i klimagruppa i Naturvernforbundet, og no prøver han å bidra til at opprørstrongen vaknar også på universitetet. For også tilsette bør bli med, meiner han.

— Eg oppfordrar alle kollegaer og tilsette på universitetet til å komme og streike i sympati med dei unge som er dei som vil måtte lide av konsekvensane av klimakrisa, seier Vogt.

Bergensk klimaopprør

Medan Natur og Ungdom arrangerer skulestreik for klima 22. mars i andre norske byar, er det altså den 14. det går for seg i Bergen. Det var her det såkalla Klimaopprøret starta med ein demonstrasjon i fjor sommar. Sidan har det utvikla seg til ein brei allianse som no også inkluderer studentane.

Det er blitt arrangert skulestreikar over heile verda i løpet av dei siste månadene, etter at den svenske 16-åringen Gretha Thunberg 20. august 2018 droppa skulen og sette seg ned utanfor den svenske riksdagen med plakat og påskrifta "Skolstrejk för klimatet".