Lytt til vitskapen, òg til klimaforskarane, var klimaaksjonistane i Extinction Rebellion sin bodskap. Foto: Tor Farstad
Lytt til vitskapen, òg til klimaforskarane, var klimaaksjonistane i Extinction Rebellion sin bodskap. Foto: Tor Farstad

Aksjonistar vart viste vekk under museumsopninga

Aksjonistar frå Extinction Rebellion vart vist vekk frå området under gjenopninga av Universitetsmuseet.

Publisert

Medan statsminister Erna Solberg heldt tale under opningsarrangementet for gjenopninga av Universitetsmuseet, kunne ein sjå nokre plakatar blant publikum. Det var klimaaktivistar frå Extinction Rebellion.

— Me hadde stilt oss opp langt framme for å vera synlege. Me ønskjer å markera at artar vert utrydda. Dette må regjeringa ta på alvor.

Det seier Kari Jegerstedt, som i tillegg til å vera med i aksjonsgruppa er førsteamanuensis ved Senter for kvinner- og kjønnsforsking.

Men Jegerstedt og dei andre aksjonistane, som mellom anna hadde med seg eit banner, vart viste vekk. Dei fekk lov til å stå utanfor sjølve Muséplassen.

Berre då statsministeren tala

— Me aksjonerte berre då Erna snakka, understrekar Jegersted.

Ho legg òg vekt på at aksjonen etter hennar meining var fredeleg.

— Me viste gravstøtter med bilete av artar som har forsvunne og av artar som no er truga. Eg meiner at UiB-leiinga i staden for å berre feira i dag òg burde visa at ein tek innover seg kva situasjon verda er i i dag. Det bør ikkje berre vera festtalar.

Jegersted seier at aksjonistane hadde vore i kontakt med politet på førehand, slik dei alltid er før dei aksjonerer. NRK skriv at aktivistane fekk beskjed om at dei måtte flytta seg fordi dei stod på eit område for inviterte gjestar.

— Det var ikkje den beskjeden me fekk. Og eg var faktisk invitert som gjest, seier Jegersted.

Truga artar

Sara van der Moer er ein av aksjonistane. Foto: Tor Farstad
Sara van der Moer er ein av aksjonistane. Foto: Tor Farstad

— Me har ein bodskap til Erna Solberg, det er difor me er her. Det statsbudsjettet ho og resten av regjeringa har lagt fram, gjer at Noreg ikkje når klimamåla, seier Sara van der Moer.

Då På Høyden traff henne hadde ho med ein plakat med bilete av fjellrype, ein av artane som er truga.

Van der Moer understrekar at aksjonistane ikkje ønskjer å øydelegga for museet.

— Dei gjer eit viktig arbeid. Men me er redde for at det snart vert slik at det er fleire artar me berre kan sjå på museum, seier ho.

Jegersted etterlyser ein refleksjon over at verda er i endring.

— Naturen me lever i er i ferd med å verta borte. Det bør ein òg få fram.

Men førsteamanuensen seier det same som med-aksjonist van der Moer: Aksjonistane vil ikkje råka museet.

— Eg har ikkje fått høve til å sjå dei nye utstillingane enno, men slik eg skjønar det, viser ein mellom anna fram plast frå havet. Det er bra.