No planlegg Sara Sekkingstad å levere masteroppgåve i 2027. Ho må berre slå saman tre kommunar først. Foto: Dag Hellesund
No planlegg Sara Sekkingstad å levere masteroppgåve i 2027. Ho må berre slå saman tre kommunar først. Foto: Dag Hellesund

Tar permisjon frå studia for å vera ordførar dei neste fira åra

Sara Sekkingstad (26) tar permisjon frå studia på Universitetet i Bergen for å bli den første ordføraren i nye Alver kommune.

Publisert

Sara Sekkingstad (26) er student på Universitetet i Bergen. Men denne hausten stilte ho òg til val på lista til Senterpartiet i den nye kommunen Alver.

Alver er slått saman av kommunane Lindås, Radøy og Meland nord for Bergen. Førstekandidaten til Senterpartiet i kommunen, Jon Askeland, skal vere fylkesordførar i nye Vestland fylka, og dermed vart det Sekkingstad som skal styra den heilt nye kommunen.

Sara Sekkingstad (26) tar permisjon frå studia UiB for å vere ordførar i nye Alver kommune dei neste fire åra. Foto: Dag Hellesund
Sara Sekkingstad (26) tar permisjon frå studia UiB for å vere ordførar i nye Alver kommune dei neste fire åra. Foto: Dag Hellesund

— Det er mange som meiner at eg er for ung, og ikkje har trua på at eg kan styre ein så stor kommune, seier Sekkingstad til På Høyden.

Det er mange som meiner at eg er for ung, og ikkje har trua på at eg kan styre ein så stor kommune.Sara SekkingstadFørste ordførar i Alver kommune

Men ho er allereie ein erfaren politikar, og tek kritikken med ro.

— Eg har forståing for at folk synest eg er ung. Men eg har òg erfaring frå åtte år i kommunestyret og fire år i Hordaland fylkesting, seier Sekkingstad.

Får støtte frå mange

I haust byrja ho på tredje året av sivilingeniørstudiet i havbruk og sjømat ved Universitetet i Bergen, men måtte søkje permisjon då valresultatet blei kjend.

— Eg har eit godt lag rundt meg, og skal stå på for å vise meg tilliten verdig. Og enn så lenge er folk relativt høflege sjølv i sosiale medium, og veldig mange støttar opp om meg. Eg set stor pris på alle som gir tilbakemeldingar om at dette kjem til å gå fint, seier Sekkingstad til På Høyden.

Ho legg til:

— Medstudentane mine gir meg tilbakemelding på at det er ganskje sjukt at eg skal vere ordførar. Men dei synest det er tøft, og gir meg mange gratulasjonar. Eg synest òg sjølv at det er ganske sjukt!

Mastergrad i 2027

Men pensum om oppdrettsindustri og fiskebiologi har blitt ein særs langsiktig prosjekt for 26-åringen:

— No har eg lagt opp til ein studieplan der eg tek sikte på å levere masteroppgåve i 2027. Eg trur ikkje eg får studert noko ved sida av, for i utgangspunktet blir det meir enn nok jobb å vere ordførar, seier ho.

Det var ikkje gitt at ho skulle ende opp som ordførar i ein ny storkommune då ho vaks opp i Manger i Nordhordland. Faren er prest, og mora jobbar som flyvertinne - og fiskebåtreiar.

— Ho tok over reiarjobben frå bestefar for sju år sia, men flyg framleis i 75 prosent stilling.

Og det er absolutt eit familierederi, fortel Sekkingstad: Fleire av onklane hennar er skipperar, og i maskinrommet og på brua finn du fleire av syskenbarna hennar.

Slapp deltidsjobb

Men fangst av villfisk er ikkje det som har frista Sekkingstad mest.

Gjennom politikken har ho vore og sett på ulike oppdrettsanlegg, noko som har gitt ho smaken på industrien som skal femdobla seg i åra som kjem, dersom regjeringa får det som ho vil.

— Havbruk interesserer meg, og eg har alltid hatt interesse for realfag.

Andre studentar har deltidsjobbar for å spe på stipend og lån, men det har ikkje Sekkingstad hatt tid til.

Politikk har på ein måte vore min deltidsjobb, og eg har difor ikkje hatt ein annan jobb i tillegg

Sara Sekkingstad

— Politikk har på ein måte vore min deltidsjobb, og eg har difor ikkje hatt ein annan jobb i tillegg, fortel ho.

Uheldigvis er travle periodar i politikken og studentlivet samanfallande: Når det er eksamenar i november og desember er det òg høgtid for endeleg å bli einige om neste års budsjett for eit fylke eller ein kommune. Og merkeleg nok blir det òg travelt i politikken fram mot sommaren, når eksamenane tårnar seg opp på toppen av den store sakspapir-bunken for ein stakkars politikar-student.

Men Sekkingstad synest det er nyttig å kombinere studium og politikk.

— Det har vore viktig for meg å ta med meg kunnskap inn i fylkestinget, der eg til dømes kan dra nytte av kunnskapen eg har om havbruk.

Både studium og politiske verv krev prioritering og struktur, og god studieteknikk kan Sekkingstad bruke på begge delar.

— Frå politikken har eg lært å dra det viktigaste ut av sakspapira. Sjølv om eg nok burde lest heile pensum!

Bompengemotstandarane størst

I tillegg til å få tre kommunar til å samle seg til éin, har Sekkingstad fått ein stor motstandar i lokalpolitikken. Mens Senterpartiet i kommunen fekk 18,6 prosent av røystene, fekk Folkeaksjonen Nei til mer bompenger 22,2 prosent, og blei den største lista i kommunen.

Bompengemotstandarane vil skrote heile den lokale, delvis bompengefinansierte Nordhordlandspakka. Men slik blir det ikkje når Sekkingstad tar styringa.

Frå politikken har eg lært å dra det viktigaste ut av sakspapira. Sjølv om eg nok burde lest heile pensum!

Sara Sekkingstad

— Vi er heilt klare på at Nordhordlandspakka er viktig både for trafikktryggleik og utvikling i heile Nordhordland. Men velgarane har gitt eit signal om at dei meiner at bompengetrykk er blitt for høgt.

Difor er ho villeg til å sjå på timesregelen for kor lenge det er muleg å køyre gratis etter ei første bompassering.

Samanslåinga skal skje 1. januar 2020, og mange av planane er lagde.

— Det er nok litt som gjenstår, men eg skal setje meg inn i alt som er lagt av planar den neste månaden.

Ordførarjobben startar først 17. oktober.

— Vil du anbefale andre studentar å drive med politikk?

— Politikk er veldig lærerik. Eg lærer mykje om det som skjer i samfunnet rundt meg, samtidig som eg bidreg til å påvirke samfunnsutviklinga. Og eg vil generelt oppfordre folk til å engasjere seg. Men dei må vere budde på at det blir travle periodar!