Gunnar Grendstad (biletet) og Hilmar L. Mjelde analyserte seg allereie i 2013 fram til at det blei republikansk siger. Modellen dei bruker ser meir på underliggande faktorar som økonomi og politisk system.
Gunnar Grendstad (biletet) og Hilmar L. Mjelde analyserte seg allereie i 2013 fram til at det blei republikansk siger. Modellen dei bruker ser meir på underliggande faktorar som økonomi og politisk system.

Han spådde republikansk siger for fire år sia

Publisert

Mens statvitarar over heile verda vrir seg i stolane sine kan to av dei konstatere at dei spådde rett allereie for fire år sia.

I byrjinga av 2013 – lenge før det blei klart kven som blei presidentkandidatar i USA – skreiv Gunnar Grendstad og Hilmar L. Mjelde dette i tidsskriftet Stat og styring:

«Det er gode sjanser for at den republikanske kandidaten vinner presidentvalget i USA i 2016 og dermed blir landets 45. president. Denne konklusjonen baserer vi på to fundamentale sammenhenger: mulighetene og begrensningene i gjenvalg basert på den 22. grunnlovsendringen, samt den forventede økonomiske tilstanden i valgåret. Det er bedre å søke kunnskap i historien enn å la seg overvelde av valgkamper.»

Underliggende mønster
– Når Mjelde og jeg fikk rett kan det skyldes at underliggende tendenser ser ut til å kunne trumfe svingninger på overflaten, sier Grendstad, som er professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

De to har også predikert valgresultatet i prosent, men det er ennå for tidlig å si hvor nøyaktig prediksjonen traff. Og selv om Grendstad har tro på modellen han bruker, har han vært usikker denne gangen.

– I går trodde jeg faktisk at Hillary Clinton kunne greie å dra seieren i land, sier han til På Høyden.

Mange modellar tok feil
Men effekten av at amerikanske presidenter bare kan sitte i to perioder er sterk.

– Denne åtteårsbevegelsen er veldig systematisk i USA etter andre verdenskrig. Regjeringsslitasje er en av grunnene. Og det tradisjonelle perspektivet i USA er gjerne at de som sitter i Washington er korrumpert, og at de må byttes ut. Da er det ikke til hjelp for demokratene at Obama har sittet i åtte år, sier Grendstad.

Han har tru på modellen han og Mjelde har brukt, men det er sjølvsagt ikke ei sikker metode å forutsjå valresultat på. På ein konferanse om det amerikanske presidentvalet i regi av American Political Science Association i oktober i år, konkluderte ni av elleve modellar med siger til Clinton, mens to viste Trump som vinnar.

– Eg er slett ikkje overraska over at slikt kan skje. Familien og eg har budd i Midtvesten i to periodar. Der er det ein veldig forskjellig mentalitet i høve til folk langs kysten.

Ikkje usannsynleg
Postdoktor Sveinung Arnesen ved Institutt for samanliknande politikk har studert meiningsmålingane under det amerikanske valet, og han ser metodiske svakheiter ved dei.

– Det mest sannsynlege utfallet i heile valkampen har vore siger til Clinton. Men det andre resultatet har heller ikkje vore usannsynleg. I går var det rekna 70 prosents sjanse for at Clinton skulle vinne. Det tyder likevel at Trump vil vinne i tre av ti scenario.

Djupare analyser framover vil vise korfor svært mange meiningsmålingar, ekspertar og kommentatorar tok feil.

– Eg trur det vil kunne ha noko å gjere med kven som har deltatt i valet, og kven som er sannsynlege veljarar. Kanskje har ikkje meiningsmålingane klart å fange det opp. Fleire folk som er mot det etablerte systemet kan ha blitt motiverte til å bruke røysteretten sin. Kanskje har desse ikkje svart på telefonen når det kjem spørsmål om meiningsmålingar.

Må sjåast i samband med Brexit
Og Arnesen ser mulege parallellar til Brexit, då britane stemte for å melde seg ut av EU, stikk i strid med kva eliten, statsvitarar og kommentariatet hadde trudd.

– Brexit var heilt uventa, men det gjorde det meir sannsynleg at Trump kunne vinne i dette valet. Det finst globale trendar, og det virkar som om dette er ein reaksjon mot systemet. Folk som har vore apatiske tidlegare har kanskje fått nok. Økonomisk utrygghet og innvandringsmotstand kan vere slike globale trendar. Ein må sjå på dei to vala åtskild, men òg i samanheng.

– Tyder det at statsvitenskapen har slått feil når fleirtalet av prediksjonar ikkje klarer å forutsjå utfallet?

– På dette feltet er det ein jobb som må gjerast. Men det er grunnleggjande vanskeleg å forutsjå valresultat, seier Arnesen.