Mange vil sitje i interimstyret til den nye Høgskulen på Vestlandet. Dette er nokre av kandidatane.
Mange vil sitje i interimstyret til den nye Høgskulen på Vestlandet. Dette er nokre av kandidatane.

Desse vil styre Høgskulen på Vestlandet

Publisert

Det blir rift om plassane i interimstyret til den nye stor-høgskulen på Vestlandet.

Allereie onsdag 24. august er valet i gang ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, mens det på Høgskolen i Bergen er valstart 25. august. Ved HSH er valet mellom 31. august kl. 0900 og 1. september kl. 1400. 

Interimstyret ved HVL

Eit interimstyre skal ta ei rekke avgjerder for den ny Høgskulen på Vestlandet, for deretter å bli eit ordinært styre for institusjonen frå 1. januar 2017. Styret skal mellom anna tilsetje rektor, vedta budsjett og profil, 

Styret vil totalt telje 13 representantar. Samansetjinga ser slik ut:

  • 4 tilsette i undervisings-/forskingsstillingar (UF)
  • 1 tilsett i teknisk/administrativ stilling  (TAP) (pluss to observatører med talerett)
  • 3 studentar
  • 5 eksterne (inklusive ekstern styreleiar)

Kunnskapsdepartementet peikar ut dei 5 eksterne representantane, mens studentrepresentantane blir valde for eitt år om gangen i eigne val. 

 

Fem styrerepresentantar og to observatørar skal representere dei tilsette ved dei tre institusjonane i styret, i tillegg til tre studentrepresentantar og fire eksterne styremedlemmer.

Nominasjonsfristen for styrekandidatar gjekk ut torsdag i førre veke. Ved HiB, HSH og HiSF har 18 kandidatar stilt til val frå undervisnings- og forskarpersonalet, mens 12 personar frå dei tre institusjonane vil representere dei teknisk-administrativt tilsette.

Styret skal ha tilsaman 13 medlemmer. Av dei blir 5 eksterne, inkludert styreleiar. Ved dette valet er HiB, HiSF og HSH eigne valkrinsar. HiB får fire representantar: 2 faglege, 1 teknisk-administrativ og 1 student. HiSF og HSH får kvar 1 vitskapleg og 1 student, samt 1 teknisk-administrativ representant med observatørstatus i styret. 

Interimstyret blir heilt avgjerande for framtida til den nye høgskulen, så dei skal sitje heilt fram til 31. juli 2019. 

Ved HiB blir det eit møte med presentasjon av kandidatane tysdag 23. august kl. 1430 i Mimes brønn. Ved HiSF er kandidatane presentert på intranettsidene til institusjonen. Vala vil skje elektronisk. 

 

Dette er kandidatane ved HiB: 

Faglege:

  • Ingunn Barmen Tysnes, førsteamanuensis
  • Ragnar Gjengedal, førsteamanuensis
  • Tor Helge Allern, professor
  • Beate Lode, høgskolelektor
  • Tom Skauge, førsteamanuensis
  • Sissel Johansson Brenna, høgskolelektor
  • Hege Emma Rimmereide, førstelektor
  • Tone Nybakken, høgskolelektor

Teknisk-administrative: 

  • Marit Ubbe, seniorkonsulent
  • Gunhild Austrheim, universitetsbibliotekar
  • Hilde Kristin Tveit, seniorrådgiver
  • Håvard Ulstein, rådgiver
  • Torun Synnøve Skøld, overingeniør
  • Eli Heldaas Seland, førstebibliotekar
  • Nina Parmann, rådgiver

 

Dette er kandidatane ved HiSF: 

Faglege:

  • John Roger Andersen
  • Joar Sande
  • Ingunn Skjelbreidalen
  • Marit Solheim
  • Hege Gjerde Sviggum
  • Gunnar Yttri

Teknisk-administrative: 

  • Åse Neraas
  • Kristen Stæger-Breisnes

 

Dette er kandidatane ved HSH

Faglege:

  • Magne Espeland
  • Kristin Ådnøy Eriksen​
  • Arne Langøen
  • Christine Øye

Teknisk-administrative: 

  • Karin Stormo
  • Tonje Velde
  • Ingvild Brekke Myhre