Kim Kantardjiev skal leie arbeidet med å finne forma på det framtidige studentdemokratiet ved Høgskulen på Vestlandet. Foto: <span class="caps">NSO</span>
Kim Kantardjiev skal leie arbeidet med å finne forma på det framtidige studentdemokratiet ved Høgskulen på Vestlandet. Foto: NSO

Kim skal spleise vestlands-studentane

Publisert

Kim Kantardjiev har fått jobben med å leie prosessen mot eit felles studentparlament ved Høgskulen på Vestlandet.

Han jobbar til dagleg som rådgivar innan utgreiing og analyse i Nokut, men var leiar for Norsk studentorganisasjon frå 2011 til 2012. Han leiar no utdanningspolitisk forum i Oslo Arbeiderparti, og skal no leie ein komite som skal finne den framtidige strukturen på studentdemokratiet ved Høgskulen på Vestlandet, skriv studentavisa Kontrast1.no.

– Ein er nøydd til å starte arbeidet heilt frå skrætsj. Så langt er alt ope, utover at ein på eit eller anna vis må sikre representasjon frå ulike campusar, seier Kantardjiev til På Høyden.

Han har nett tatt fatt på jobben, og har ikkje oversikt for heile ramma rundt arbeidet enno.

– Vi har som mål å vere ferdig til slutten av februar 2017, fortel Kantardjiev.

I dag finst det eitt studentparlamentet på dei tre høgskulane Stord/Haugesund, Bergen og Sogn og Fjordane, men prosessen Kantardjiev leier vil samle dei tre.

– Ambisjonen er raskast muleg å få til eit velfungerande studentdemokrati. Mi rolle er berre å vere fasilitator, og eg reknar med at oppdraget berre blir morosamt.

Jobben med studentdemokratiet er noko Kantardjiev vil gjere på fritida, i tillegg til sin vanlege jobb.