Studentane i Sogndal må heretter klare seg utan eiga avis. På same tid blir Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane lagt ned. Foto: Ida Bergstrøm
Studentane i Sogndal må heretter klare seg utan eiga avis. På same tid blir Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane lagt ned. Foto: Ida Bergstrøm

Legg ned Røynda

Publisert

Konfliktar med studentsamskipnaden og mangel på folk gjer at studentavisa Røynda legg ned.

– Eg synest det er veldig leit. Men eg angrar ikkje, eg gjer ikkje det. 

Kristoffer Skarstein har brukt mykje av tida si som redaktør i Røynda dei siste åra. Men etter å ha blåst liv i studentavisa i Sogndal, er han no òg med på leggje ho ned att. 

Omsyn til omdømet
Konflikt med finansieringskjelda, Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (Sisof) er éin av grunnane. 

NRK Sogn og Fjordane skriv at Sisof har lagt press på Skarstein og redaksjonen når det gjeld saker som er kritiske til Sisof. Avisa har òg hatt eit punkt i vedtektene som seier at <<Røynda skal oppmuntre studenter til å løse konflikter gjennom studentdemokratiet. Om dette er prøvd, men ikke har fungert, kan en eventuell publisering vurderes>>. 

Skarstein fortel at ved eit høve lot Røynda vere å skrive om ei student med små barn som klaga på uro og fyll ved studentheimen i Sogndal, på grunn av omsyn til ryktet til Sisof. 

Sisof-direktør Randi Marie Sjøholt innrømmer at dette har vore eit tema: 

– Ja, der har vore saker som me har bede Røynda om å handtera skånsamt, anten fordi sakene har vore under handsaming, eller fordi omdømet til Sisof kunne bli skada, seier ho til NRK.

Sleit med rekruttering
– Høgt konfliktnivå har vore ein del av kvardagen. Folk blir slitne, og det spreier seg ei kjensle av at Røynda kranglar på alt. Det tek mykje energi, seier den utgåande redaktøren. 

Det andre problemet til Røynda har vore rekruttering. I løpet av det siste halvåret har dei freista å rekruttere studentar som journalistar og redaktørar både i Sogndal og Førde, men det har vore vanskeleg. 

– Vi har jo inga journalistutdanning ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Folk føler seg nok litt usikre, og er ikkje heilt trygge på om dei kan skrive godt nok, seier Skarstein. 

Sjølv har han, saman med eit samla studentmiljø i Sogndal, markert seg mot fusjonen som ved nyttår endar i Høgskulen på Vestlandet (HVL). Og nettopp fusjon er det Skarstein kjem til å sakne mest: 

– Det svir at eg ikkje får vere med og trykke på den fusjonssaka, seier han til På Høyden. 

Paradoksalt nok kunne problema med Sisof snart vore historie: Kunnskapsdepartementet har avgjort at Sisof ikkje skal få halde fram som eigen samskipnad for Sogn og Fjordane. Men no forsvinn altså både Sisof og Røynda samtidig. Dermed blir Kontrast1 ved HiB einaste fungerande studentavis ved Høgskulen på Vestlandet.