Siri Vatsø Haugum ved Institutt for Biovitenskap ved Universitetet i Bergen vann onsdagens delfinale i Forsker Grand Prix i Bergen. Foto: Tor Farstad
Siri Vatsø Haugum ved Institutt for Biovitenskap ved Universitetet i Bergen vann onsdagens delfinale i Forsker Grand Prix i Bergen. Foto: Tor Farstad

Til finalen i Grand Prix

Siri Vatsø Haugum vann delfinalen i Forskar Grand Prix i Bergen onsdag kveld. Didrik Hjertaker Grevskott fra Havforskningsinstituttet kvalifiserte seg også til finalen i Stavanger laurdag.

Publisert   Sist oppdatert

Siri Vatsø Haugum forskar på kva som eigentleg skjer i naturen når det plutseleg blir tørt. Målet er å finne ut korleis vi kan forme det gamle kulturlandskapet på kysten slik at det vil halde fram med å levere økosystemtenester som karbonlagring og mat i eit meir ustabilt klima.

Deltakere i Bergen

Her er de ti deltakerne fra Bergen. De konkurrerte om finaleplass onsdag 25. september.

  • Bård Fyhn, Institutt for strategi og ledelse, Norges Handelshøyskole.
  • Cathrine Borgen, Hauge School of Management, NLA Høgskolen
  • Didrik Hjertaker Grevskott, Havforskningsinstituttet
  • Hilde Renate Engerud, Klinisk institutt 2, Universitetet i Bergen.
  • Jarle Rambo Sølie, Institutt for elektrofag, Høgskulen på Vestlandet
  • John Magnus Dahl, Institutt for informasjons- og medievitenskap, Universitetet i Bergen
  • Juliane Marie-Thérèse Tieman, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier, Universitetet i Bergen.
  • Kristine Flacké Haualand, Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen
  • Siri Vatsø Haugum, Institutt for Biovitenskap, Universitetet i Bergen
  • Torstein Strømme, Institutt for Informatikk, Universitetet i Bergen

Onsdag kveld gjekk ho sigrande ut av delfinalen i Forskar Grand Prix i Bergen Klimaet, i konkurranse med ni andre.

I eit villare klima får vi meir av alt – flaum, tørke, orkanar, heitebølgjer og sprengkulde. Lange periodar med varmt og tørt vêr på Vestlandet kan kjennast behageleg, men for naturen er det faktisk ekstremvêr. Berre i 2018 delte staten ut meir enn 1,6 milliardar kroner i erstatting for avlingssvikt, og det vart registrert meir enn 2000 villbrannar.

Menneska har forma landskapet rundt byar og bygder i mange hundre år, men mange av dei største endringane har kome dei siste tiåra. Korleis landskapet rundt oss ser ut har faktisk mykje å seie for korleis naturen har det og kva tenester den kan gjere for oss, heiter det i omtalen av finalisten Vatsø Haugum.

Didrik Hjertaker Grevskott forskar på bakteriene i skjel. Antibiotikaresistente bakteriar er ein av de største helseutfordringane vi har. I dag veit vi for lite om korleis slike bakterier spreier og utviklar seg i miljøet, inkludert havet, seier omtalen om Hjertaker Grevskott.

Førstkommande laurdag går finalen i Forskar Grand Prix av stabelen i Stavanger.