UiBs «ghostbusters», Ola Søndenå (til venstre) og Olav Aas på oppdrag for Spesialsamlingane i 2019 då verdiar frå loftet på Geofysisk instititutt, UiBs eldste bygg, skulle bergast før oppussing. Lagringsforholda i bygget var svært dårlege og ikkje i lovmessig stand.
UiBs «ghostbusters», Ola Søndenå (til venstre) og Olav Aas på oppdrag for Spesialsamlingane i 2019 då verdiar frå loftet på Geofysisk instititutt, UiBs eldste bygg, skulle bergast før oppussing. Lagringsforholda i bygget var svært dårlege og ikkje i lovmessig stand.

Delar av UiB sine historiske samlingar fortsatt i fare

Verdifulle samlingar har i lang tid vore utsette for lekkasjar og risikable lagringsforhold. — Det vil ta tre år til før vi er i mål med å rydde opp i gamle synder, seier eigedomssjefen.

Publisert Sist oppdatert

Den rike museumsarven er blitt forsømt i fleire tiår, men etter at vikingskatten på Historisk museum vart stolen i eit innbrot i 2017, vart det ny fart i sikringstiltaka.

UiBs historie

Universitetet i Bergen (UiB) vart vedtatt oppretta i 1946 og offisielt opna i 1948.

Forløparen til universitetet, Bergen Museum, vart stifta i 1825. Fridtjof Nansen tok i 1888 doktorgraden her.

Geofysisk institutt vart stifta i 1917 med havforskaren Bjørn Helland-Hansen (1877-1957) i spissen. Instituttet var basen til Vilhelm Bjerknes (1862-1951), som blir rekna som grunnleggaren av moderne vêrvarsling.

Bergen museum vart seinare opphavet til fleire andre spesialiserte museum i Bergen, men det finst enno ikkje noko eige museum for UiBs eiga faglege historie.

No nærmar universitetet seg målet om å sikre samlingane sine for ettertida og i tråd med lovverket, forsikrar eigedomssjef Even Berge. I fjor vart det sett av 25 millionar kroner til «ekstraordinære sikringstiltak», og arbeidet med permante ordningar er godt i gang.

Men nettopp på Historisk museum er det uvisst når arkiv og magasin kjem på trygg grunn.

— Vi er avhengige av statlege løyvingar for å få dette til, utan dette klarer vi ikkje løyse utfordringane innan tre år seier, eigedomsdirektør ved UiB, Even Berge.

Verdfulle gjenstandar, dokument og bilder må dermed fortsatt lagrast under til dels risikable forhold som i dag ikkje oppfyller krava i arkivlova.

— Noko av utfordringa har vore å finne gode stader for magasin i nærleiken til Nygårdshøyden, seier eigedomsdirektøren.

Når det gjeld Spesialsamlingane, som UiB sjølv karakteriserer som «en skattekiste for forsking, formidling og oppgaveskriving», er sikker lagring minst fem år fram i tid. Då skal samlingane etter planen inn i nybygg tett på HF-bygget, der samlingane no er.

— Vi vil fortsatt ha utfordringer knyttet til klima og lekkasjeproblematikk, seier Berge om tida fram til nybygget skal stå klart.

Søker etter husrom

Nyleg gjekk universitetet ut med annonsar for å leite etter tilbydarar av lagringsmagasin til materiale frå kjellaren i Bibliotek for samfunnsvitskap og musikk (SV-fakultetet). Her ligg mengder bøker, tidsskrift, avissamlingar, manuskript, kart og fotografi i magasin.

Ifølge Berge er det vassførande røyr i lokala som er problemet, og som gjer at romma ikkje tilfredsstiller lovkrava. UiB har i desse dagar eit tilbod til vurdering.

Det historiske materialet er omfattande og samla heilt sidan forløparen til Universitetet i Bergen, Bergen Museum, vart stifta i 1825. Bergen museum vart seinare opphavet til fleire andre spesialiserte museum i Bergen, men det finst enno ikkje noko eige museum for UiBs eiga faglege historie. Universitetsmuseet i Bergen består i dag av De kulturhistoriske samlingene, Seksjon for ytre kulturminnevern, De naturhistoriske samlingene med Musèhagen og Arboretet og Botanisk hage på Milde.

Først bilder – så Bryggen

Arkeologisk materiale som ligg i magasin under Bryggens museum vart anbefalt flytta snarast etter ei risikovurdering i 2017. Materialet ligg fortsatt på Bryggen, sjølv om planar om flytting til forsvarleg lagring i Hansahallane har vore på trappene i eit par år.

Ifølgje eigedomsdirektøren ved UiB er det utfordringar med eigarskifte og leigeforhold som er grunnen til at det går sakte.

Fram til 2009 skal store delar av det arkeologiske materialet frå utgravingane på Bryggen etter brannen i 1955 ha vore lagra i eplekasser spreidde kringom i byen. I 1974 stod det første permanente magasinet klart i kjellaren under Bryggens museum, men no er altså dei også utdaterte.

Når det gjeld UiBs unike bildesamling, skulle den etter planen vere under overflytting til nybygd magasin på Universitetsbiblioteket denne sommaren. På grunn av koronaforseinkingar går det ikkje heilt etter skjema, men dei nybygde magasina skal vere klare for innflytting i løpet av hausten.

Bildesamlingane, som består av to millionar fotografi med ei unik samling uerstattelege, fotografiske glasplater på lasset, skal gjennom ei komplisert flytting frå noverande lokale i Nygårsdgaten 5. I ei evaluering som Universitetsbiblioteket gjennomførte i 2016 vart det peikt på at Bildesamlingane har vore ramma av fleire uhell, som vasslekkasjar og «uheldige episoder fra etasjene over», etter at samlinga vart flytta inn der tidleg på 2000-talet. Delar av samlinga står på UNESCOs verdsarvliste.

Når ombygging av Nygårsdagen 5 startar neste år, skal flyttinga av bildesamlinga vere fullført, mens konserveringsavdelinga på huset skal til mellombelse lokaler i påvente av permanente ordningar.

Gamle synder om igjen

Allereie i 2000 peikte Mjøsutvalet på behovet for å undersøke tilstanden ved universitetsmusea. Fire år seinare, i 2004, kom Riksrevisjonens rapport frå fem norske universitetsmuseum, som avdekte alvorlege manglar. Desse gjaldt så godt som alle sider ved drifta, lagring og konservering til organisatoriske forhold. Dette var følgd opp med Stortingsmelding nr. 15 (2007-08) med klare tilrådingar om oppgradering av museumsarven ved universiteta. Det var dette som sette fart i renoveringsarbeidet ved Naturhistorisk museum i Bergen, som etter fleire års stening opna for publikum igjen i fjor haust.

Eigedomsdirektør Berge lovar at ein ny epoke er i emning.

— Det vil ta tre år til før vi er i mål med å rydde opp i gamle synder.