Åpning av det akademiske året
Åpning av det akademiske året

Snakk ikkje ned mastergrada

Publisert

I Bergens Tidende, Dagens Næringsliv og fleire andre aviser har det i haust vore ein debatt om masterutdanningane.  Det har blitt stilt spørsmål ved om arbeidslivet har fått «mastersjuka»; for mange har feil kompetanse og for høg utdanning, blir det hevda. Det samme vart hevda av NHO-leiar Kristin Skogen Lund  og Spekter-leiar Anne-Kari Bratten under torsdagens NOKUT-konferanse, som sette fokus på samarbeidet mellom utdanningssektoren og arbeidslivet.

Universitetet i Bergen (UiB) sine undersøkingar tyder på det motsette. Kompetansen masterutdanningane våre gir står sterkt i arbeidslivet, og masterkandidatane rapporterer at dei får relevante jobbar.

Synnøve Vindheim Svardal skriv, i eit lesarinnlegg i BT 30. oktober godt om alle fordelane med masterutdanninga ved universitet som baserer utdanninga på forsking og kunnskapsutvikling. Hennar erfaring er at det konkrete faglege innhaldet i masterstudia ofte ikkje er det viktigaste for arbeidsgivarar, men kompetansane og dei overførbare ferdigheitene studia gir. Ho har rett.

Arbeidslivet etterspør mastergrader
UiB undersøkte sist i 2010 korleis arbeidsgivarar vurderte framtidas behov for kompetansar gjennom prosjektet «Kompetanse 2020». Undersøkinga syner mellom anna at arbeidsgivarar etterspør kandidatar med masterutdanningar. Utvalet bestod av føretak i offentleg og privat sektor i næringar som potensielt rekrutterer høgre utdanna.

93 prosent av føretaka hadde stillingar der dei føretrakk masterutdanna, 83 prosent hadde stillingar der dei føretrakk bachelorutdanna og 25 prosent hadde stillingar der dei føretrakk folk med doktorgrad.

Kva slags kompetanse arbeidsgivarane ønskjer gjev eit bilete av kvifor masterkandidatar er etterspurte.  Leiarar i privat sektor rangerer følgjande kompetansane høgast hos ein arbeidstakar: Samarbeidsevner, evne til å tileigne seg ny kunnskap og evne til kritisk og sjølvstendig tenking.  Dette er kompetanse ein særleg får utvikle på masternivå, og som stiller høge krav til sjølvstendig kunnskapsutvikling, til teoretisk og praktisk problemløysing og nyskaping. Både offentleg og privat sektor treng kompetanse for innovasjon, organisasjonsutvikling og forsking, og her har masterutdanningane klare føremoner.

Ut frå vår undersøking ser vi at arbeidsgivarar har eit reflektert forhold til kva krav som bør stillast til utdanningsnivå, og at etterspurnaden etter masterkandidatar i stor grad er rotfesta i reelle kompetansebehov i føretaka.

Masterkandidatar får relevant arbeid
Det har skjedd ein sterk auke i talet på kandidatar med masterutdanning over dei seinaste 20 åra. Samstundes syner kandidatundersøkingar at høgre utdanning framleis er ein god inngangsport til arbeidsmarknaden.

Studentsamskipnaden i Bergen si kandidatundersøking frå 2011 synte at eitt år etter fullførte studiar var kandidatar med masterutdanning i stor grad  i jobb. Dei hadde i tillegg lettare for å få relevant arbeid enn bachelorkandidatane.

3 prosent av masterkandidatane var arbeidsledige på undersøkingstidspunktet, mot 9% prosent av bachelorkandidatane. 91 prosent av masterkandidatane rapporterte at dei hadde relevant arbeid, mot 70 prosent av bachelorkandidatane.

Det er naturleg at universitetsstudentane søkjer masterkvalifikasjon. Ikkje alle fagfelt har like stor etterspurnad i arbeidsmarknaden, og ikkje alle er nøgde med innhaldet og kompetansekrava i dei første stillingane dei får. NIFU sine kandidatundersøkingar syner likevel at dette i stor grad er eit overgangsproblem. Åtte år etter fullført høgre grad, var 98 prosent av 2000-kullet sysselsett, og berre 1 prosent hadde stillingar dei meinte dei var overkvalifiserte for.

Utdanning for arbeidslivet
Kunnskapsdepartementet har no utarbeidd eit nasjonalt rammeverk for kvalifikasjonar som skal gjelde for alle universitets- og høgskuleutdanningar frå og med 2013. Rammeverket krev av oss at utdanningane våre skal vere relevante for arbeidslivet, og at det skal vere tydeleg kommunisert til arbeidsgjevarane kva kompetansar kandidatane vår har. På den måten er det enklare for arbeidsgivarar å vurdere om gradane sitt kompetansenivå står i forhold til kompetansekrava i stillingar.

For studentane ved UiB er dette godt nytt. Vi har over fleire år arbeidd systematisk med å utvikle dialogen med arbeidslivet. I ein handlingsplanen om UiB og omverda frå 2009 blei fleire viktige tiltak fremma og så sett i gang. Meir praksis i utdanninga gjennom aktiv hospitering ved arbeidsplassar og bruk av arbeidslivspanel er nokre døme. Like viktig var etableringa av Råd for samfunnskontakt der representantar frå arbeidslivet møter den breie UiB-leiinga og drøftar mellom anna behovet for kompetanse i Bergen og på Vestlandet. Vi har satsa hardt på å bygge ut alumni-tenestene slik at vi kan ha kontakt med alle våre tidlegare studentar og ha verdfull dialog om UiBs utdanning. Samstundes gjer Karrieresenter og Utdanning i Bergen ein framifrå jobb med å marknadsføre høgare utdaning.

Framifrå framover
Regjeringa har flagga høge ambisjonar for framtidas kunnskapssamfunn. Dei legg stor vekt på å utvikle verdsleiande universitetsmiljø. Dette er satsingar eg, saman med resten av rektoratet ved UiB, ønskjer velkomen. Samstundes skjer det omfattande globale strukturendringar innan utdanning og forsking. Det er aukande internasjonal konkurranse om dei beste forskarane og studentane. UiB har så langt klart seg bra i denne konkurransen, men vi kan ikkje kvile på katetera våre heilt enno. Ved verdas beste universitet ser vi at det blir satsa stort på digitalisering av utdanninga, nye og meir innovative læringsformer og effektive metodar for studentaktiv forsking. UiB har ambisjonar om å halde tritt med desse kunnskapens frontløparar ved å vere i utdanningsfronten like mykje som i forskingsfronten. Vi skal sørge for at studentane som kjem til kunnskaps- og forskingsbyen Bergen skal få eit så godt utdanningstilbod som mogeleg. Det gjer vi fordi vi veit at samfunnet vårt treng og fortenar framifrå kompetanse og kunnskap. Då treng vi di hjelp til å friskmelde mastergrada!