Korleis verda ser ut, avhenger av kor du ser ho frå. Eit godt, nasjonalt samarbeid må spegle dette. Foto: Jacques Descloitres, MODIS Land Rapid Response Team at NASA GSFC
Korleis verda ser ut, avhenger av kor du ser ho frå. Eit godt, nasjonalt samarbeid må spegle dette. Foto: Jacques Descloitres, MODIS Land Rapid Response Team at NASA GSFC

Nasjonalt samarbeid med lokalt tyngdepunkt

Publisert

Universitetsleiinga i Bergen har eit sterkt ønske om å bidra til å styrke Khrono. Universitetsmedia er små og fragmenterte, og auka samarbeid er difor ein god ide. Kunnskapssektoren skal legge grunnlaget for den framtidige veksten i landet, og fri, uavhengig journalistikk om ein sektor som bruker over 60 milliardar kroner og sysselset 44 000 personar trengst det meir av.

Samarbeider allereie

På Høyden har heile tida stått for ei samarbeidslinje med publikasjonar som Universitetsavisa, Khrono, forskning.no og Uniforum, mens andre har avslutta samarbeidet grunna personmotsetnader og strategiske vurderingar. Det er mellom anna sterke interessemotsetnader mellom gamle forskingsuniversitet og nyare universitet, og det er ennå ikkje klart korleis dette vil ende.

På Høyden har heilt sidan avisa fekk redaktørplakat i juni 2012 samarbeidd med dei andre sektoravisene, Khrono inkludert. Mange av artiklane produsert av På Høyden har òg stått på trykk i Khrono, som i fleire år har jobba for å bli ein nasjonal publikasjon. Slik sett vil eit ytterlegare samarbeid ikkje trenge å ha så store konsekvensar: Vi bidreg allereie nasjonalt, og med ein styrka redaksjon kan vi gjere dette i endå større grad.

Må vere inkluderande

Universitetet i Bergen omset for fleire milliardar kroner i året, og styringa av universitetet kviler på eit demokrati, der dei tilsette har ei avgjerande røyst i korleis den store potten med offentlege pengar skal brukast. Det skal vere stor takhøgd for kritikk og debatt på eit universitet, som treng kanalar som ikkje er kontrollerte av leiinga på toppen. Det er difor bra at rektoratet har kome til at På Høyden skal halde fram, gjerne med eit litt justert føremål.

Det er òg bra at UiB vil bidra til meir nasjonal journalistikk og auka samarbeid i sektoren. Men her er det særleg viktig at ein får til ei ordning som verkar inkluderande òg på andre interessentar. Modellen som kjem ut av tingingane med OsloMet bør fordele makta på ein måte som sørger for at mange røyster kjem til orde, og at dette ikkje blir eit sentralstyrt prosjekt frå Oslo. Kor viktig noko er avhenger av kor ein står, og kanskje er det difor eit så viktig tema som marin forsking får så lite merksemd i Oslo-redaksjonane.

Må sjå på endeleg avtale

På Høyden-redaksjonen i Bergen må vere samla og jobbe sjølvstendig, i tett samarbeid med redaksjonen i Oslo og eventuelle andre stader. Ein redaksjon som tek utgangspunkt i OsloMet må altså ikkje dominere samarbeidet. Truleg er det berre då ein slik modell vil vere så open og inkluderande at fleire aktørar, inkludert dei største universiteta i landet, kan gå inn i samarbeidet.

UiB, OsloMet og ei handfull andre interessentar skal 10. september møtest for å sjå om dei kan få til ei avtale alle er nøgde med. Berre det ferdige resultatet har svaret på om dette blir ei god ordning for UiB og andre, og det bør gåast kritisk gjennom før UiB eventuelt takkar ja.