Fakultetet satsar over vårt grunnbudsjett på at vår utdanning og forsking skal bidra til den omstillinga som det synest å vere stor konsensus om må komme, skriv mat.nat-dekan Helge Dahle.
Fakultetet satsar over vårt grunnbudsjett på at vår utdanning og forsking skal bidra til den omstillinga som det synest å vere stor konsensus om må komme, skriv mat.nat-dekan Helge Dahle.

Mat.nat satsar på det grøne skiftet

Publisert

På vegne av Grønne Studenter Bergen kommenterer Eline Aresdatter Haakestad kartlegginga som Det matematisk-naturvitskapelige fakultet (MN) har gjort av våre eksternt finansierte forskingsprosjekt.  Innlegget tydar på at Haakestad vil at UiB politisk skal styre kva forskingsprogram våre forskarar skal søke midlar frå og kva dei skal forske på. Det har vi ikkje heimel for i Lov om universiteter og høgskular (§1.5, 3a, «akademisk fridom»). Også tilrådinga frå NENT påpeikar denne fridomen, så sant forskinga elles er innanfor forskingsetiske retningsliner.

Tanken om å skulle forby forsking fordi den kan føre til auka utslepp illustrerer at det ikkje er lett å klassifisere akademisk forsking, og heller ikkje å sjå konsekvensane av den. Skulle UiB (i strid med UH-lova) forby forsking på til dømes paleoklima fordi dette har bidrege til oljefunn i Nordsjøen, eller samfunnsforsking som kan bidra til betre organisering av oljenæringa, eller grunnforsking som er relevant for både petroleumsnæringa,  CO2-lagring og fornybar energi?

Grunnleggande forsking innan disiplinfaga ved MN-fakultetet har bidrege til at Noreg har utvikla den mest kompetente oljenæringa i verda. Dei same disiplinfaga har og lagt grunnlaget for at vi gjennom Bjerknessenteret har bygt opp eit av dei sterkaste klimaforskingsmiljøa i verda. Begge deler er fakultetet stolt av.

At fakultetet har store fagmiljø som driv petroleumsrelevant forsking er reflektert i mange eksternt finansierte forskingsprosjekt. Det viser at den petroleumsrelaterte grunnforskinga ved fakultetet har høg kvalitet. Fakultetet skal dessutan i mange år framover gi forskingsbasert utdanning til studentar som vil finne arbeid i norsk petroleumsnæring. Det er ein del av samfunnsoppdraget Stortinget har gitt oss.

Ein må ikkje blande saman ei liste over eksternfinansierte prosjekt med «satsing». Fakultetet satsar over vårt grunnbudsjett på at vår utdanning og forsking skal bidra til den omstillinga som det synest å vere stor konsensus om må komme, og som klimaforskinga viser er naudsynt. Det skjer gjennom at vi i år har utvikla ein strategi for forsking på fornybar energi, og dernest korleis vi følgjer opp denne strategien gjennom budsjettprioriteringar. Vi har og nyleg etablert eit mastertilbod innan fornybar energi, og bidreg gjerne med fleire grøne utdanningsprogram om samfunnet treng dei. Imidlertid hjelper det lite for miljøet å utdanne studentar til arbeidsløyse. Det er samfunnsomstilling med framvekst av grønare industri og tilhøyrande arbeidsplassar som må skape endra behov for teknologisk og naturvitskapleg kompetanse – vi kan ikkje styre denne utviklinga gjennom våre utdanningsprogram.Samfunnsdebatten om det grøne skiftet er viktig, men ei oppteljing av  prosjektporteføljen ved fakultetet er ikkje relevant for å hevde at UiB som institusjon heng etter.

Slik dei folkevalde har bestemt at universiteta skal finansierast, kan vi ikkje be forskarane om å slutte å søke om eksterne forskingsmidlar. Dei satsane Stortinget har fastsett for finansiering av studieplassar, dekkjer på langt nær kostnadane i eksperimentelle fag og til feltarbeid. Budsjetttildelinga fakultetet får frå Universitetsstyret dekker stort sett løn og husleige. Vi er difor avhengige av eksterne forskingsmidlar for å finansiere master- og doktorgrader, samt utstyr til laboratoria og feltarbeid. I tillegg til denne direkte finansieringa av utstyr og driftsmilder frå dei eksterne prosjekta, har Stortinget bestemt at ein del av tildelinga til universiteta over statsbudsjettet skal avhenge av kor mykje pengar vi klarer å hente frå EU og Forskingsrådet. Så både direkte og indirekte vil mindre forskingsmidlar bety å utdanne færre studentar og med gammaldags teknologi. Eit grønt skifte vil krevje innovative løysingar frå høgt utdanna teknologar og naturvitarar, så å medvite forringe kvaliteten og kvantiteten i fakultete si utdanning vil ikkje gje eit positivt bidrag. Vi er i stor grad prisgitt det dei tilsette får tilslag på av eksterne prosjekt, og ein viktig del av fakultetet sin forskingsstrategi er å legge til rette for at forskarane skal lukkast med dette.

Ja: Kjemp for det grøne skiftet, men bruk rett adresse! Forskinga kan ikkje endrast med forbod, men med tilbod. Vi skulle gjerne sett at staten legg enda betre til rette for omstilling, forsking og utdanning for fornybarsamfunnet, men UiB styrer ikkje over Stortinget, Forskingsrådet og EU. Vi inviterer gjerne Haakestad og Grønne Studenter Bergen til fakultetet for å diskutere forsking og utdanning ved MN, og kva som faktisk kan bidra til eit grønt skifte.