Floa gjekk høgt i Vågen i Bergen i januar. Det vil skje oftare om klimaet blir varmare.
Floa gjekk høgt i Vågen i Bergen i januar. Det vil skje oftare om klimaet blir varmare.

UiB blir klimasinke

Publisert

I november kunne ein lese at UiO og NMBU skal flytte investeringar frå fond knytt til fossil energi, til grønare alternativ. Dei to universiteta forvaltar sine stiftingar og verdiar gjennom Unifor, som no ynskjer å flytte kapitalen sin i fossilfri retning. Dette er ikkje UiB ein del av.

Unifor har satt seg eit mål om å unngå investeringar i selskap som produserer eller distribuerer fossilt brensel innan utgangen av 2021. Dette skal dei klare ved å bruke fondsforvaltninga til bankane Storebrand og KLP.

Per i dag så har ikkje Storebrand eller KLP, eller andre bankar i Noreg for den del, aksjeporteføljer utan selskap med inntekt frå fossil energi. Unifor vil bruke sin forbrukermakt som storkunde hos desse forvaltningsselskapene for å få på plass eit tilbod om fossilfrie aksje- og obligasjonsfond. Dersom dette er vellykka så har dei skapt eit miljøvenleg tilbod som andre selskap og privatpersonar kan nytte seg av. Dette vil vere det første fossilfrie fondsalternativet i Noreg, altså eit stort bidrag til grøn omstilling.

Det nærmaste Universitetet i Bergen kjem Unifor er Meltzerfondet, som er det største og viktigaste fondet ved universitetet. Dette fondet er investert gjennom Storebrand, som altså er det same selskapet som Unifor ynskjer å arbeide med for å etablere fossilfrie fond. 

I Studentparlamentet ved UiB er vi misunnelige på studentane ved dei andre universiteta som snart kan skryte av å gå på fossilfrie universitet. UiB er i ferd med å bli ein klimasinke stilt opp mot universitet vi samanliknar oss med!

Studentparlamentet vil foreslå for styret i Meltzerfondet at dei vedtar den same målsettinga som Unifor på neste styremøte. Slik står vi saman med UiO,  og NMBU om å utvikle grønare fond, og tar eit steg i riktig retning.

Svein-Martin H. Stenseth

Nestleiar og miljøansvarleg i Studentparlamentet ved UiB