CO2 emissions
CO2 emissions

Klimaargumentet

Publisert

Peter M. Haugan og andre har tatt til orde for å vurdera grunnlaget for forsking som forlengjer levetida til bruken av fossile energikjelder. Her vert det peika på at det er fleire tilhøve som gjer grunn til dette. Eitt av dei er menneskeskapte (antropogene) klimaendringar. Kort oppsummert går dette ut på at 80 prosent av dei antropogene CO2-utsleppa er knytt til bruk av fossile brensler. Ulike forskningsresultat (t.d. Meinshausen mfl. 2009 og TFE.8, figur 1 i sinaste IPCC-rapport) seier vidare at det CO2 budsjettet vi har til rådvelde for å unngå å passere togradersmålet varierer frå omlag 280-390 Gt-C. Med noverande antropogene CO2-utslepp på om lag 10 Gt, snakkar vi altså om eit tidsrom på nokre tiår. Mange fagmiljø ser på ein temperaturauke på meir enn to grader som svært alvorleg og uønska, og omtrent alle land i verda har dette som klimamål.

Fleire innlegg i På Høyden (bl.a. Arntsen m.fl, Høiland m.fl., Barth) imøtegår synspunkta til Haugan og argumenterer for fortsett (institusjonell) strategisk satsing på petroleumsforsking ved UiB. Eitt av dei berande elementa i motargumentasjonen som eg vil kommentera her er at kunnskapsstatus i klimaforskinga ikkje kan tilleggjast vekt, verken i ein etikkdiskusjon eller i ein meir pragmatisk diskusjon om forskingsstrategiske prioriteringar. Sentrale påstandar er:

  • Klimaframskrivingane er feile og basert på manglande forståing av klimasystemet.
  •  Modellane som vert nytta har alvorlege manglar. 
  • Den noverande utflatinga i auken av global bakketemperatur er ein sterk indikasjon på at klimaframskrivingane ikkje er til å lita på.

Når eit titalls professorar sluttar seg til slike påstandar er det rimeleg å venta eit etterretteleg nivå på den faglege underbyggjinga. I staden er udokumenterte påstandar og ei mengd såkalla fakta som ikkje kan samanstillast eller som er tatt heilt ut av samanheng noko av det som vert dratt til torgs. Til dømes drar Høiland mfl. fram ei rekneøving for studentar som syner den isolerte temperatureffekten av ei CO2-auke under svært idealiserte tilhøve. Denne er dessverre tatt heilt ut av samanheng og ikkje relevant for den aktuelle klimautviklinga. Vidare vert lausrivne pressesitat frå Hans von Storch (GKSS) og Richard Lindzen (MIT professor) dratt inn til støtte for argumentasjonen. Lindzen har publisert verkeleg innsiktsfulle hypoteser om ”termostatprosessar” i atmosfæren. Desse har seinare vorte falsifisert av nyare forskning, men like fullt ført til viktig kunnskap. Kva Lindzens personlege meiningar om alvoret i ulike globale utfordringar måtte vere er dessverre uinteressant i denne samanhengen. 

Både utviklarar og brukarar av klimamodellar veit at det er avvik mellom modellklima og det verkelege klimaet. Å nytta dette som argument er difor å slå inn opne dører. Grei heller ut om klorleis slike modellar vert verifiserte. Kva feil fører numeriske tilnærmingar og fysiske parametriseringar til? Er det slik at desse systematisk fører til overestimering av temperaturauken? Eller andre strukturelle endringar for den saks skuld?

Det er tilsynelatande eit vektig argument mot klimatiltak at den globale temperaturveksten har stagnert. Påstandar om at modellane ikkje reproduserer stagnasjonen vert også nytta for å klassifisera dei som mindre egna til å berekna framtidig klimautvikling. Dette er diverre kortslutningar og brot på viktige prinsipp i verifikasjonsmetodar. Ein treng likevel ikkje gå inn på tekniske detaljar i dette spørsmålet for å forstå hovudpoenget. Utslepp av drivhusgassar fører til ubalanse mellom tilført og tapt energi ved atmosfærens topp. Det kjem meir energi inn til jordsystemet enn det som vert emittert til verdsrommet inntil ein ny temperaturstruktur har etablert seg og gjer på ny energilikevekt (gitt at utsleppa ein gong vert stabilisert). Den konkrete tidsutviklinga år for år mot ny likevekt kan ikkje predikterast med dagens modellar. Ein treng likevel ikkje komplekse modellar for å forstå at ulik varmekapasitet i klimakomponentane, tidsavhengige smelteprosessar, dynamiske prosessar og andre kortlevde pådrag (som vulkanutbrot, aerosolutslepp, etc) vil føra til variabilitet som er overlagra den langsiktige trenden. Ein bør difor argumentera på eit heilt anna nivå når ein med fagleg autoritet påstår at den stagnasjonen vi no er inne i skal takast til inntekt for ei meir avventande haldning til klimatiltak og petroleumsforsking som strategisk satsingsområde. Ein kunne kanskje attpåtil forventa vurderingar kring kva observasjonskriterier som bør vera oppfylt for at ein skal sjå på global oppvarming som eit alvorleg problem.

Så vidt eg kan sjå har den delen av debatten som dreier seg om klima berre hatt merksemd på globalt midla bakketemperatur. At vurderingar kring andre storleikar, prosessar, fordelingar og strukturelle endringar er fråverande, gjer ei misvisande overforenkling av problemstillingane. Det som er nemnt her er berre fragment i det klimafaglege grunnlaget og ein må ha eit breiare perspektiv der ein samanstiller eit større tilfang av resultat frå klimaforskinga om ein skal ha ein etterretteleg debatt om korleis kunnskapsstatus i klimaspørsmålet skal påverka tiltak og strategiar ved UiB.