Vi må løfte oss frå å vere middels gode til å bli gode, meiner jussprofessor Jørn Øyrehagen Sunde. Han ønskjer seg ein rektorkandidat som er open om det middelmådige.
Vi må løfte oss frå å vere middels gode til å bli gode, meiner jussprofessor Jørn Øyrehagen Sunde. Han ønskjer seg ein rektorkandidat som er open om det middelmådige.

Skal UiB bli som Brann?

Det er under halvanna år til det skal veljast rektor ved UiB. Det er ei fare for at rektorvalkampen vert prega av ei blanding av sjølvgratulerande utsegn og store vyar, samt løfte om at endringar ikkje skal kasta vrak på alt det gode ved institusjonen, og at alle skal få delta i prosessen.

I staden ønskjer eg meg rektorkandidatar som ope seier at UiB er eit middels stort universitet med middels kvalitet. For deretter å seia kva UiB må gjera for at vi ikkje skal verta usynlege i ein kvardag med internasjonal konkurranse om studentar og forskingsmidlar. For vert ein usynleg, vert ein snart redusert til ein filial under ein større og mektigare aktør innan universitets- og høgskulesektoren, eller til ein uvesentleg regional aktør.

Så lenge forskings- og utdanningssektoren var nasjonal, var ei slikt scenario utenkjeleg. Då var det å vera middels stort og middels god meir enn stort og godt nok. Men det middels store og det middels gode vert smått og stussleg når referanserammene er internasjonale i staden for nasjonale. Ei slik utvikling for universitets- og høgskulesektoren vil berre vera den same som har funne stad på så mange samfunnsområde.

Lat oss bruka fotball som eit døme.

På byrjinga av 90-talet var det framleis heilt i orden å vera eit middels godt fotballag i Noreg. Ein var likevel stor og god nok til å trekkja til seg spelarar og sponsormidlar som gjorde ein konkurransedyktig. Men så kom internasjonaliseringa. Å delta i dei store europeiske seriane og cupane tilførte store midlar til klubbkassane. Rosenborg var ein aktør på denne internasjonale arenaen. Dei fekk dermed midlar og vart synlege, tiltrekte seg spelarar og sponsorar, og kom til å dominera norsk fotball heilt.

Ein kan sjå Brann sitt tap for Mjøndalen og opphaldet i 1. divisjon som ein konsekvens av at ein meir enn 20 år tidlegare ikkje forstod konsekvensane av ei internasjonalisering av fotballen.

Brann etablerte seg ikkje på den nye, internasjonale klubbfotballarenaen. Det fekk ingen konsekvensar der òg då, og på slutten av 90-talet gjorde Brann det faktisk heilt greitt internasjonalt. At overbetalte brannspelarar etter kvart gjorde det pinleg dårleg i europeisk samanheng, kunne ein òg leva med. Men på sikt har dette hatt fatale konsekvensar. Ein kan sjå Brann sitt tap for Mjøndalen og opphaldet i 1. divisjon som ein konsekvens av at ein meir enn 20 år tidlegare ikkje forstod konsekvensane av ei internasjonalisering av fotballen.

UiB er i dag i same situasjon som Brann. Universitet og høgskular er no aktørar på ein internasjonal arena. Vår Champions League er EU sine forskingsprogram. Vår Bosman-dom er auka studentmobilitet. På denne arenaen klarar dei store seg godt. Dei middels gode må derimot slost for å få delta på same nivå som dei, og dermed ha tilgang til same pott med pengar og same gruppe gode studentar.

Rosenborg var ein del av denne internasjonale arenaen på 1990-talet, har levd på det sidan, men strevar no for å bli det på nytt. Brann var det ikkje, og det er ingen utsikter til at laget nokon gong kan greia det heller. Deira ambisjon må no vera å kunne slå Sogndal og Viking, slik at laget i det minste er best på Vestlandet, og til tider gjera ein god heimekamp mot Rosenborg. Er det UiB sin lagnad?

Innan den norske universitets- og høgskuleverda tek NTNU no same grep som Rosenborg. Dei arbeider hardt for å verta størst nasjonalt, for slik å verta synleg og tiltrekkja seg folk og midlar. Dermed vil NTNU vera ein nasjonal aktør som automatisk får tilgang til konkurransen på den internasjonale arenaen. Ein kan seia at kjernen i strategien er at storleik gjer det middels gode til eit mindre dominerande trekk ved institusjonen.

Det å vera middels god har vore godt nok i heile UiB si historie.

UiB satsar derimot på å vera middels stor. Det er ein strategi som kan lukkast - mange gode universitet er faktisk ikkje meir enn middels store. Men desse universiteta er altså gode og ikkje middels gode. Der ligg utfordringa til UiB. Ei mogeleg løysing er å sikra godt samspel mellom oss middels gode på institusjonen, og meir rom for dei særleg gode. Det var det ein jordnær ostring lukkast med i Brann mellom 2004 og 2008, med seriemeisterskapen i 2007 som eit høgdepunkt.

Dette er likevel enklare sagt enn gjort. Det finst mange middels gode universitet som vil prøva same strategien, og alle kan ikkje lukkast. Ein må difor vera smartare og arbeida hardare enn dei andre. I tillegg kjem ein slik strategi lett i konflikt med sjølvforståinga til oss på UiB.

Det å vera middels god har vore godt nok i heile UiB si historie. For trass alt var vi dei største og beste i vår region, og dermed å rekna med nasjonalt. Så når BT trengte ein ekspert til å kommentera ei sak, var det til oss dei ringte. Men BT må òg halda seg til ei globalisert verd. Difor har avisa dei siste åra byrja å omsetja og publisera internasjonale kommentatorar sine kommentarar.

BT omset òg utanriksartiklar frå den danske storavisa Politikken med kommentarar frå danske ekspertar. Og BT trykkjer artiklar skrivne av journalistar i Aftenposten med ekspertutsegn frå forskarar på UiO. Sjølv i ei lokal sak kan ekspertar ved UiB verta utkonkurrert av ekspertar frå den ambisiøse Høgskulen i Bergen.

UiB er mindre viktige på den nasjonale forskings- og utdanningsarenaen enn før, og vi er uviktige på den internasjonale arenaen.

UiB er mindre viktige på den nasjonale forskings- og utdanningsarenaen enn før, og vi er uviktige på den internasjonale arenaen. På sikt vil det føra til redusert handlingsrom. Men sjølvforståinga vår gjer at ein rektor som ikkje hyllar kvaliteten på UiB, som lovar at endringar skal skje i tråd med institusjonen sin eigenart, og at alle tilsette får del i prosessen, har liten sjanse til å vinna.

I staden for sjølvgratulerande utsegn og varsam endringsretorikk, ønskjer eg meg rektorkandidatar som seier at skal UiB overleva som ein sjølvstendig forskings- og utdanningsinstitusjon, så har vi berre blod, sveitte og tårer i vente.

Måten vi forskar og underviser på må endrast. Berre slik kan vi med nye metodar og i forskingsfellesskap løfta det middels gode til det gode, og verta konkurransedyktige som eit middels stort universitet. Tempo, omfanget og målet for prosessen må setjast av dei som vil mest og har det mest travelt.

Alternativet er å fusjonera seg bort frå det middels gode, verta ein filial under ein kvalitetsinstitusjon, eller satsa på at Bergens forskingsstiftelse skal halda oss i toppen av 1. divisjon eller botn av eliteserien av norske universitet, i staden for å vera springbrett inn i europatoppen. Då er blod, sveitte og tårer langt å føretrekkja.

Innlegget sto først på trykk i Bergens Tidende 8. februar 2016.