Arvid Hallén blir utfordra på å avklare om han gjorde merksam på kor grensa går for usaklege argument i rektortilsetjinga.
Arvid Hallén blir utfordra på å avklare om han gjorde merksam på kor grensa går for usaklege argument i rektortilsetjinga.

Var det usakleg, Hallén?

Publisert

På Høyden har referert til styredebatten som munna ut i tilsetjing av rektor for den nye Høgskulen på Vestlandet. Eg kjenner ikkje til kva som vart sagt i styremøtet og må leggja til grunn at opplysningane På Høyden kjem med, er korrekte. I følgja avisa vart livssynet til ein av kandidatane diskutert, og det blir referert til at han er med i eldsterådet i ei frikyrkjeleg forsamling i Bergen. I styremøtet skal det òg ha blitt sagt at det var lite ønskjeleg med ein rektor «som kunne vere imot likekjønna ekteskap».

Medlemane av eit styre må sjølvsagt stå fritt til å lufta mangslags spørsmål. Det er òg forståeleg at ein styreleiar ikkje vil referera frå ordskiftet i eit lukka styremøte. Samstundes kviler det eit ansvar på eit styre for ikkje å diskvalifisera ein søkjar på usakleg grunnlag. Dersom det i rektor-tilsetjinga vart lagt vekt på om ein søkjar «kunne vere imot likekjønna ekteskap», er dette etter mi oppfatning klart usakleg.

Spørsmålet har prinsipiell interesse. Derfor spør eg styreleiar Arvid Hallén: Gjorde du det klart for styret at det ville vera usakleg å leggja vekt på søkjarens engasjement i eit trussamfunn, og på søkjarens eventuelle meining om likekjønna ekteskap?