Lenge har sjølvstende vore sett på som det einaste alternativet for Høgskulen i Sogn og Fjordane. Men om ein no går for fusjon, er det kanskje på tide å slutte å strete imot, og heller sjå på kva som er oppsida av ein fusjon. Foto: Colourbox
Lenge har sjølvstende vore sett på som det einaste alternativet for Høgskulen i Sogn og Fjordane. Men om ein no går for fusjon, er det kanskje på tide å slutte å strete imot, og heller sjå på kva som er oppsida av ein fusjon. Foto: Colourbox

Slik kokar dei kamel på sognamåten

Publisert

Slik kan det i alle fall sjå ut dersom ein ser på dei fremste akademikarane i trivselsfylket, dei ved Høgskulen. Førre veke vedtok høgskulestyret å gå eitt steg nærare samanslåing med Høgskolen Stord/Haugesund og Høgskolen i Bergen. Kanskje var det for å sikre seg mot kritikk frå deira eigne at sogningane tok skrittet baklengs.

Planen var at styra ved dei tre institusjonane i tre parallelle møte skulle vedta å gå i fusjonsforhandlingar saman i vår. Og dersom dei klarer å bli einige – noko som er langt frå sikkert – kan Vestlandet få ein ny, stor høgskule frå 1.1.2017.

Sonderingar er ikkje sonderingar
Men på HiSF blei utkastet til vedtak gjort om: I staden for å vedta fusjons forhandlingar, vedtok dei å setje i verk «sonderingar om grunnlaget for fusjonsforhandlingar». Kamelen er altså ikkje lenger ein kamel. Dessutan vedtok dei i same slengen å invitere Høgskulen i Volda til eigne sonderingar.

Ein times tid seinare, etter at dei hadde forklart for partnarane kva som eigentleg ligg i vedtaket, fortalde rektor og styreleiar ved HiSF til eit lett hovudrystande HiB-styre at planen er fusjonsforhandlingar som før, og at den tette tidsplanen ikkje kjem til å sprekke på grunn av dette. Rektor Rasmus Stokke kunne og opplyse om «sonderingar» ikkje tyda det same i dei to setningane. Men han ville likevel ikkje utelukke at det kan bli aktuelt med ein fusjon mellom Volda og Sogn og Fjordane, utan HiB og HSH.

Brei politisk støtte
Men røynda er ei anna. Landet er i endring, og landskapet blant universitet og høgskular er ikkje til å kjenne seg igjen i. Talet på universitet og høgskular er i ferd med å bli halvert, halvvegs ned mot det nivået Stjernø-utvalet foreslo i 2008. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen har i stor grad lukkast med sin strategi om ein gjennomgripande strukturreform i forsking og høgare utdanning. Og han har heile det politiske miljøet med seg. Sjølv Senterpartiet er i hovudtrekk einige, sjølv om dei vil ha litt meir geografiske omsyn inn i prosessen.

Røe Isaksen har altså vist seg å vere ein dyktig kameldrivar. Men ein kan vere i tvil om han veit kor han skal, og korfor.

Røe Isaksen har altså vist seg å vere ein dyktig kameldrivar. Men ein kan vere i tvil om han veit kor han skal, og korfor. Denne strukturreforma har ikkje vore prega av ein brei, innleiande diskusjon om kva vinsten ved å slå saman ulike utdanningsinstitusjonar skal vere. Ofte blir konklusjonen at fagleg samarbeid er den beste vegen, ikkje effektivisering eller innsparing. I staden har Røe Isaksen og statssekretær Bjørn Haugstad oppmoda institusjonane om å finne saman i par eller mindre grupper, under mottoet «robust». Dette er no endra til «solid», då regjeringa har slitt ut forgjengaren.

Lærarutdanning som pisk
Pisken til departementet er heimla i forskrift, og særleg den som gjeld kvalitet i utdanning. Det er stor politisk semje om å gjere lærarutdanninga femårig med mastergrad frå kullet som byrjar hausten 2017. Og med mastergrad følgjer det auka krav til den formelle kompetansen til lærarar som skal lære nye generasjonar å vere lærarar. Helst skal dei tilsette ved lærarutdanningane vere professorar, og spesialiserte innanfor undervisning i eige fag.

Høgskular som Volda og Sogn og Fjordane vil venteleg slite med å oppfylle dei nye krava, trass i at dei driv lærarutdanningar med gode resultat. Og marknaden for å tilsetje folk med den rette kompetansen er botnskrapt. Det vil vere uklokt av Røe Isaksen å leggje ned nokre av lærarutdanningane i landet med mest nøgde studentar, og best gjennomstrøyming. Men med masterutdanning vil det uansett komme tøffare krav til høgskulane, og om ikkje Røe Isaksen stengjer lærarutdanningane i Volda og Sogn og Fjordane i 2017, vil det truleg komme nye krav som gjer det vanskeleg å overleve som små høgskular.

Volda og HiSF vil ikkje hjelpe
Å slå saman dei to til éin mellomstor institusjon vil ikkje hjelpe lærarutdanningane i særleg grad. UiB vil ikkje fusjonere med verken Sogn og Fjordane eller Volda, og allianseplanen til Volda, Molde og Lillehammer er lagt daud av Kunnskapsdepartementet. Reelt sett er dei einaste alternativa for begge to å bli med HiB og HSH, eller satse på framleis aleinegang i eit stadig vanskelegare terreng.

I Volda vil dei halde fram som før, og uviljen mot alle fusjonar synest å vere stor. Men for Volda er det berre sjølvstende, eller å bli ein del av profesjonshøgskulen på Vestlandet, som er reelle alternativ, sjølv om rektor Johann Roppen klarer å sjå heile fem mulege utfall i bloggen sin. I Sogn og Fjordane er situasjonen meir samansett. Ved høgskulemiljøet i Førde, der sjukepleiar- og ingeniørutdanninga ligg, er dei meir innstilte på fusjon enn i Sogndal, der lærarutdanninga og administrasjonen for høgskulen ligg. I tillegg varierer haldningane til fusjon frå fag til fag. 87 prosent av studentane gjekk imot fusjon i ei nettbasert meiningsmåling gjort av dei sjølve, der berre 19 prosent av studentane deltok.

Vrang brur
Men om vi skal tru rektor og styreleiar ved HiSF er stemninga i ferd med å snu. Otte har blitt til optimisme, sjølvstende er byta ut med sjølvtillit. «Vi ligg to år etter dykk» sa HiSF-styreleiar Trond Ueland til sine styrekollegaer i Bergen. Han kan nok plusse på nokre år. Linja til det førre rektoratet var sjølvstende, og å trenere saka til ein fekk ei meir vennleg regjering var ein strategi som blei ope diskutert i styret.

Skepsis og mistillit gir ein dårleg start om ein skal inn i eit ekteskap

Skepsis til samarbeid er ikkje noko nytt, verken i Sogn og Fjordane eller andre stader. Det har alltid vore kamp om å få arbeidsplassar til si bygd eller by, og i dei siste tiåra har kampen stått mellom Førde og Sogndal. Først i 1994 blei fem høgskular samla i Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Men skepsis og mistillit gir ein dårleg start om ein skal inn i eit ekteskap. Når HSH-rektor Liv Reidun Grimstvedt og Ole-Gunnar Søgnen frå HiB står på trappa og frir, og Rasmus Stokke ikkje kan utelukke at han heller vil gifte seg til Sunnmøre, øydelegg det noko av romantikken som bør liggje i et frieri.

Visjonar og vilje i arrangert ekteskap
Ein fusjon hjelper ikkje i seg sjølv, men det er muleg å sjå for seg betre samarbeid, som igjen kan gi betre utdanning og forsking for samfunnet. Med hjelp av moderne teknologi treng ikkje fjella og fjordane som har prega vestlendingane vere eit uoverkommeleg stengsel lenger. Og næringslivet langs kysten, som har mykje til felles, kan få endå betre tilpassa arbeidskraft der dei treng det. Ein kan byggje ein profesjonshøgskule for landsdelen, og deretter eit universitet, som kan ta opp i seg både kulturar og motkulturar. Det kan både landsdelen og kulturen trengje. Saman er HSH og HiSF om lag jamnstore med HiB, og ein kan sjå for seg ein likeverdig, ny institusjon.

HiSF-styret valde i førre veke å halde fram med å strete imot ein fusjon, på same tid som dei tok steget vidare

Men for at ein fusjon skal bli vellukka, trengst det både visjonar og vilje. Dette er i alle høve eit arrangert ekteskap, som regjeringa, men òg eit ganske så samla storting, står bak. Om HiSF berre ser på det som eit tvangsekteskap, er sjansen stor for å mislukkast. Eit lukkeleg ekteskap treng eit minimum av entusiasme. Men ein må sjølvsagt gå med på å styre i lag. 

Dårleg utgangspunkt for fusjon
Om strukturreformen blir vellukka kan berre framtida vise. Men dersom Kunnskapsdepartementet får rett i at aleinegang ikkje er eit alternativ, har HiSF sjølv skapt seg eit dårlegare utgangspunkt for ein vellukka fusjon enn HiB og HSH

HiSF-styret valde i førre veke å halde fram med å strete imot ein fusjon, på same tid som dei tok steget vidare. Men dersom dei no meiner at det ikkje er nokon annan utveg enn fusjon, er det på høg tid å fortelje eigen organisasjon at det kan vere noko langt betre enn kamel som ventar på dei.