Forskerforbundet deltek gjerne i arbeidet med å få lønnsutviklinga på UiB til å bli like god som i resten av samfunnet, skriv Steinar Vagstad.
Forskerforbundet deltek gjerne i arbeidet med å få lønnsutviklinga på UiB til å bli like god som i resten av samfunnet, skriv Steinar Vagstad.

Ny lønnspolitikk ved UiB?

Publisert

Rektor Dag Rune Olsen og universitetsdirektør Kjell Bernstrøm svarer i På Høyden den 21.3mitt innlegg om lønnsutvikling ved UiB den 9.3.

Viss dei framleis meiner at UiB-tilsette har hatt same utvikling som resten av samfunnet ber eg dei dokumentere dette

Det går ikkje klart fram av svaret om dei har akseptert mitt anslag på underlønnsutvikling for UiB-tilsette: Dei tilsette ved UiB hadde trengt eit lønnshopp på 3,6 % for å komme opp på same lønnsutvikling som resten av samfunnet i perioden 2012-17, noko som ville ha kosta UiB rundt 80 millionar kroner i året. Olsen og Bernstrøm kjem ikkje med andre anslag, så vi er kanskje einige om dette anslaget? Viss dei framleis meiner at UiB-tilsette har hatt same utvikling som resten av samfunnet ber eg dei dokumentere dette.

Litt overraskande for meg tek Olsen og Bernstrøm tydeleg avstand frå tanken om at rektor og direktør skulle ha noko med den stusselege lønnsutviklinga å gjere – dei har berre sendt pengane vidare nedover i organisasjonen, og ser ikkje ut til å ville ta noko ansvar for kva som då skjer. Eg trur dei på at det er dette som har skjedd, men det er no ein gong slik at desse to utgjer toppleiinga ved UiB og er dei som sit med ansvaret for konsekvensane både av eigne beslutningar og for beslutningar dei har delegert. Dei må finne seg i å bli målt på lønnsutvikling ved institusjonen, på same måten som dei må svare for andre resultatmål.

Dei må finne seg i å bli målt på lønnsutvikling ved institusjonen, på same måten som dei må svare for andre resultatmål

Forskerforbundet ved UiB vil fortsette å halde auge med lønnsutviklinga for UiB-tilsette. Dag Rune Olsen har over tre år igjen som rektor. Utan endringar i lønnspolitikken ligg dei to periodane med Olsen an til å bli hugsa som ei lønnsmessig katastrofe for dei tilsette. Det ville jo vere synd både for Olsen og dei tilsette. Vi vil gjerne bidra til å unngå det, og ser fram til eit konstruktivt samarbeid om tiltak som vil føre til at også UiB-tilsette skal få ta del i den lønnsutviklinga som resten av arbeidslivet opplever. Olsen og Bernstrøm nemner sjølv lønn ved tilsetting og stillingsendring, og eg er heilt einig i at dette er viktig å sjå på. Ein stor del av underlønnsutviklinga skriv seg for eksempel frå manglande oppjustering av startlønna for stipendiatar og postdoktorar, så det kunne kanskje vere ein ide å starte der.