Stortingspolitikarane vil gjere tilsett rektor til hovudregelen for universitet og høgskular. Ei slik endring treng ikkje sektoren. Men folkevalde som genuint trur på demokrati i forsking og høgare utdanning hadde gjort seg.
Stortingspolitikarane vil gjere tilsett rektor til hovudregelen for universitet og høgskular. Ei slik endring treng ikkje sektoren. Men folkevalde som genuint trur på demokrati i forsking og høgare utdanning hadde gjort seg.

Dei folkevalde svik universitetsdemokratiet

Publisert

Mange har engasjert seg i debatten om tilsett eller vald rektor for universitet og høgskular. I dag er normalordninga at rektor skal vere vald, men styret til institusjonen kan avgjere at ein heller skal ha tilsetjing. Dette vil eit fleirtal på Stortinget, med Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti, Venstre og Arbeidarpartiet, snu om på. Då blir normalen tilsett rektor, med høve til å vedta at ein likevel vil ha rektorval.

Universitetsdemokratiet er eit gode for samfunnet. Det auser små dropar av makt utover eit viktig samfunnsområde, som legg grunnlaget for innovasjon, forsking og utdanning. Slik kan studentar, professorar og laborantar vere med på å styre utviklinga til institusjonar dei fleste av dei er djupt engasjerte i. Desse miljøa, bygde opp kring ulike fag, har ein kompetanse ein ikkje finn maken til nokon stad i samfunnet. Rett nok er dei elitar, men dei kan vere både alternative og demokratiske.

Det finst gode argument mot val av rektor. Ordninga fungerer dårleg på mange institusjonar: Kanskje er dei for små, eller kulturen blant dei tilsette ikkje går så godt i lag med eit system som utropar ein vinnar, og ein eller fleire taparar. Resultatet er at det ved mange val, både på institusjons-, fakultets- og instituttnivå, svært ofte berre stiller éin kandidat. Då berre ein student valde å stille opp som motkandidat til den sitjande rektoren ved Universitetet i Oslo ved førre val, er det lett å sjå dei store manglane ved valordninga. Eit val der under halvparten av dei tilsette finn det bryet verd å fylle ut den elektroniske stemmesetelen sin, slik det var i Oslo, er heller ikkje noko sterkt mandat i ryggen til ein vald rektor.

I tillegg har valordninga for rektorar røtene sine og vel så det i mellomalderen: At dei tilsette i store kunnskapsorganisasjonar skal delast inn i eit A- og B-lag når det gjeld vekting av røyster, høyrer heime blant anakronismar av typen røysterett berre for menn.

Men problema til universitets- og høgskuledemokratiet ligg ikkje berre i korleis ein vel rektor. Trass i festtaleretorikken om å opne seg mot samfunnet er sektoren lukka, og lite vand med at journalistar eller andre krev innsyn eller stiller spørsmål. Til dømes gjekk Innovest-skandalen i fleire år bak lukka dører før det offentlege fekk innsyn i informasjon Universitetet i Bergen og Helse Bergen sat inne med.

Rett nok har institusjonane demokratisk valde organ, men styra ved institusjonane er samansett på ein slik måte at styreleiaren ganske lett kan manipulere styret dit han – ja, dei fleste er menn – vil. Dei «interne» medlemene har berre styrefleirtal om både tilsette og studentar røyster saman. Om styreleiar då kjøpslår med gruppene kvar for seg, kan det vere fort gjort å byggje eit fleirtal.

Ofte blir styremedlemer lulla inn i ein voggesong om konsensus og hemmeleghald. Administrasjon eller rektorat  fortel kor viktig det er å opptre som ei gruppe, og avgjer kva saker som skal gå for lukka dører. Då blir vegen lang ned til dei som har valt dei.

Universitets- og høgskulelova har i dag ulike leiarmodellar for vald og tilsett rektor. Med vald rektor skal leiinga vere todelt mellom direktør, som leiar administrasjonen og førebur styresakene. Om rektor er tilsett har ho både det faglege og administrative ansvaret, og ein ekstern leiar styret. Men i praksis kan ein vald rektor og direktør jobbe så tett saman at dei er vanskelege å skilje. Då sit styreleiaren med makta både over saksførebuinga og styrehandsaminga. Resultatet er at studentar og tilsette stort sett får uttrykt sin demokratiske vilje kvart fjerde år, kvar gong det er val.

Dette er eit bilete av universitetsdemokratiet på sitt dystraste. På sitt beste kan det sjølvsagt òg vere eit skinnande døme på at vår demokratiske tradisjon rislar ned gjennom heile samfunnet. Og det blir ikkje betre av å tilsetje rektor. Det heiter seg i lova at «Ansettelsesprosessen må sikre at rektor har faglig og ledelsesmessig legitimitet, og at studentene og de ansatte blir hørt.» I mange tilfelle, som då Gunnar Bovim blei tilsett ved NTNU, er prosessen hemmeleg, og berre eit lite utval får delta. Dette bryt med lova, og det er vanskeleg å sjå for seg gode, demokratiske prosessar kring leiarar som ikkje søkjer jobbar med mindre dei få løfte om å stå utanfor offentlege søkjarlister.

Når stortingspolitikarar utan vidare utgreiing gjer om lova, er det eit svik mot demokratiet. Ikkje fordi det er avgjerande om rektor blir vald eller ikkje, men fordi politikarane ikkje tek seg bryet med å gå inn og sjå kva som skjer inni boksen dei kallar høgare utdanning. Om dei er interesserte i eit reelt universitetsdemokrati burde dei freista å gjere det betre, ikkje berre skru litt om på toppen.

Representativiteten bør bli betre for tilsette og studentar. Og eit av framlegga til Stjernø-utvalet fortener å bli børsta støv av: Utvalet foreslo ekstern styreleiar, kombinert med vald eller tilsett rektor, og at rektor skulle vere øvste leiar for både faglege og administrative spørsmål.

Stortingsfleirtalet treng ikkje leggje føringar på om institusjonane skal ha vald eller tilsett rektor. Men vi treng folkevalde som interesserer seg for demokrati, òg når det tyder at dei ikkje får all makta sjølv.