Dag Rune Olsen har hatt stort fråver frå styremøte i UHR. Her var han vert, då rådet hadde represtentantskapsmøte i Bergen våren 2017. Foto: Tor Farstad
Dag Rune Olsen har hatt stort fråver frå styremøte i UHR. Her var han vert, då rådet hadde represtentantskapsmøte i Bergen våren 2017. Foto: Tor Farstad

Olsen kan verta styreleiar for universitet og høgskular

Dag Rune Olsen er føreslegen som leiar for Universitets- og høgskulerådet.

Publisert

Når Universitets- og høgskulerådet (UHR) har møte neste veke, skal det veljast nytt styre. Om lag halve styret vert føreslege bytta ut, skriv Khrono.

Dette er Universitets- og høgskolerådet (UHR)

Universitets- og høgskolerådet (UHR) er en medlems- og interesseorganisasjon for l. UHR skal fremme universiteter og høyskolers 33 av landets universiteter og høgskoler som er godkjent av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (Nokut).

UHR skal bidra til samordning og arbeidsdeling i sektoren, og skape gode møteplasser for universiteter og høyskoler, nasjonale myndigheter samt andre nasjonale og internasjonale aktører.

Interesseorganisasjonen har 19 ansatte og et budsjett på 32,5 millioner kroner.

Kilde: Om UHR

UiB-rektor Dag Rune Olsen er føreslegen som leiar. Han erstattar Mari Sundli Tveit. Ho er rektor ved Norges miljø- og bioviskapelege universitet (NMBU), men varsla tidlegare i vår at ho skal verta områdedirektør i NHO.

Lovar å stilla

I tillegg til at Olsen er føreslegen som rektor, kan Vestlandet verta representert av Øystein Thøgersen, rektor ved NHH, og Bjørg Kristin Selvik, prorektor ved Høgksulen på Vestlandet. Dei er begge føreslegne på varaplass.

Olsen har hatt stort fråver frå styremøte i UHR, og har berre møtt på tre av åtte styremøte dei to siste åra.

— Eg har tid til å prioriotera dette vervet. Det er annleis å vera styreleiar enn å vera vanleg medlem i styret, seier Olsen til Khrono.

Innstillinga

Dette er innstillinga frå valkomiteen:

· Rektor Dag Rune Olsen, UiB leiar (vara prorektor OsloMet, Nina Waaler)

· Rektor Anne Husebekk, UiT, nestleiar (vara rektor Øystein Thøgersen, NHH)

· Viserektor Bjarne Foss NTNU (vara prorektor Gro Bjørnerud Mo ,UiO)

· Rektor Inge Jan Henjesand, BI (vara rektor Arne Krumsvik Høyskolen Kristiania)

· Rektor Peter Tornquist Norges musikkhøgskole (vara Carl Morten Gjeldnes, HiØ)

· Rektor Louise Dedichen, Forsvarets høgskole (vara rektor Ingunn Moser VID)

· Rektor Kathrine Skretting, Høgskolen i Innlandet (vara rektor Laila Susanne Vars, Samisk høyskole)

· Direktør Seunn SmithTønnessen, UiA (vara Lise Sofie Woie, Norges idrettshøgskole)

· Rektor Klaus Mohn UiS (vara Bjørg Kristin Selvik, HVL)