President ved Peking University, Hao Ping og UiB-rektor Dag Rune Olsen signerte ein avtale om gjensidig utveksling av studentar mellom de to universiteta. Foto: Atle Rotevatn, UiB
President ved Peking University, Hao Ping og UiB-rektor Dag Rune Olsen signerte ein avtale om gjensidig utveksling av studentar mellom de to universiteta. Foto: Atle Rotevatn, UiB

Har signert avtale om utveksling med kinesisk universitet

Studentar frå UiB kan no reisa på utveksling til Peking University i Kina. I tillegg vil kinesiske studentar kunne koma til Bergen.

Publisert

Førre veke var ein delegasjon frå UiB, med rektor Dag Rune Olsen i spissen, i Kina. Der hadde dei mellom anna eit møte med Peking University. Det enda med ein studentutvekslingsavtale.

Kinasamarbeid

Kina er i ferd med å bli eitt av dei viktigaste samarbeidslanda for norske forskings- og utdanningsinstitusjonar.

I 2016 førte forhandlingar fram til ei normalisering av diplomatiske forhold som opna dørene for både handels- forskingings- og utdanningssamarbeid. Kina boikotta Noreg etter at Liu Xiaobo vart tildelt Nobels fredspris i 2010.

Universitetet i Bergen har som mål å bli det leiande norske universitetet når det gjeld samarbeid med Kina. UiB er det einaste universitetet som har ein eigen handlingsplan for kinasamarbeid.

— Peking University er svært selektive i sine val av utvekslingspartnarar. Me er difor svært stolte over å ha fått denne avgalen på plass, seier Dag Rune Olsen i ei pressemelding.

Universitetet er det nest største i Kina, og er rekna som eit svært godt universitetet. Det låg på 24. plass på den siste rankinga gjort av Times Higher Education.

Jobba for lenge

Avtalen inneber ei gjensidig utveksling av studentar mellom UiB og Peking University.

— Dette er noko me har jobba for lenge, og me er svært glade for moglegheitene denne utvekslingsavtalen opnar for våre stundetar, seier Bjørnar Borvik. Han er professor i juss og har i fleire år drive med utdanningssamarbeid med kinesiske partnarar.

20 på tur

Universitetet i Bergen har ein eigen Kina-strategi. Dei har òg ein avtale med det omstridde Konfutse-instituttet. Reisa til Kina førre veke var ein del av opptrappinga av kinasamarbeidet, og alle fagmiljø var inviterte med. Til slutt vart det 20 som reiste, har På Høyden tidlegare skrive.