Rektor Dag Rune Olsen, her som leiar i universitets- og høgskulerådet, er uroa over resultata frå undersøkinga. Svarprosenten er god, det meiner Olsen viser at dette er eit tema mange er opptekne av. Foto: Siri Øverland Eriksen
Rektor Dag Rune Olsen, her som leiar i universitets- og høgskulerådet, er uroa over resultata frå undersøkinga. Svarprosenten er god, det meiner Olsen viser at dette er eit tema mange er opptekne av. Foto: Siri Øverland Eriksen

Rapport om mobbing og trakassering: Ein UiB-tilsett oppgir å ha vorte utsett for seksuelt overgrep

37 UiB-tilsette har oppgitt å ha vorte utsette for seksuell trakassering, og ein tilsett har svara at vedkomande har vorte utsett for eit seksuelt overgrep siste år.

Publisert

e17 994 tilsette i Universitets- og høgskulesektoren svara i vår på ei undersøking om mobbing og trakassering i sektoren. Resultata vart presenterte i Kunnskapsdepartementet torsdag. Dei viser at 13 prosent av dei som har svara på undersøkinga har oppgitt å ha opplevd mobbing eller trakassering siste år. 299 personar oppgir å ha vorte utsett for seksuell trakassering, og 18 personar oppgir at dei har vorte utsett for seksuelt overgrep. Tala seier ikkje noko om dei har vorte utsette for overgrep ein eller fleire gongar.

1813 UiB-tilsette svara på undersøkinga. 12 prosent oppgir å ha vorte utsett for mobbing eller trakassering, medan 37 personar har svara at dei har vorte utsett for seksuell trakassering. Ein tilsett har svara at vedkomande har vorte utsett for eit seksuelt overgrep.

— Mobbing og trakassering er uakseptabelt. Dette er ikkje ein organisasjon me ønskjer oss, seier rektor Dag Rune Olsen.

Ein er oppsagt

Olsen meiner tala, både for UiB, men òg for sektoren som heilskap, er urovekkjande høge. Olsen er styreleiar i Universitets- og høgskulerådet, og kommenterte tala under framlegginga torsdag. Han seier til På Høyden at han er uroa over både dei nasjonale og dei lokale tala.

Det er urovekkjande at ein ikkje melder slike saker til politet.

Dag Rune Olsen

— Men ved UiB har eg eit operativt leiaransvar, og eg er ekstra oppteken av kva tiltak me kan setja i verk for å koma dette problemet i møte, seier Olsen, og nemner både haldningsskapande kampanjar og tydeleg leiing.

Ved UiB er det ein tilsett som har oppgitt å ha vorte utsett for eit seksuelt overgrep det siste året. I ei pressemelding frå UiB kjem det fram at UiB-leiinga har handtert ei sak av alvorleg karakter det siste året.

Ein kan ikkje vera sikker på om dette er den same saka som er rapportert om i undersøkinga, seier Olsen, så difor kan det i teorien vera snakk om to ulike saker.

Olsen vil ikkje seia meir om den aktuelle saka, anna enn at det har fått følgjer for tilsetjingsforholdet.

— Er vedkomande sagt opp?

— Ja, seier Olsen.

Statsråd Iselin Nybø og UiB-rektor Dag Rune Olsen i samtale etter presentasjonen. Begge meiner tala er urovekkande høge. — Noko av det som vert rapportert om er ikkje berre i strid med normal folkeskikk, men òg i strid med norsk lov. Foto: Siri Øverland Eriksen
Statsråd Iselin Nybø og UiB-rektor Dag Rune Olsen i samtale etter presentasjonen. Begge meiner tala er urovekkande høge. — Noko av det som vert rapportert om er ikkje berre i strid med normal folkeskikk, men òg i strid med norsk lov. Foto: Siri Øverland Eriksen

Melder ikkje til politiet

Under framlegginga i Oslo kom det fram at ingen av dei 18 som har svara at dei har vore utsett for eit seksuelt ovegrep, har meldt dette til politiet. Heller ikkje den saka UiB-leiinga har handtert er politimeld.

— Det er urovekkjande at ein ikkje melder slike saker til politet. Det kan visa at det er ei belasting å stå i noko slikt. UiB ønskjer å oppmoda om at ein melder overgrepssaker til politiet, det er òg viktig for politiet sitt arbeid, seier Olsen.

Dei nasjonale tala viser at det er stipendiatar som i størst grad rapporterer å ha vorte utsett for seksuell trakassering. Dei utgjer på landsbasis 13 prosent av respondentane, men utgjer 39 prosent av dei rapporterte tilfella.

Av dei 299 personane som rapporterer å ha vorte utsett for seksuell trakassering er det 22 prosent som seier at det var ein overordna som stod bak trakasseringa. Det er utelukkande mannlege overordna som er rapportert å stå bak seksuell trakassering.

Olsen understrekar til Khrono at ein ikkje veit om det er rettleiar som står bak dei tilfella av trakassering som er rapporterte om, men seier òg at asymmetri i maktbalansen er noko ein må vera obs på.

— Kan denne asymmetrien òg gjera at ein ikkje melder overgrep til politiet?

— Asymmetri og makt vil kunne vera mogleg årsak til at ein ikkje melder frå, men det er ikkje noko nytt i det. Dette viser at me må halda oppe trøkket på rettleiaropplæringa. Det kan vera tilfelle der rettleiar trur ein går inn i eit forhold på likefot, men der den andre parten ikkje meiner det, seier Olsen til På Høyden.

Folk må slutta å oppføra seg på denne måten. Presumtivt oppegåande folk må oppføra seg i tråd med folkeskikk og norsk lov.

Iselin Nybø

Opprørt minister

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø var sjeldan tydeleg då ho kommenterte tala:

— Folk må slutta å oppføra seg på denne måten. Presumtivt oppegåande folk må oppføra seg i tråd med folkeskikk og norsk lov, sa ho, og sa at tala er alvorlege.

— Ein slik oppførsel er fullstendig uakseptabel, sa Nybø vidare.

Les meir om dei nasjonale tala i Khrono.