44 prosent av studentane ved Det juridiske fakultetet, der Karl Harald Søvig er dekan, reiser på utveksling. No vil rektor Dag Rune Olsen at dei aller, aller fleste av UiB sine studentar skal få internasjonal røynsle, og meiner at dei som av ulike grunnar ikkje ønskjer å reisa ut eit semester, må grunngi dette i ein søknad. Foto: Tor Farstad
44 prosent av studentane ved Det juridiske fakultetet, der Karl Harald Søvig er dekan, reiser på utveksling. No vil rektor Dag Rune Olsen at dei aller, aller fleste av UiB sine studentar skal få internasjonal røynsle, og meiner at dei som av ulike grunnar ikkje ønskjer å reisa ut eit semester, må grunngi dette i ein søknad. Foto: Tor Farstad

Vil gjera utveksling obligatorisk

Rektor Dag Rune Olsen vil at dei studentane som ikkje ønskjer å reisa på utveksling må søkja om å sleppa.

Publisert   Sist oppdatert

Alle studentar skal studera i utlandet i løpet av studietida si ved Universitetet i Bergen, og alle studieprogram skal ha ei liste over ti tilrådde studium i utlandet.

Det sa Dag Rune Olsen då forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø hadde innspelsmøte i Bergen tysdag, i samband med den nye stortingsmeldinga om studentmobilitet.

— Meiner du at alle skal reisa ut?

Me har eit styrevedtak på at det å reisa skal vera den nye normalen. Etter kvart skal ein då måtte grunngi kvifor ein ikkje ønskjer å reisa.

Dag Rune Olsen

— Ja, det meiner eg. Me har eit styrevedtak på at det å reisa skal vera den nye normalen. Etter kvart skal ein då måtte grunngi kvifor ein ikkje ønskjer å reisa. Kva kriteria for å få fritak skal vera, må ein koma attende til, seier Olsen, men nemner familiære forhold.

Vedtaket Olsen viser til er frå 2017 og knytt til sak om Handlingsplan for kvalitet i utdanningane. Der heiter det at alle studentar skal verta møtt med ei forventning om å reisa på utveksling i løpet av studiet.

Vil ha haldningsendring

Meir fleksibilitet og mindre byråkrati, sa studentane som fekk snakka med statsråden før sjølve innspelsmøtet. Dei understreka at det er viktig at ein veit om dei studiepoenga ein tek utanlands vert godkjende som ein del av grada ein er i gang med. Dette er noko ein ser på i stortingsmeldinga, sa Nybø til Khrono.

I dag er det Norges Handelshøyskole som sender flest studentar på utveksling. Der søkjer studentane via høgskulen.

— Hos oss har det nok i for stor grad vore ei haldning som vert formidla til studentane om at ein kan «finna ein stad å reisa til, og koma attende», seier UiB-rektor Olsen.

— Men hos oss er Det juridiske fakultetet eit førebilete. Dei sender flest studentar på utveksling frå oss, og der er det klare avtalar med institusjonar i utlandet, seier Olsen.

Under innspelsmøtet snakka både han, Nybø og fleire andre om at ein treng ei kulturendring når det gjeld utveksling.

— Eg trur noko av det viktigaste for å fleire studentar til å ville reisa ut, er at dei kjenner at det er ei tydeleg forventing frå førelesarane om at dette er noko ein bør gjera, og at dei som underviser framsnakkar utveksling, seier Olsen til På Høyden.

Internasjonalt semester heime

Olsen meiner at det viktigaste med utveksling er at studentane får oppleva ein annan kultur og eit anna språk. Difor er han oppteken av at dei studentane som ikkje reiser på utveksling til utlandet, må få ei internasjonal røynsle heime.

— Me må ha eit opplegg for internasjonalisering på campus. Studentane må ha eitt semester der undervisnigna går føre seg på engelsk, og ein må legga opp til at dei skal ta emne saman med innreisande studentar, slik at det vert eit internasjonalt miljø, seier Olsen.