Rektor Dag Rune Olsen og kvalen. Kvalsalen er klar til nyopning av Naturhistorisk museum. Foto: Tor Farstad
Rektor Dag Rune Olsen og kvalen. Kvalsalen er klar til nyopning av Naturhistorisk museum. Foto: Tor Farstad

Ein snik-kikk inn på museet

Så rart det enn kan høyrast ut, så det skal altså henga ein flodhest i taket når Naturhistorisk museum opnar att i oktober.

Publisert   Sist oppdatert

Det står ein spent gjeng nede i vestibylen på Naturhistorisk museum.

— Me er altså i ferd med å koma inn i museet, seier rektor Dag Rune Olsen.

Det er få ting som er så uferdig som eit uferdig museum.

Henrik von Achen

Han har med seg universitetsstyret på tur, og dei får ein kikk inn i det som skal opna for publikum att 14. oktober.

Skulpturar i kunnskapshola

Framleis vert det jobba med å få på plass utstillingar, og i andre etasje vert dei nye kunnskapsvertane, som i hovudsak er studentar, kursa. Samstundes er utstillinga som er knytt til Kavlisymposiet «Passion for science», i ferd med å koma på plass.

Museumsdirektør Henrik von Achen viser stolt fram eit oppussa museum til universitetsstyret. Foto: Tor Farstad
Museumsdirektør Henrik von Achen viser stolt fram eit oppussa museum til universitetsstyret. Foto: Tor Farstad

Noko som allereie er på plass, er Mattias Häremstam sine store treskulpturar. Dette er ein del av Koro-utsmykkinga (Kunst i offentlege rom, journ.anm), og skulpturane veks ut av dei to store kunnskapshola.

— Det er få ting som er så uferdig som eit uferdig museum, seier museumsdirektør Henrik von Achen før han viser veg inn i bygget.

Sjå korleis museet såg ut då det var heilt tomt inni.

Ein slange - og ein flodhest

I ein monter står ein utstrekt slange, og i eit rom vert det ei utstilling som viser den kaledonske fjellkjeda si vekst og fall. «I går var i dag i morgen», står det i glasheisen som går opp og ned – med utstilling inni.

— Kva er tid, spør von Achen retorisk.

Overlege Danielsen er flytta frå vestibylen, men bysta får ein annan stad i museet. — Her var ein god del pø, men me er glade for å presentera vestibylen med dei kvalitetane rommet har, seier museumsdirektør Henrik von Achen. Foto: Tor Farstad
Overlege Danielsen er flytta frå vestibylen, men bysta får ein annan stad i museet. — Her var ein god del pø, men me er glade for å presentera vestibylen med dei kvalitetane rommet har, seier museumsdirektør Henrik von Achen. Foto: Tor Farstad

Han opnar dørene til kvalsalen. Her er dei gamle montrane fylte med innhald. Kvalskjelletta og den store brugda er det einaste som har vore att under rehabiliteringsperioden.

Rommet som fører inn til kvalsalen manglar førebels utstilling.

— Alt anna har vorte frakta gjennom dette rommet, så dette må fyllast til slutt, seier Eli Hausken.

Ho er leiar for Arena for forskingskommunikasjon ved Universitetsmuseet.

— Denne avdelinga i museet handlar om bevis på evolusjon. Og her skal det, tru det eller ei, henga ein flodhest i saket, humrar Hausken.

Statsministeren kjem

14. oktober er det offisiell opning. Då kjem statsminister Erna Solberg. Etter at ho har opna museet, er det ope for publikum til langt på kveld. Det vil òg verta vist ei 3D-framsyning utandørs.

— Me er i rute, dette går bra, seier von Achen.