Sjå bileta frå lysshowet

Universitetsmuseet si nyopning vart avslutta med eit storslagent lysshow.

Publisert   Sist oppdatert

Ein fullpakka Muséplassen fekk med seg eit spektakulært lysshow måndag kveld. Showet vart vist tre gongar, og markerte slutten av opningsdagen.

På føremiddagen var statsminister Erna Solberg til stades då ein svært nøgd rektor Dag Rune Olsen fekk tilbake nøklane til museumsbygningen. Inne er museet ført tilbake til 1865 når det gjeld farge- og materialbruk, men elles er det tipp-topp moderne.