Dag Rune Olsen og Harald Schjelderup hadde sjarmen på full styrke da Nina Jensen var på besøk. Men for Røkke er fortsatt Fornebu planen.
Dag Rune Olsen og Harald Schjelderup hadde sjarmen på full styrke da Nina Jensen var på besøk. Men for Røkke er fortsatt Fornebu planen.

Vil få Røkke i hamn på sjarm

Publisert

Harald Schjelderup og Dag Rune Olsen har skrudd sjarmen på for fullt for å få Røkke-tårnet til Bergen. Den gode nyheita er at det ikkje treng å bli ein skyskrapar dersom han hamnar på Dokken.

– Det er heilt åpenbart at vi satsar på sjarm for å få Kjell Inge Røkke og Nina Jensen til å flytte prosjektet Det store blå til Bergen, seier UiB-rektor Dag Rune Olsen.

Slik er Det store blå tenkt på Fornebu. Illustrasjon: Wingårdh arkitektkontor
Slik er Det store blå tenkt på Fornebu. Illustrasjon: Wingårdh arkitektkontor

Skal framleis til Fornebu

Tirsdag møtte han og byrådsleiar Harald Schjelderup REV Ocean-direktør Nina Jensen. Oppdrag: Sjarmere Jensen, og deretter Røkke, til å plassere gigantprosjektet i Bergen. Det 200 meter høge bygget skal innehalde hotell, kontor og rom for organisasjonar som jobbar med hav og miljø, fordelt på 64 etasjar. Bygget er tenkt plassert på ei tomt Røkkes selskap Aker eig på Fornebu i Bærum, men kommunestyret har så langt sagt nei til prosjektet.

– Vi har fortalt Nina Jensen korleis verdenshava sitt hovudkontor passar inn i Bergen, sier Olsen.

Samarbeidet i Havbyen Bergen, den marine klynga på Marineholmen, utbygging av ein ny bydel på Dokken, nytt hovudkvarter for Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet er nokre av innsalspunkta.

– Men Jensen har vore klar på at prosjektet er planlagd på Fornebu, og at det framleis er der dei ønskjer å realisere det, seier Olsen.

Bergen er heller ikkje den einaste byen som har meld si interesse for bygget. Både Haugesund, Tønsberg og Paris har vore foreslått som alternativ tomt.

Ikkje låst til skyskrapar

– Det har ikkje stått på sjarmen, og det er eit utruleg godt miljø i Bergen. Men vi jobbar primært med å få til prosjektet i Bærum, seier Jensen til På Høyden.

No avventar dei ytterlegare avklaringar i Bærum, der særleg høgda på bygget har skapt debatt. Dersom det er aktuelt å gå vidare med samtalar om å byggje i Bergen eller andre stader, treng ein derimot ikkje ta utgangspunkt i eit 200 meter høgt tårn.

– Tårnet er teikna for tomta i Bærum, og ein må uansett vere villig til gjere justeringar. Men vi er klare på at det må vere eit signalbygg, seier Jensen.

Byrådsleiar Harald Schjelderup synest signala frå REV Ocean er svært positive:

– Form og fasong er noko dei ikkje er låst til.