UiB er store nok åleine. Men rektor Dag Rune Olsen seier ikkje nei til å diskutera ein eventuell fusjon med Høgskulen i Volda. Foto: Tor Farstad
UiB er store nok åleine. Men rektor Dag Rune Olsen seier ikkje nei til å diskutera ein eventuell fusjon med Høgskulen i Volda. Foto: Tor Farstad

No brukar Dag Rune f-ordet

— Me kan diskutera fusjon dersom Høgskulen i Volda ønskjer det, seier UiB-rektor Dag Rune Olsen. Samarbeid med andre er eit heitt tema på høgskulen på nordvestlandet.

Publisert

— Eg seier det eg har sagt før. Eg trur ikkje strukturdebatten er over, seier UiB-rektor Dag Rune Olsen, og viser til det som vart sagt under strukturkonferansen i Trondheim tidlegare i år.

Bakteppet er Høgskulen i Volda og deira interne debatt om kva som vert vegen vidare. Åleinegang? Eller samarbeid?

Ingen konkrete planar

— Sjølvstende er eit tydeleg førsteval for Høgskulen i Volda, sa rektor Johann Roppen til Khrono før styremøtet førre veke.

Det viste seg at ikkje heile høgskulestyret var samde i det. Khrono skriv om ein oppheita debatt, der f-ordet – altså «fusjon» - var i fokus.

Det same ordet har vore i fokus før. Då den store strukturdebatten i sektoren var på topp i 2016, sa tilsettrepresentant Tor-Johan Ekeland at UiB ikkje kunne venda seg til Høgskulen i Volda og bruka f-ordet, men at høgskulen kunne gjera det dersom dei ville i sin kontakt med UiB.

Same Ekeland fremja no eit forslag til vedtak der det heiter at høgskulen «skal ha ein aktiv strategi for å avklare moglege fusjonsalternativ og samarbeid». Dette vart nedstemt med knappast mogleg margin.

Før styremøtet hadde rektor Roppen sendt ein e-post til fleire andre rektorar, mellom anna Dag Rune Olsen, og bede om deira tankar om strukturspørsmålet for deira institusjon.

«Vår vurdering er at strukturreformen vil gå videre og at ytterligere fusjoner trolig vil finne. UiB har i dag selv ingen konkrete planer om fusjon(er) eller henvendelser om slike. Vi ønsker imidlertid velkommen diskusjoner om faglig, organisatorisk og strukturelt samarbeid med Høgskolen i Volda; dette omfatter diskusjon om fusjon dersom det skulle være ønskelig sett fra Høgskolen i Volda sin side», skriv Olsen i sitt svar.

I 2015 og 2016 var det mykje debatt, og mellom anna møte i Bergen der ulike fusjonsalternativ var tema. Frå venstre direktør Jacob Kjøde jr ved Høgskulen i Volda, dåverande statssekretær Bjørn Haugstad, Volda-rektor Johann Roppen og Gerd Tinglum, rektor ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen. KHiB vart som kjent ein del av UiB frå 2017. Foto: Tor Farstad
I 2015 og 2016 var det mykje debatt, og mellom anna møte i Bergen der ulike fusjonsalternativ var tema. Frå venstre direktør Jacob Kjøde jr ved Høgskulen i Volda, dåverande statssekretær Bjørn Haugstad, Volda-rektor Johann Roppen og Gerd Tinglum, rektor ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen. KHiB vart som kjent ein del av UiB frå 2017. Foto: Tor Farstad

Treårig avtale

I 2016 inngjekk UiB og Høgskulen i Volda ein avtale knytt til samarbeid innan nokre fag, mellom anna mediefag. Avtalen gjeld til september 2019.

— Eg har sagt til Roppen at UiB kan diskutera fusjon dersom det er noko Høgskulen i Volda ønskjer. Men eg har òg sagt at eg ikkje kan seia noko om korleis mitt styre vil stilla seg til dette, seier Olsen til På Høyden.

— Treng UiB Høgskulen i Volda?

— Det er ikkje tvingande naudsynt for oss å finna fusjonspartnarar, men eg tenkjer at ein kan vurdera andre interessante samarbeidsflater, seier Olsen.

I fjor var debatten om foretaksmodell i sektoren viktig. I januar i år sa statsråd Iselin Nybø at ein slik modell ikkje skal testast. Dag Rune Olsen meiner fjorårets debatt handla for mykje om for og imot foretaksmodell, og mindre om innhaldet. Han viser til California og korleis universiteta der er organisert som eit nettverk. University of California har ti campusar og er eigd av delstaten.

— Rammene for sektoren er endra, og eg trur difor det vil verta fleire fusjonar, seier Olsen.