Ugla skal fly, fly ut i samfunnet med kunnskap frå UiB. Biletet er frå relanseringa av UiB sin strategi. Tilstandsrapporten frå Diku viser at mykje er som før i sektoren. Foto: Tor Farstad
Ugla skal fly, fly ut i samfunnet med kunnskap frå UiB. Biletet er frå relanseringa av UiB sin strategi. Tilstandsrapporten frå Diku viser at mykje er som før i sektoren. Foto: Tor Farstad

Slik er tilstanden ved UiB

Tilstandsrapport: Færre mellombelse stillingar, god utteljing frå Forskingsrådet og nokre nye EU-stipend. Slik gjekk det ved UiB i 2018.

Publisert   Sist oppdatert

Det er ei årviss øving: Tilstandsrapporten for høgare utdanning vert presentert kvart år «omtrent på denne tida». Den viser korleis det gjekk i fjor, eller, som det heiter: «Rapporten presenterer forrige års tall og oversikt over utviklingen over tid på en rekke områder i UH-sektoren. Analysene er basert på et omfattende datagrunnlag, fra flere ulike kilder».

Utteljing ERC 2017-19

Stipenda er Starting Grants, Consolidator Grants, Avanced Grants og i tillegg Proof of Concept (knytt til kommersialisering) og Synergy Grants

Københavns Universitet: 106

Helsinki Universitet: 74

Karolinska Institutet: 66

Lunds Universitet: 62

Uppsala universitet: 61

Universitetet i Oslo: 49

Universitetet i Bergen: 25

NTNU: 11

Tidlegare er det Kunnskapsdepartementet som har laga rapporten, i år er det for første gong Diku – Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning. Rapporten vert lagt fram onsdag morgon.

NTNU: 1 mrd

UiB hentar ut over 200 000 kroner per faglege årsverk i bidragsinntekter frå Forskingsrådet. Det same gjer UiO og NTNU, medan Norges miljø og biovitskapelege fakultet (NMBU) hentar ut mest denne gongen òg: 286 000 for kvart faglege årsverk. Ser ein på kor mange millionar dei einskilde institusjonane får med seg, er det NTNU som ligg på topp, med meir enn ein milliard kroner.

Når det gjeld inntekter frå det europeiske forskingsrådet (ERC), finn ein at det berre er UiO som kjem inn på topp ti-lista i Norden dersom ein ser på stipend til enkeltforskarar. UiB er nest best – men berre nummer 14 med sine 25 ERC-stipend. NTNU er nummer 15.

— Eg er begeistra over at me hentar ut pengar både frå Forskingsrådet og EU-systemet, seier UiB-rektor Dag Rune Olsen.

— Men når ein ser på tildelingar frå Horisont 2020, veit ein at Noreg gjer det dårlegare enn andre europeiske land. Det er noko me har vore klare over ei stund, men me veit ikkje heilt kvifor, seier Olsen.

Han seier at trass i at UiB gjer det bra i norsk samanheng, er det slik at ein ikkje har klart å mobilisera breidda ved universitetet – verken til å søkja eller til å nå opp.

Kenneth Hugdahl er ein av dei som har fått ERC-stipend, og det av den gjevaste sorten. Foto: Dag Hellesund
Kenneth Hugdahl er ein av dei som har fått ERC-stipend, og det av den gjevaste sorten. Foto: Dag Hellesund

Noreg har hatt ein auke i basisløyvingane til sektoren dei siste åra. Det er det få andre som har, så det kan tenkast at ein ikkje har hatt så mykje fokus på eksterne midlar.

Dag Rune Olsen

— Noreg har hatt ein auke i basisløyvingane til sektoren dei siste åra. Det er det få andre som har, så det kan tenkast at ein ikkje har hatt så mykje fokus på eksterne midlar. Men sjølv om ein har ein god basis, gir eksterne midlar likevel andre moglegheiter.

Færre mellombels tilsette

Eit anna tema som er omtala i rapporten, er mellombels tilsette. Her har UiB vore ein av institusjonane med høgast del mellombels tilsette, særleg blant vitskapeleg personell. Men i årets rapport er UiB trekt fram som ein av dei som har fått redusert bruken av mellombelse stillingar, frå 21 til 17,8 prosent.

Ved UiB har ein tilsett fleire i faste forskarstillingar. Men desse stillingane er likevel avhengige av eksterne midlar.

— At ein er fast tilsett, betyr ikkje at ein aldri kan mista jobben. Men ein har eit sterkare stillingsvern, seier Olsen.

Her kan du lesa heile rapporten.

Og her finn du vedlegga.