Dag Hellesund skal jobba med innovasjon på heiltid i eit år. Foto: Tor Farstad
Dag Hellesund skal jobba med innovasjon på heiltid i eit år. Foto: Tor Farstad

Hellesund til VIS

Notis. Dag Hellesund får permisjon frå På Høyden og skal jobba med innovasjon.

Publisert   Sist oppdatert

Dag Hellesund vart tilsett som På Høyden sin første redaktør då avisa vart uavhengig i 2012. Frå våren 2019 har På Høyden og Khrono hatt same redaktør, og Hellesund har vore journalist. No får han eit års permisjon for å jobba i VIS Innovasjon, tidlegare Bergen Teknologioverføring.

— Eg ønskjer å læra meir om innovasjon, det er eit stadig viktigare felt for sektoren. Å jobba i VIS Innovasjon er ein riktig stad å vera, seier Hellesund.

Han har permisjon fram til 1. oktober 2020, og skal jobba med kommunikasjon og innovasjon.