Det er tilsette ved Universitetsmuseet sine naturhistoriske samlingar som publiserte mest i 2018. Foto: Tor Farstad
Det er tilsette ved Universitetsmuseet sine naturhistoriske samlingar som publiserte mest i 2018. Foto: Tor Farstad

Sjå publiseringstala for 2018

UiB-forskarane fekk i snitt 1,56 publikasjonspoeng for 2018, viser nye tal frå Cristin. Sjekk tala her.

Published   Updated

Onsdag kom publiseringstala frå 2018. Internt på UiB blei Universitetsmuseet mestpubliserande med imponerande 2,36 publikasjonspoeng per tilsett. På neste nivå er det Institutt for fysikk og teknologi som ligg på topp, med 3,76 poeng per tilsett.

Sprutar ut artiklar

Ti på topp på publisering

1Institutt for fysikk og teknologi3,76
2De naturhistoriske samlinger3,38
3Institutt for global helse og samfunnsmedisin2,57
4Geofysisk institutt2,21
5Institutt for arkeologi, historie, kultur og religionsvitenskap2,13
6Sosiologisk institutt2,10
7Institutt for geovitenskap2,07
8Senter for krisepsykologi2,03
9Institutt for informatikk2,01
10Klinisk institutt 11,80

Publiseringspoeng per fagleg tilsett

Museumsdirektør Henrik von Achen set pris på publiseringstakten til kollegaene.

— Dei spruter ut publikasjonar, og det er vi veldig nøgde med.

Staben publiserer òg mykje internasjonalt.

— Det viser at universitetsmuseet er ein forskingsinstitusjon. Vi har gode folk, og dei jobbar mykje. Ein av målestokkane vi har er vitskapleg publisering, seier han.

For museet varierer tala ein del frå år til år.

Svampar frå Antarktis

— Vi er ein relativt liten organisasjon om du til dømes samanliknar med Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, så ein må vente seg ei viss fluktuering. Men stort sett har vi lege i toppen dei siste åra.

Mykje av publiseringane er knytt til taksonomi, der ein klassifiserer og namngir organismar. Dette er noko universitetsmuseet har eit særleg ansvar for. Det er til dømes ei tilsett frå museet med på det pågåande toktet i Sørishavet, med ansvar for å klassifisere svampar og andre artar på havbotnen utanfor Antarktis.

Om bord på FF Kronprins Haakon sit forskar Anne Helene Solberg Tandberg og klassifiserer svampar. No er dei over Astrid-ryggen, der det er om lag 1500 meter djupt. Arbeidet er ein del av EU-prosjektet SponGES, og alt biologisk materiale som blir samla inn, blir ein del av museet sine samlingar.

I første omgang blir det mest rapportar ut av svampane.

— Men vi er jo alle vitenskaparar, og vil nok òg fort komme i gang med vitskaplege artiklar, seier Tandberg.

UiB-publisering

Publikasjonspoeng ved UiB registrert i Cristin for 2018Sum publiseringspoengSum UFF-årsverkSum poeng per UFF
Universitetet i Bergen3437,362205,441,56
Det humanistiske fakultet401,56335,741,20
Fakultetssekretariat/felles avdeling - HF0,300,00
Institutt for arkeologi, historie, kultur og religionsvitenskap157,0973,712,13
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium58,9661,450,96
Institutt for fremmedspråk90,0169,481,30
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium82,65106,900,77
Senter for kvinne- og kjønnsforskning0,718,500,08
Senter for vitskapsteori12,1415,400,79
Det juridiske fakultet87,2974,191,18
Det juridiske fakultet74,190,00
Uspesifisert underenhet87,29
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet1286,88629,192,05
Fakultetssekretariat/Felles avdeling - MAT.NAT.1,42
Geofysisk institutt169,9776,902,21
Institutt for biologi202,39146,751,38
Institutt for fysikk og teknologi319,2284,903,76
Institutt for geovitenskap222,58107,652,07
Institutt for informatikk189,7694,502,01
Kjemisk institutt60,7153,051,14
Matematisk institutt114,8164,441,78
Senter for geobiologi3,50
Senter for klimadynamikk ved Bjerknessenteret1,000,00
Uspesifisert underenhet2,53
Det medisinske fakultet842,70524,351,61
Fakultetssekretariat/felles avdeling - medisin3,200,00
Institutt for biomedisin91,23108,200,84
Institutt for global helse og samfunnsmedisin245,8495,502,57
Institutt for klinisk odontologi47,4051,150,93
Klinisk institutt 1171,0595,201,80
Klinisk institutt 2286,71171,101,68
Uspesifisert underenhet0,47
Det psykologiske fakultet282,10201,851,40
Centre for the Science of Learning & Technology (SLATE)3,625,000,72
Hemil-senteret33,0724,401,36
Institutt for biologisk og medisinsk psykologi52,9541,701,27
Institutt for klinisk psykologi47,2832,701,45
Institutt for pedagogikk28,5233,750,85
Institutt for samfunnspsykologi106,2259,201,79
Senter for krisepsykologi10,375,102,03
Uspesifisert underenhet0,07
Det samfunnsvitenskapelige fakultet395,67260,041,52
Fakultetssekretariat/felles avdeling - SV1,000,00
Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap46,1627,761,66
Institutt for geografi45,5633,301,37
Institutt for informasjon- og medievitenskap108,1667,851,59
Institutt for sammenliknende politikk78,3444,101,78
Institutt for sosialantropologi50,2532,431,55
Institutt for økonomi24,9833,450,75
Sosiologisk institutt42,2320,152,10
Fakultet for Kunst, Musikk og Design19,34100,580,19
Fakultet for Kunst, Musikk og Design, fellesfunksjon3,000,00
Griegakademiet - Institutt for musikk18,3445,190,41
Institutt for design1,0023,340,04
Institutt for kunst29,050,00
Sentraladministrasjon28,8543,800,66
IT-avdelingen1,000,00
Rektors kontor3,400,00
Sars internasjonale senter for marin molekylærbiol. forskn.27,9337,400,75
Studieadministrativ avdeling0,922,000,46
Sentre1,96
Uspesifisert underenhet1,96
UiB (uspesifisert underenhet)2,43
UiB (uspesifisert underenhet)2,43
Universitetsbiblioteket i Bergen4,31
Uspesifisert underenhet4,31
Universitetsmuseet i Bergen84,2735,702,36
Arboretet og Botanisk hage1,46
De kulturhistoriske samlinger14,0715,700,90
De naturhistoriske samlinger67,6120,003,38
Uspesifisert underenhet1,13

Kjelde: dbh.nsd.uib.no/statistikk/kategori_publiseringer.action