UiB og rektor Dag Rune Olsen (i midten) ønskjer å vere leiande på kinasamarbeid i Noreg. Her under åpninga av Norsk senter for kinesisk rett ved Juridisk fakultet medstyreleiar for Bergen Konfutse-institutt, Asbjørn Stranbakken og dekan ved Renmin universitet i Kina, Han Dayuan. Foto: Eivind Senneset/UiB
UiB og rektor Dag Rune Olsen (i midten) ønskjer å vere leiande på kinasamarbeid i Noreg. Her under åpninga av Norsk senter for kinesisk rett ved Juridisk fakultet medstyreleiar for Bergen Konfutse-institutt, Asbjørn Stranbakken og dekan ved Renmin universitet i Kina, Han Dayuan. Foto: Eivind Senneset/UiB

Kina-samarbeid: Universitetet i Bergen ber om fridomsparagraf

Universitetet i Bergen fornyar samarbeidet med det omstridde Konfutse-instituttet, men vil ha ny paragraf om akademisk fridom inn i avtalen med kinesarane.

Publisert

Både leiinga ved UiB og den norske direktøren ved Konfutse-instituttet i Bergen har fleire gonger kategorisk avvist at den akademiske fridomen blir utfordra. No har universitetsleiinga i Bergen likevel bede sine samarbeidspartnarar i Beijing om å få legge ein ny paragraf inn i avtalen.

Konfutse-institutt

Kinesiske kultursenter oppretta som samarbeid mellom Hanban (hovudkvarter for Konfutse-sentra i det kinesiske utdanningsdepartementet), ein kinesisk institusjon og ein vertskapsinstitusjon.

Er oppretta ved fleire hundre universitet verda over sidan 2004.

Noreg har eitt Konfutse-senter, i Bergen, som samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet og Beijing Sports University.

Føremålet er ifølgje senteret å auke kompetanseniåvet om Kina, språket og kulturen her i Noreg, i tillegg til å promotere utveksling innan utdanning, vitskap, sport, kunst og næringsliv.

Det går fram av eit brev som er sendt Hanban, hovudkvarteret i Beijing for dei verdsomspennande Konfutse-institutta.

— Vi har ingen erfaringar som tilseier at akademisk fridom ikkje blir respektert, seier Annelin Eriksen, viserektor for internasjonale relasjonar.

I den nye formuleringa heiter det at ingenting skal avgrense eller påverke den akademiske fridomen og heller ikkje reguleringar mot diskriminering (non-discrimination policies) ved universiteta som deltek i samarbeidet. I forslaget til ny paragraf blir det også understreka at universiteta og dei tilsette skal rett til å bestemme innhaldet på pensum og undervisningsformer.

Rektoratet: — Viktig verdi for oss

Ifølgje viserektor for internasjonale relasjonar ved UiB, Annelin Eriksen, er ingenting endra sidan i fjor når det gjeld forholdet til Konfutse-instituttet og Hanban.

— Vi har ingen erfaringar som tilseier at akademisk fridom ikkje blir respektert i avtalen. Men dette er ein viktig verdi for oss. Når vi har eit så strategisk fokus på Kina som vi har er det eit poeng for oss at dette blir formalisert skriftleg. Dette bygger på ein gjennomgang vi har hatt i leiinga, der både juristar, administrasjon, styreleiar for Konfutse-instituttet i Bergen og kompetanseutvalet for Kina ved UiB har vore involverte, seier Eriksen.

Viserektor for internasjonale relasjonar ved UiB, Annelin Eriksen, seier det er eit poeng å formalisere den akademiske fridom skriftleg i avtalen med Konfutse-instituttet. Foto: Silje Katrine Robinson
Viserektor for internasjonale relasjonar ved UiB, Annelin Eriksen, seier det er eit poeng å formalisere den akademiske fridom skriftleg i avtalen med Konfutse-instituttet. Foto: Silje Katrine Robinson

Bergen Konfutse-institutt har eksistert i vel ti år i samarbeid med UiB og Høgskulen på Vestlandet (HVL). UiB er det einaste universitetet i Noreg som har inngått avtale om samarbeid med eit Konfutse-institutt. Både NTNU og Universitetet i Oslo har avslått invitasjonar frå kinesarane. NTNU grunngav avslaget med kritikk som er kome mot institutta.

Det er så langt ikkje kome svar på brevet UiB har sendt til Beijing med ønske om ny paragraf i avtalen. Men ifølgje styreleiar i Bergen Konfutse-institutt, Asbjørn Strandbakken, er ønsket uformelt og munnleg blitt akseptert av Hanban-leiinga.

Påstandar om sensur

I fjor sommar måtte UiB-leiinga og Konfutse-instituttet svare på sterk kritikk frå fleire hald mot samarbeidet med Konfutse-instituttet. I ein rapport frå den norske ambassaden i Beijing som Khrono fekk tilgang til vart Konfutse-institutta framstilte som ei forlenga arm for det kinesiske kommunistpartiet. Institutta «ønsker å fremstå som uavhengige kulturinstitusjoner, men knytter seg i realiteten tett til partnerinstitusjonen i vertslandet, og er i stor grad politisk kontrollert fra Beijing», heitte det i rapporten.

Ifølgje forfattar og Kina-ekspert Torbjørn Færøvik set UiB nettopp den akademiske fridom på spel. «Det er nettopp slike bindinger et fritt universitet skal unngå. Prisen for å knytte seg til Konfutse-instituttet er selvsensur», skreiv Færøvik.

UiB vart også kritisert av Raftostiftelsen for «manglande kritisk tilnærming» til kinasamarbeid.

Kina: Reine kultursenter

Rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, har vist til at den «nær sagt geniale modellen» UiB, HVL og Hanban er underlagt i samarbeidet om Bergen Konfutse-institutt. I den ligg det at instituttet er organisert som ei stifting og dermed underlagt norsk lov. Dermed unngår dei gråsonene som har skapt vanskar i samarbeid mellom Konfutse-institutt og universitet i mange andre land.

Ifølgje Kina er Konfutse-institutta reine kultursenter som legg til rette for samarbeid mellom kinesiske aktørar og ein vertskapsinstitusjon. I fleire år har institutta kringom i verda likevel blitt ramma av påstandar om sensur, kontroll og tette koplingar til kommunistpartiet gjennom moderorganisasjonen Hanban. I USA, Canada, Frankrike har institutt tidlegare blitt lagt ned på grunn av konfliktar og uvisse om vilkåra for den akademiske fridomen.

Slutt på Kina-frukost

Som eit svar på kritikk frå Raftostiftelsen på manglande diskusjon og kritisk refleksjon om samarbeid med Kina annonserte UiB ein serie med såkalla Kina-frukostar. Der vart fagfolk frå UiB invitert til å snakke om sine erfaringar og utfordringar i kinasamarbeid.

Det blei med to frukostar, og serien skal ikkje halde fram.

Leiar av kompetanseutval for kinasamarbeid, Camilla Brautaset. Foto: Njord V. Svendsen
Leiar av kompetanseutval for kinasamarbeid, Camilla Brautaset. Foto: Njord V. Svendsen

— Vi er i dialog med Litteraturhuset om å få til Kina-arrangement der, men vi har ikkje planar om fortsetje med kinafrukostar, stadfestar leiar i kompetanseutvalet for kinasamarbeid ved UiB, Camilla Brautaset.

— Frukostane var vellykka. Vi hadde godt oppmøte, gode diskusjonar, men no ønskjer vi å nå eit endå større publikum, seier ho.

Følgjer med på Hong Kong

Ønsket om å inkludere ein paragraf om akademisk fridom i Konfutse-avtalen vart sendt før dei pågåande demokratidemonstrasjonane i Hong Kong blussa opp. Viserektor Eriksen seier at rektoratet enno ikkje har diskutert situasjonen i Hong Kong eller gjort noko institusjonell vurdering knytt til samarbeidande universitet i Hong Kong.

Studentar og akademikarar spelt ei sentral rolle i demonstrasjonane for demokrati og protestane mot leiarane i Beijing.

— Vi følgjer sjølvsagt med på utviklinga, seier Eriksen.

UiB og HVL brukar om lag 1,7 millionar kroner årleg på Konfutse-instituttet. UiB betalar husleige på kring 500 000, resten er løn til direktøren, som blir betalt av HVL. I 2018 bidrog Hanban med kring 5,5 millionar kroner til drift av instituttet.