Viserektor Annelin Eriksen har færrast flyreiser, men ikkje det minste klimaavtrykket.
Viserektor Annelin Eriksen har færrast flyreiser, men ikkje det minste klimaavtrykket.

Rektor for globale relasjonar reiste minst

Publisert

UiBs rektor for globale relasjonar, Annelin Eriksen, har under halvparten så stort klimaavtrykk som rektor Dag Rune Olsen.

Som På Høyden tidlegare har vist, reiste rektor ved Universitetet i Bergen (UiB), Dag Rune Olsen, kloden rundt fleire gonger i jobben siste året. Han la igjen eit klimaavtrykk på minst 27 tonn CO2-ekvivalentar og er med det klar klimaversting blant rektorane ved dei største universiteta i Noreg.

Klima

* På Høyden har rekna på klimafotavtrykk til rektorane ved dei fire største forskingsuniversiteta i Noreg. Rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, stod for utslepp av 27 tonn CO2-ekvivalentar i løpet av det siste året. Det er 8,5 tonn meir enn nestemann på lista, NTNU-rektor Gunnar Bovim.

* Klimatiltak står sentralt i UiBs strategiske satsingar - samstundes er rektors samla klimaavtrykk fire gonger så stort som for ein gjennomsnittleg nordmann.

* Flyreisene til dei tilsette er den største kjelda til CO2-utslepp frå UiB og dermed den viktigaste faktoren for å redusere utslepp og nå målet om å bli klimanøytral innan 2030.

* På Høyden har brukt klimakalkulatoren til FNs luftfartorganisasjon (ICAO) for å rekne ut klimaavtrykket frå flyreisene til universitetsrektorane. Denne kalkulatoren inkluderer ikkje andre klimagassar (ekvivalentar) enn CO2, som ved flyreiser utgjer ein vesentleg del av utsleppa som bidrar til global oppvarming.For å kalkulere meir reelle klimagassutslepp knytt til flytransport (radiative forcing index, RFI), bør det leggast til 80 prosent på utsleppstalet (CICERO). Universitetet i Oslo legg på 90 prosent (Miljørapport 2016).

Samstundes er klima og berekraft ein av pilarane i UiBs strategi og profil. 

Viserektoren som har globale relasjonar som sitt arbeidsfelt, Annelin Eriksen, har derimot hatt færrast reiser av alle rektorane på Muséplass: 23 gonger har ho sett seg på flyet siste året, nøyaktig halvparten så mange gonger som rektor Olsen.

Klimaavtrykket er på 13 tonn, også knappe halvparten av Olsens.

Rektoratet: 67 tonn

Det minste klimaavtrykket i rektoratet er det likevel Oddrun Samdal som har. Hennar fire tonn utgjer berre ein sjudel av Dag Rune Olsens. Mest klimagass blant viserektorane stod Margareth Hagen for med 15,5 tonn.

Totalt stod rektoratet for utslepp av om lag 67 tonn CO2-ekvivalentar i perioden frå desember 2017 til desember 2018. Det svarer til det årlege utsleppet frå rundt 40 personbilar.

Rektoren for globale relasjonar er i 50 prosent stilling og vart tilsett i november 2017. Hennar oppgåve er å følgje opp UiBs Kina-strategi og følgje opp landa i det såkalla Panorama-programmet – Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika.

Universitetsdirektøren, Kjell Bernstrøm, sit også ofte på flyet, men stort sett innanlands. På Høyden har telt 31 innlandsreiser – 22 av dei gjekk til Oslo. Utanlands var han i løpet av eit år på dekantur til York, dekansamling i Roma, leiarsamling i København og IKT-messe i Barcelona.

Reiser for berekraft

– Mykje av arbeidet mitt har også føregått her på UiB, særleg knytt til utvikling av Kina-strategien. Det har vore ei bevisst prioritering, seier Annelin Eriksen.

Det er til Kina dei to av dei fire reisene hennar utanfor Europa har gått. Dei to andre gjekk til New York – der nettopp berekraft var tema. UiB vart i oktober tildelt ansvaret for å følgje opp eitt av FNs berekraftmål.

Annelin Eriksen er også leiar for den felles berekraftgruppa til dei fem største universiteta og Universitet- og høgskolerådet, den såkalla SDG-gruppa (SDG: sustainable development goals). Målet med gruppa er å utveksle erfaringar på miljø- og berekraftfeltet, ifølgje Eriksen.

– Så langt har dette handla om forskingsbidraget, men vi skal også ta opp korleis vi jobbar med miljø og berekraft på institusjonane, seier Eriksen.

På spørsmål om flyreisene til tilsette på universitetet vil bli tatt opp i gruppa, seier Eriksen at «reisepolicy er ei naturleg sak å ta opp».

Flyreiser utgjer den største kjelda til CO2-utslepp på UiB. Talet på flyreiser har auka dei siste åra.

Viser til arbeidsgruppe

Etter at På Høyden presenterte rektor Olsens reiseprogram og klimaavtrykk, kom meldinga om at UiB-leiinga ønskjer å satse på kjøp av klimakvoter for å kunne nå målet om å bli klimanøytrale innan 2030.

Utover dette har UiB per i dag ingen konkrete planar for korleis klimautsleppa som knyter seg til drifta skal kunne reduserast ytterlegare, utover kvotekjøp. Verken UiO, NTNU eller Universitetet i Tromsø har planar om å kjøpe klimakvotar for å kompensere for eige klimaavtrykk.

I eit debattinnlegg i På Høyden foreslo professor emeritus Gunnar Kvåle å innføre karbonavgift lokalt på universitetet og tak på reiser for dei tilsette. Eriksen seier det er vanskeleg for henne å uttale seg om denne ideen.

– Vi har ein gruppe på UiB som jobbar med revisjon av handlingsplan for ytre miljø, der klimadimensjonen ved universitetet som organisasjon vil vere tema. Denne gruppa må vurdere tiltak som skal presenterast for styret, seier Eriksen.