Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm og rektor Dag Rune Olsen meiner UiB må kutta CO2-utslepp. Men korleis det skal skje, skal tilsette og studentar få meina noko om. Foto: Hilde Kristin Strand
Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm og rektor Dag Rune Olsen meiner UiB må kutta CO2-utslepp. Men korleis det skal skje, skal tilsette og studentar få meina noko om. Foto: Hilde Kristin Strand

Inviterer til brei debatt om korleis UiB kan verta klimanøytral

Rektor Dag Rune Olsen vil invitera både studentar og tilsette til klimadebatt før universitetsstyret vedtek tiltak for å gjera UiB klimanøytralt.

Publisert

Klima i akademia

Klimaoppropet ved UiB er ein underskriftkampanje starta av tilsette ved UiB. Målet er å få universitetet til å halvere utslepp frå flyreiser innan 2025.

Ved Universitetet i Oslo har eit liknande opprop samla meir enn 600 underskrifter. Også i andre land, blant anna Danmark har akademikarar starta kampanjar.

NTNU har lansert Reiseløftet, som blir kalla «tidenes reiseutfordring» for å få heile universitetet til å reise mindre og meir miljøvennleg.

Både UiB, NTNU og UiO skal før sommaren legge fram detaljerte klimarekneskap der utslepp frå flyreiser er inkludert. Det er venta at det vil bli innført reguleringar for å redusere talet på flyreiser. Jobbreiser med fly er den klart største kjelda til klimagassutslepp frå universiteta.

— Me må legga kvotedebatten på sida og heller sjå på korleis me reelt sett kan verta klimanøytrale. Dette er den største saka der me kan bruka kunnskap knytt til innovasjon og entreprenørskap.

Det sa styremedlem Bjørn K. Haugland då universitetsstyret diskuterte sak om korleis Universitetet i Bergen (UiB) kan verta klimanøytralt. Han viste til at styret hadde vedteke ein handlingsplan for innovasjon og entreprenørskap.

Dette handlar verkeleg om kven me er og om kven UiB ønskjer å vera.

Bjørn K. Haugland

— Eg brenn veldig for dette. Dette handlar verkeleg om kven me er og om kven UiB ønskjer å vera,sa Haugland.

Då styret hadde møte før påske, låg det forslag til tiltak i sakspapira, mellom anna vart det føreslege at ein skal bidra til eit klimafond når ein reiser med fly. Den gongen var det sagt at ein skulle fatta endeleg vedtak i mai.

Slik vert det ikkje. I staden vil universitetsleiinga ha ein lenger prosess fram mot endeleg vedtak, og saka onsdag vart lagt fram som ei munnleg orientering.

Tek saka opp i Bott

Ved å bruka tolv millionar kroner i året på kjøp av klimakvotar kan UiB verta klimanøytralt. Men det er ikkje fokusområde, ein vil ha ein reell reduksjon i CO₂-utsleppet, understreka universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

— Spørsmålet er korleis me skal forankra saka i eigen organisasjon. No vert klimasaka først tema på universitetsleiarkonferansen i juni. Deretter inviterer rektor til klimadebatt til hausten for både studentar og tilsette, og deretter skal universitetsstyret handsama saka, sa Bernstrøm.

Klima har vore ei mykje omtala sak det siste året. På Høyden har mellom anna skrive om tilsette som starta klimaopprop, forskarar som ikkje reiser med fly – og ein rektor som flyr mykje. No ønskjer UiB å få ein oversikt over dei faktiske CO₂-utsleppa ein står for.

— UiO har nyleg offentleggjort sin klimarekneskap. Problemet er at den følgjer ein heilt annan standard enn UiB sin. Eg har tatt initiativ til at dei fire Bott-universiteta (Bergen, Oslo, Trondheim og Tromsø, journ.anm) skal ha ein felles modell for dette. Me vert samanlikna, men per i dag kan me ikkje samanliknast, sa Bernstrøm.

Les også: Oljeforskaren som ikkje har samvit til å halda fram med slik forsking

Kva skal tiltaka vera?

Universitetsdirektøren har tidlegare sagt at tiltak knytt til bygg og innkjøp er mest effektive når ein ønskjer å kutta i utsleppa. Men den delen ein har minst oversikt over, og kanskje kontroll på, er den som vert kalla indirekte utslepp. I denne sekkeposten ligg mellom anna innkjøp, avfall, reiser av ymse slag, tokttid, og reiser til og frå arbeidsplass.

Spørsmålet er kva tiltak som skal innførast. Bernstrøm presenterte nokre døme:

  • Skal ein ha ein reisepolitikk med prioritering? Kven skal prioriterast? Og skal flyreiser skattleggast? Eller skal ein få eit måltal for kor mykje ein kan reisa – der ein risikerer bot?
  • Skal ein seia nei til all bruk av eingongsartiklar?
  • Skal ein fjerna alle UiB sine parkeringsplassar, og eventuelt berre ha plassar for elbilar att?

Teppe på kontoret

Sofie Marhaug er eit av styremedlemmene som har vore tydelegast i klimadebatten. Ho er tydeleg på at ein bør reisa mindre – og var sjølv ikkje med på den omtalte styreturen til Boston.

Dersom UiB skrur ned temperaturen, skrur dei tilsette opp omnen på kontoret.

Sofie Marhaug

— Klimakutt må ha ein viss legitimitet, og ein må få med seg det store fleirtalet. Difor meiner eg det er viktig at ein ikkje reiser for mykje eller for mange saman. Ein snakkar om å spara på energi, men dersom UiB skrur ned temperaturen, skrur dei tilsette opp omnen på kontoret. Ein kan ikkje jobba i ti grader – sjølv om eg av og til sit med teppe på meg. Men reiser er mogleg å gjera noko med, sa Marhaug.

Jørgen Melve har òg, som han sjølv sa i styremøtet, meint noko i klimadebatten. Han er oppteken av at det må vera samanheng mellom liv og lære.

— Og det må vera ein realisme i det me gjer.