Seniorforskar Stein Tønnesson ved Institutt for fredsforskning (PRIO) meiner det er lite sjanse for krig i Korea, men óg at ei forhandlingsløysing er usannsynleg. Foto: PRIO. Kart: Yonghokim, Wikimedia. CC BY-SA 3.0.
Seniorforskar Stein Tønnesson ved Institutt for fredsforskning (PRIO) meiner det er lite sjanse for krig i Korea, men óg at ei forhandlingsløysing er usannsynleg. Foto: PRIO. Kart: Yonghokim, Wikimedia. CC BY-SA 3.0.

PRIO-forskar trur ikkje på ny koreakrig

Publisert

– I fjor snakka eg mykje om krigsfare, sa PRIO-forskar Stein Tønnesson då han heldt gjesteføredrag på Bergen Ressurssenter for Internasjonal Utvikling onsdag. – Det gjer eg ikkje i år, for krigsfåra er lita.

Det har vorte tøvær i tilhøvet mellom dei to koreanske statane i løpet av dei siste par månadane, forklarte PRIO-forskar Stein Tønnesson, som i fjor gav ut boka Explaining the East Asian Peace.

Tønneson heldt gjesteføredrag på Bergen Ressurssenter for Internasjonal Utvikling – eit samarbeidsprosjekt mellom CMI og UiB –  tidlegare denne veka.

Han peikte på at den nordkoreanske leiaren Kim Jong-un i sin nyttårstale takka ja til ein sørkoreansk invitasjon om å delta i dei olympiske vinterleikane i Pyeongchang, som startar 9. februar. Sidan har det vorte stadfesta at Nord-Korea sender 22 utøvarar til OL, og nabolanda vil gå samla under OL-opninga. Førre gong OL vart arrangert i Sør-Korea, i Seoul i 1988, vart arrangementet boikotta av nordkoreanarane.

Tøværet kom etter ein haust prega av ein stadig meir betent situasjon, der både nordkoreanske missiltestar, sørkoreanske militærøvingar og hissig retorikk mellom Kim Jong-un og den amerikanske presidenten Donald Trump har vore ein del av biletet.

– I november var det svært kritisk, sa Tønnesson.

– Militært sett er det også klårt at det kan koma ein krig. Det er heilt klårt at USA har ein detaljert plan for korleis eit åtak på Nord-Korea kan skje, og også har samla store militære styrker i området, forklarte han.

Samstundes meinte han at amerikanarane både vil betrakta eit avgrensa åtak, til dømes for å ramma rakettramper, og eit massivt åtak som for risikabelt.

– Nord-Korea vil ha moglegheit til å øydeleggja store delar av Seoul, og kunne i ein slik situasjon kanskje koma til å bruka atomvåpen. Ein krig ville dessutan gå utover verdsøkonomien, for den ville gå føre seg i sentrum for denne. Både Kina, Japan og Sør-Korea er blant dei leiande produsentane i verda.

Tønnessson peikte også på at USA – sjølv om dei nok ville vinna ein krig frå ein militær ståstad – ville tapa den frå ein politisk ein.

– Eit amerikansk åtak ville blitt fordømt over heile verda, og ikkje minst i Sør-Korea.

Tre forhandlingsspor

Medan Tønnesson ser på ein krig på den koreanske halvøya som lite sannsynleg, meiner han samstundes at det er lite sannsynleg at det vil koma ei forhandlingsløysing. Han nemnde tre forhandlingsspor. Dei fyrste er dei såkalla sekspartsforhandlingane, der begge dei koreanske statane, og dessutan både Japan, Kina, Russland og USA har vore med. Dette sporet vert ikkje fulgt no, og Tønnesson har lite tru på at det vil bli aktuelt igjen med det fyrste.

Det andre er forhandlingar mellom Nord-Korea og USA. Desse er vanskelege, sidan amerikanarane er mest opptekne av å stogga det nordkoreanske atomvåpenprogrammet, medan nordkoreanarane ynskjer forhandlingar på andre område.

Det tredje sporet er forhandlingar mellom Nord- og Sør-Korea. Sørkoreanarane har slik Tønnesson ser det større vilje til å forhandla om ulike spørsmål, men er samstundes låst frå å gå særleg langt i forhandlingane, nettopp av omsyn til sine amerikanske allierte.

Spådomar

Mot slutten av føredraget kom Tønnesson med fleire spådomar om korleis konflikta på den koreanske halvøya vil utvikla seg vidare.

– Eg trur ikkje det vert fleire prøvesprengningar eller rakettestar, sa han.

– Eg tviler også på at det kjem nye sanksjonsvedtak. I staden for kan det koma ei gradvis utholing av sanksjonsregimet, både frå Sør-Korea og frå Kina, men det vil gå sakte, fordi USA vil protestera. Samstundes vil det verta rusta opp i heile regionen, både i Japan, i Sør-Korea, i Kina og – dersom dei har moglegheit til det – i Nord-Korea.

Han meinte også ein avtale er usannsynleg.

– Befolkninga i Nord-Korea kjem til å halda fram med å vera undertrykt og fattig, sa Tønnesson, som omtalte det nordkoreanske regimet som bygd på ein kombinasjon av frykt, samt av ei nærast religiøs dyrking av leiarskapen og samstundes av nasjonalt stolthet.

Felles ishockeylag

– Korea har eit felles flagg, med heile Korea sin silhuett på kvit bakgrunn. Det kartet omfattar også Dokdo, ei lita øygruppe mellom Korea og Japan. Japanarane gjer krav på denne under namnet Takeshima. Nord-Korea og Sør-Korea er heilt samde om at øyene tilhøyrer Korea, fortalde Tønnesson.

Blant dei nord-koreanske idrettsutøvarane som skal delta i vinter-OL er fleire som skal delta på eit felleskoreansk ishockeylag for kvinner, under nettopp dette fellesflagget. Dei skal blant andre spela mot Japan.

– Det blir ein interessant ishockeykamp, og også interessant å følgja med på publikum, sa Tønnesson.