Kristine Aurlien (fløyte), Manna Frøyland ( fiolin) og Kristelle Johnsen (piano) har kome gjennom eit nålauga. Det er berre UiB og Norges Musikkhøgskole som tilbyr musikkterapiutdanning. UiB har 12 plassar – som 58 søkjarar slåst om frå hausten. Foto: Rune Rolvsjord/Uni Research
Kristine Aurlien (fløyte), Manna Frøyland ( fiolin) og Kristelle Johnsen (piano) har kome gjennom eit nålauga. Det er berre UiB og Norges Musikkhøgskole som tilbyr musikkterapiutdanning. UiB har 12 plassar – som 58 søkjarar slåst om frå hausten. Foto: Rune Rolvsjord/Uni Research

Ønskjer seg fleire som desse

Publisert

Pengegåva frå Christian Rieber gjer at flinke musikkterapistudentar tidleg kan koplast til forsking. I åra som kjem, meiner professor Brynjulf Stige at ein treng både fleire studentar og meir forsking.

– Ei fantastisk overrasking.

Slik skildrar Brynjulf Stige, professor ved Griegakademiet og forskingsleiar ved Gamut, pengegåva musikkterapimiljøet fekk førre veke. Christian Rieber valte å gi prispengane frå Christieprisen til unge musikkterapistudentar.

– Eg visste ikkje noko om verken prisen eller gåva før eg sat i salen under Christiekonferansen. Det var ei fantastisk overrasking. Og gåva kjem godt med, seier Stige.

To retningslinjer
Denne veka har den første, nordiske konferansen innan musikkterapi vorte arrangert. På deltakarlista stod både musikkterapeutar, forskarar, studentar – og ikkje minst mange tilsette ved ulike behandlingsinstitusjonar. Nokre av dei har musikkterapeutar i staben i dag, andre vil kanskje få det i framtida. Helsedirektoratet har no lagt inn musikkterapi som behandlingsform i to ulike retningslinjer: For behandling av psykose og for behandling av rusavhengigheit.

– Ei retningslinje er ikkje like rettsleg bindande som lover eller forskrifter, men for helse- og omsorgssektoren er dei bindande gjennom kravet om fagleg forsvarlegheit, sa Brittelise Bakstad frå Helsedirektoratet.

Retningslinjene kjem i ulik styrke.

– I ei sterk retningslinje heiter det ofte «skal» eller «bør» eller «det anbefales». I ei svakare heiter det «kan» eller «det foreslås». Ser ein på det som er sagt om musikkterapi, er det ei sterk retningslinje i behandling av psykose, og ei svakare for rus.

Vil forska meir på rus
Men ein ting er retningslinjene. Kva skjer når dei skal implementerast? Det har dei ulike institusjonane ansvar for.

– Det er ikkje alltid det vert gjort, sa Bakstad.

Helsedirektoratet deler ut pengar etter søknad til implementeringsprosjekt. I 2014 fekk både Kronstad DPS og Uni Research midlar.

– Takk til Helsedirektoratet for at de satsar seriøst på implementering. No må me respondera, sa Stige i sitt innlegg.

Stige meiner at det for det første bør utdannast fleire, og det bør satsast meir på etterutdanning. Samstundes må ein verta samde om kva verdiar ein ønskjer å ta vare på, og kva ein ønskjer å endra. Når det gjeld forsking, har ein i dag gode resultat når det gjeld musikkterapi brukt i behandling av psykiske lidingar. Forskinga på rusfeltet er i gang, men det er så langt ikkje gjort like mange undersøkingar. Forsking på musikkterapi brukt i førebygande arbeid er eit nytt felt, som forskarane så langt ikkje har kome skikkeleg i gang med.

Sommarjobb: Forsking
Forskingsmiljøet ved Gamut, Griegakademiet sitt senter for musikkterapiforsking, er svært internasjonalt. Det har vore heilt naudsynt.

– Faget har vekse så fort i Noreg at me hadde ikkje klart å halda følge forskingsmessig dersom me ikkje kunne rekruttert internasjonalt, sa Stige.

No kan òg studentar verta med i forskingsprosjekt tidleg. Gjennom det ferske Polyfon-nettverket har musikkterapistudentar for første gong fått tilbod om å søkja sommarstipend. Det vert ein slags sommarjobb der dei vert kopla til forskingsprosjekt. Pengane frå Christian Rieber kan mellom anna brukast til dette, meiner Stige.

– Men akkurat korleis pengane skal brukast, vil me diskutera med Rieber.

– Det har vore sagt mykje om private gåver til forsking. Er det berre eit gode? Eller kjenner ein seg fanga?

– Eg skjønar problemstillinga. Me har veldig positive røynsler med dette. Eg opplever at Rieber har respekt for fagmiljøet sin autonomi. Samstundes får eg spørsmål eg har godt av å få, mellom anna om universitetsfaget sin samfunnsrelevans. Me har på ingen måte kjent oss fanga, seier Stige.

Han seier at for musikkterapimiljøet har dei private gåvene gjort mogleg det som er vanskeleg å få finansiert mellom til dømes forskingsrådet eller UiB.

– Det handlar om å gjera utvikling av praksisfeltet mogleg, og kan vera ein så enkel ting som innkjøp av instrument.

Bandet Gatens evangelium vart etablert som ein del av Lars Tuastad (midt i biletet) sitt doktorgradsprosjekt om rocken si rolle i kriminalomsorg og ettervern. No er bandmedlemmene ute av fengsel, men bandet eksisterer endå. Frå venstre Bjarte Stien, Lars Tuastad, Morten Sommerbakk og Sigurd Ekenes. Trommis Geir Akse er skjult på dette biletet. Foto: Rune Rolvsjord/Uni Research