Dommarrobotar kjem ganske snart, trur Jørn Øyrehagen Sunde. Foto: Silje Katrine Robinson
Dommarrobotar kjem ganske snart, trur Jørn Øyrehagen Sunde. Foto: Silje Katrine Robinson

— I dag gir vi jusstudentane den kompetansen dei skulle hatt i 2010

Jussprofessor Jørn Øyrehagen Sunde vil ha robotar både på pensum og i undervisninga

Publisert

Mens robotisering og digitalisering revolusjonerer mange bransjar, noko det var mange døme på under Christiekonferansen mandag. Men ved universiteta er det ikkje robotar som preger undervisninga.

— I dag gir vi jusstudentane den kompetansen dei skulle hatt i 2010, seier Øyrehagen Sunde, og teiknar eit bilete av ein universitetssektor som heile tida heng etter næringslivet.

Planlegg robot-dommarar

Franskprofessor Kjersti Fløttum og Eirik Xiang Nordgård (18) frå Hell Robotics fann kvarandre over ein robot som skal dele ut visittkort. Foto: Silje Katrine Robinson
Franskprofessor Kjersti Fløttum og Eirik Xiang Nordgård (18) frå Hell Robotics fann kvarandre over ein robot som skal dele ut visittkort. Foto: Silje Katrine Robinson

I jussen har store selskap tatt i bruk programvare som lager juridiske avtaler, og fleire prosjekt har innført eller førebur elektroniske avgjerder, altså at datamaskiner gjer jobben ein dommar, nemnd eller sakshandsamar før gjorde. Og draumen om ein robot som følgjer lova blindt og rettvist er minst 300 år gammal.

— I løpet av 2019 ønskjer Estland å utvikle eit dataprogram der partane sjølv legg fram dokumenta sine, før programmet tek den endelege avgjerda. I Frankrike har dei i fleire år hatt eit digitalt konfliktløysingssystem. Der legg dataprogrammet fram eit forslag, før ein jurist tek den endelege avgjerda, fortel Sunde.

Roboten Elsa kan både danse og lage mat, etter å ha fått litt hjelp av Fredrik Løfgren. Men robotar kan òg gjere alle yrkessjåførar arbeidslause i løpet av nokre tiår. Foto: Silje Katrine Robinson
Roboten Elsa kan både danse og lage mat, etter å ha fått litt hjelp av Fredrik Løfgren. Men robotar kan òg gjere alle yrkessjåførar arbeidslause i løpet av nokre tiår. Foto: Silje Katrine Robinson

Mindre, ikkje særleg alvorlege saker kunne bli tatt hand om av slike system, og det ville spare rettsvesenet eller ulike nemnder for titusenvis av saker kvart år.

— På spørsmålet "Får vi dommarrobotar?" er svaret "Ja, det får vi ganske snart", seier Sunde.

Private robotaktørar

Men universiteta er i liten grad kunnskapsleverandørar til denne utviklinga. Robotiseringa der store mengder tekst blir prosessert og nytta som grunnlag for avgjerder er dei store advokatfirmaa og forsikringsselskapa som nyttar seg av.

— Diverre gir vi ikkje studentane våre noko innsikt i dette. Eg trur mindre enn fem prosent av dei er klar over at at robotar er tatt i bruk til slike ting i jussen, seier han.

Han reknar med at universiteta framover vil tilsette professorar i stillingar som kombinerer juss og teknologi.

— Dette gjer òg at universitetet som forskingsorgan må bli meir tverrfagleg, seier han.

— Det juridiske fakultetet på UiB har satsa mykje på digital undervisning. Er de gode nok?

— Om vi samanliknar oss med ander er vi eit føregangsfakultet. Men potensialet er likevel kjempestort, meiner han.

Gode løysingar kan ta raskt over

Digitaliseringa vil prege mange fag framover, trur han, og det kan føre til rask endring i utdanningssektoren. Eit selskap eller ein aktør som set saman alle dei rette virkemidla til å gi den rette undervisninga kan fort verta ein konkurrent til dei eksisterande utdanningstilbydarane.

— Korfor skal det ikkje komme bedrifter eller andre som tek over alle dei digitale løysingane? Korfor skal ikkje Harvard seie til BI at vi sel dykk heile pakken, dersom dei har utvikla det beste produktet, spør Sunde retorisk.

I framtida vil det ikkje halde å ha berre dei rette fagfolka på eit universitet, ein må òg ha de beste teknologiske innpakkinga, meiner han.

No håper han at alle fakulteta ved UiB vil gå tungt inn for digitalisering av undervisninga, og gjere det endå betre enn Det juridiske fakultetet.

— Vi er svært avhengige av å lære av andre, slik at vi òg kan komme oss vidare, seier han.