Kristin Helle-Valle er dagleg leiar ved Litteraturhuset, og stolt over at institusjonen får årets Christiepris. Ho er glad for samarbeidet med UiB, og skryt av leiinga. – Eg har og har hatt eit godt samarbeid med både tidlegare rektor Sigmund Grønmo og noverande rektor Dag Rune Olsen, seier ho. Her saman med nettopp Olsen og Knut Helland, dekan ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet.
Kristin Helle-Valle er dagleg leiar ved Litteraturhuset, og stolt over at institusjonen får årets Christiepris. Ho er glad for samarbeidet med UiB, og skryt av leiinga. – Eg har og har hatt eit godt samarbeid med både tidlegare rektor Sigmund Grønmo og noverande rektor Dag Rune Olsen, seier ho. Her saman med nettopp Olsen og Knut Helland, dekan ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet.

Christieprisen til Litteraturhuset

Publisert

UiB var ein av dei første institusjonane Kristin Helle-Valle tok kontakt med då ho vart leiar for Litteraturhuset. Tysdag tok ho imot årets Christiepris.

– UiB treng å møta menneska som ikkje føler at det er naturleg å gå til universitetet, seier Kristin Helle-Valle.

Helle-Valle er dagleg leiar for Litteraturhuset i Bergen, og tysdag tok ho i mot Christieprisen under årets Christiekonferanse. I juryen si grunngiving vert det peika på at årets vinnar verkeleg gjer det som er meininga med prisen; visa verdien av samhandling mellom UiB og omverda. Juryen legg vekt på at Litteraturhuset har markert seg som ein av dei viktigaste arenaene i Bergen for debatt og meiningsutveksling, og det vert vist til at huset ikkje minst har vore ein viktig arena for UiB. I talen trekte juryleiar Knut Helland òg fram nettopp eldsjela Helle-Valle sitt arbeid med å få på plass eit litteraturhus i Bergen.

UiB lagar eigne arrangement
– Tusen takk, Universitetet i Bergen. Takk for at det såg kva litteraturhuset kunne verta. Kunnskap skal formidlast og delast, for kunnskap er makt.

Det sa Helle Valle då ho takka for prisen.

– UiB var ein av dei første institusjonane eg tok kontakt med. Me måtte ha med oss den kompetansen som finst i kunnskapen og alle dei gode formidlarane. Samstundes trur eg det er viktig at me ligg nede i botnen av gryta, i sentrum. Her kan folk dumpa innom, seier Helle-Valle til På Høyden.

Ho seier at ho håpar Litteraturhuset gir UiB ei kjensle av at dette er ein arena for dei, og at huset kan fungera som ein forlenga arm ut til folk.

– Det kan sikkert vera freistande å bruka dei «faste» professorane, dei ein veit er gode formidlarar. Men det er ikkje berre dei ein treff på Litteraturhuset. Kor finn de forskarane?

– Eg har oppsøkt tilsette ved UiB, anten fordi dei har uttala seg i ei eller anna sak eller fordi eg har fått tips om vedkomande. Men i tillegg har me stor suksess med at miljø på UiB sjølve lagar arrangement på Litteraturhuset. Slik må det vera, me er ikkje mange nok i administrasjonen til at me kan vera ein eigen redaksjon, seier Helle-Valle.

– Me er avhengige av at dei som vil formidla noko òg kjem til oss. Det har mellom anna vore slik at nokon som har fått prispengar har brukt dette til ein serie arrangement her hos oss.

Les òg: Gir Christieprisen til Gamut

Skulderklapp
Julaftan midt på våren. Det seier Helle-Valle når ho vert beden om å skildra kva det betyr å få Christieprisen. Sjølv har ho i tillegg nyleg fått vita at ho får fornya åremålet som dagleg leiar for Litteraturhuset.

–Det viser at me har vorte ein viktig institusjon. Å få prisen er ei anerkjenning og ein skulderklapp, seier Helle-Valle.

Ho legg vekt på at Litteraturhuset ønskjer å vera eit folkets hus, der ein kan treffa kvarandre og snakka saman – med andre ord: Eit hus for debatt.

– Me lever i ei tid med store omstillingar og der det skjer mykje farefullt. Eg trur det er viktig å mellom anna legga vekt på identiteten vår; Bergen og Vestlandet, og legga til rette for større deltaking i debatten, seier Helle-Valle.

Christieprisen er på 250 000 kroner, eit kunstverk og eit diplom.

– Kva skal de bruka pengane på?

– Det er nok av ting me kan gjera meir av, seier Helle-Valle.